Gå til innhold

Skal kurse lærere i Premiere Pro - Forslag?


Anbefalte innlegg

Hei,

 

Jeg og læreren min har blitt enige om at jeg skal holde et lite kurs for MKU lærerne på skolen min. Jeg har snart gått et halvt år på Mediekunnskap, VK1. Jeg lagde for ikke lenge siden en nyhetssending som han ble mektig imponert over, derfor har læreren nå altså spurt meg om jeg kan holde et foredrag for lærerne førstkommende Onsdag. Jeg takket ja.

 

Hvordan skal jeg legge opp undervisningen. Altså hvordan skal jeg gjøre det? Tips? Teknikker? Tar imot alt.

 

Mvh,

Sigurd.

 

:)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ei innføring i det grunnleggjande i Premiere Pro med andre ord? Eg trur eg ville gått gjennom redigeringsprosessen steg for steg, med eit «prøveprosjekt». Kor mykje tid du vil bruke på kvar enkelt del vil avhenge av kor mykje tid du skal bruke totalt, og kva du vil prioritere. Du må og legge det opp etter kor mykje dei kan frå før. Eg kan prøve å setje opp ein slags punktvis plan. Legg den i spoiler heilt til slutt grunna lengda (det vart ein del...).

 

Eg reknar med du har begrensa tid, kanskje berre ein time eller to, so du får truleg ikkje tid til å ta med alt eg nemner. Noko av det er sikkert unødvendig. Samtidig kan det vere sentrale ting eg har gløymd, so du må sjølv bestemme kva du skal ta med, og kor grundige forklaringar du skal gje.

 

Andre (meir eller mindre banale) ting å hugse på:

  • Ha planen klar. Det er vel kanskje dette tråden handler om, men eg seier det likevel. Vit kva du skal seie, og til kva tid. Eit komplett manus er kanskje ikkje nødvendig, men ha gjerne ei stikkordsliste.
  • Snakk tydeleg.
  • Forklar ting på ein forståeleg måte. Ikkje bruk masse engelske faguttrykk som ingen forstår utan å seie kva det er for noko.
  • Ikkje vis ting for raskt. Om du gjer noko du har gjort hundre gonger tidlegare i ditt normale tempo er det langt frå sikkert at alle får det med seg, so å skru ned tempoet nokre hakk kan vere lurt.
  • Vis aktuelle døme på teknikkar. Eg meiner då at du ikkje berre seier «trykk her og dra der for å gjere dette», men set det om mogeleg inn i ein samanheng. Det kan kanskje gjere det enklare å hugse (ikkje at eg er nokon ekspert på læringsmetodar...).

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
  1. Begynn med å opprette eit prosjekt. Om du føler det er nødvendig, forklar forskjellane på dei ulike malane. Sei at det er PAL-prosjekt ein vil bruke, med mindre det er HDV ein filmer med. Og eventuelt nemne dei forskjellige lydmodusane, at det (trur eg iallfall) er best å ta opp med 16 bits lyd, som gjer eit frekvensområde på 48KHz. Eg trur ein kan velge mellom 12 bits og 16 bits på dei fleste kamera. Forskjellen er at ein med 12 bits lagrer eit mindre frekvensområde for lyden, men fire kanalar i staden for to, slik at ein kan dubbe analogt, eller kva ein skal seie. Det er vel litt unødvendig å ha den mogelegheita når ein har PCar.
  2. Det neste steget er å få video inn i programmet. Vis korleis ein overfører frå kamera (hurtigtast for capture: F5) og fortel om «scene detection». So viser du korleis ein importerer materiale frå harddisken, som lyd, bilete og anna video.
  3. So kjem ein til sjølve redigeringa. Vis korleis ein får media ned på tidslinja: Anten ved å dra det rett ned, eller ved å dobbeltklikke so det kjem opp i source-monitoren (den til venstre av dei to), setje inn- og utpunkt der, og anten dra det ned på tidslinja eller bruke ein av dei to knappane nede til høgre (trur eg) for å sende det ned, med insert eller overlay. Det vert då lagt i det aktive videosporet der tidsmarkøren er.
  4. Vise korleis ein flytter klipp, trimmer klipp, deler opp klipp osb. Å bruke dei ulike verktøya i verktøyboksen kan vere lurt å nemne:
    • Nemn bruken av Ctrl for å gjere insert-edit i staden for overlay. (Dra eit klipp, hald inne Ctrl medan du slepp for å forskyve andre klipp til høgre i staden for å legge over.)
    • Barberbladet (Razor tool. Hurtigtast: C) vs. Ctrl + K for å dele klipp.
    • Høgreklikk --> Speed/Duration vs. Rate stretch tool (hurtigtast: X om eg hugser rett) for å endre farten på klipp.
    • Verktøyet med hurtigtast N (har gløymd namnet), som bruker om du vil flytte kuttpunktet mellom to klipp utan å flytte starten til det fyrste og slutten på det andre. Prøv, so forstår du kva eg meiner.
    • Ripple edit tool, eller kva det heiter. Plasser musa mellom to klipp og dra til venstre. Du vil trimme av enden på det fyrste klippet, og flytte alle klippa til høgre etter. (Om eg hugser og har forstått rett, eg har eigentleg aldri brukt det...)

[*]Om du føler du har tid kan du ha eit eige punkt kun for navigering på tidslinja. Tastane J, K og L: Henhaldsvis spel baklengs, pause, spel framover. Trykk fleire gonger på J/L og avspelingsfarta aukar.

 

Ulike måtar å zoome på:

  • + (?/+-tasten) og - (bindestrek-/understrek-tasten)
  • Halde inne shift og scrolle med musehjulet.
  • Dra i den spaken rett over tidslinja, som zoomer med tidsmarkøren som senter.
  • Den slideren nede i tidslinja ein kan dra mellom to figurar av fjell.

Ulike måtar å flytte seg fram og attende i tidslinja på:

  • Home og End
  • Page up og Page down, for å bla mellom kuttpunkt.
  • Scrolllinja nederst.
  • Dra heile den linja eg nemnte under zoom-delen til høgre eller venstre.

[*]Neste punkt på lista vil vere å leggje til tekst. Vis tekstgeneratoren (hurtigtast: F9). Vis malane, og vis kort korleis ein formaterer tekst. Vis rulletekstfunksjonen. (Tips: Ved lange rulltekstar, skriv i notisblokk og kopier inn i PPro. Om eg hugser rett er det ganske upraktisk å skrive lange rulletekstar direkte i tekstgeneratoren.)

 

Du har PPro 2.0 sant? Om du vil kan du nemne at titlane vert lagra som ein del av prosjektfila, og ikkje som eigne filer slik som tidlegare. Skal ein bruke ein tittel i eit anna prosjekt må ein dermed lagre på ein spesiell måte. Hugser ikkje akkurat korleis, men det er sikkert ein stad på File- eller Title-menyen.

[*]Leggje til effektar og overgangar. Vis kvar ein stiller inn innstillingane for effektane, og forklar prinsippet med keyframes. Det var vel noko chroma keying involvert i prosjektet ditt, so ein rask demonstrasjon av korleis ein gjer det kan vere fint.

 

Trur eg ville nemnt det problemet som kan oppstå om ein prøver å leggje til overgangar utan at det er material til det, slik eg har prøvd å forklare her.

 

Om du vil, forklar kva rendring er (trykke enter), og kvifor ein i nokre tilfelle bør/må gjere det.

[*]Lagre eit ferdig produkt:

  • Til DVD frå PPro: Lage meny med malar, eller berre lage ein DVD utan menyar.
  • Til DVD med eit anna program: Eksportere som DV AVI (fjern haka frå Recompress i innstillingane).
  • Til nett: Kanskje greiast med Adobe Media Encoder. Windows Media 9: VBR og 2 pass encoding. Quick Time: H.264 skal vere den beste codecen, men er kanskje ikkje tilgjengeleg om ein ikkje har Quick Time Pro. Sorenson Video 3 er eit anna godt alternativ. Flash gløymde eg nesten, det er jo og eit godt alternativ (som eg aldri har brukt, og difor har lite greie på).

Eg ville nemnt at DV-video ikkje har kvadratiske pixlar, men at når ein skal lagre ein video for nett so bør ein bruke det (kvadratiske pixlar). Nokon mogelege oppløysningar er, for 4:3: 640*480, 512*384, 384*288, 320*240; og for 16:9: 640*360, 512*288, 384*216, 320*180.

 

Om XviD er det ein vil lagre i, so er det kanskje det betre å gjere dette med eit anna program, som AutoGK eller Virtualdub. Ein bruker då ei DV AVI-fil, på same måte som med DVD frå anna program.

[*]Har du tid og lyst, fortel om bruk av Project Manager for enkel sikkerheitskopiering og/eller krymping av prosjekt. Den ligg under Project-menyen om eg ikkje hugser heilt feil. Det ein kan gjere med den er å lage ein kopi av prosjektet som kun har dei videofilene som ligg på tidslinja. Har ein eitt prosjekt der det er mange filer ein ikkje bruker, eller berre bruker ein liten del av, kan dette spare ein del diskplass. I Project Manager-vindauget vil du finne det står Handles. Om du til dømes set denne til 25, vil det på kvart klipp på tidslinja verte lagra 25 frames (1 sekund) før, og 25 frames etter, slik at ein har litt å gå på om ein vil finpusse seinare. Det vert laga heilt nye videofiler, so ein må ha litt plass på disken for å gjere dette.

Lenke til kommentar
Gjest Bruker-95147
Du kan Premier, Lærerne kan pedagogikk...det virker helt åpenbart for meg hvem du skal spørre om hjelp.

 

Dine lærere. De har faktisk gått på skole for å lære å lære bort ting. De kan gi deg modeller og fakta for hvordan man lærer borte kunnskap og tester om den er lært.

 

AKIRA

7466835[/snapback]

 

Det er bare noe tull. Et vellykket felttog vinner du ikke med å spørre fienden hva han vil ha til frokost :p

 

Dessuten er "lærere" så ymse, men ikke "du"...voffvoff

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...