Gå til innhold

Spøkelse-effekt (i Premiere Pro 1.5)


Anbefalte innlegg

Eg har prøvd å få til ein spøkelse-effekt, meir presist eit spøkelse som røyser seg

opp frå den døde kroppen sin. (Ikkje Ghosting altså.)

Det eg gjer er å filme den "døde", og så kutter eg filmklippet opp og legger

den delen der han røyser seg opp igjen over det klippet og skrur ned opacity

til rundt 50%. (på det øverste klippet)

Eg veit ikkje kva feilen er, men liket blir og gjennomsiktig når spøkelset røyser seg opp.

 

Har eg berre eit eksepsjonelt lavt IQ-nivå, eller er det litt snålt?

Uansett, er det nokon som har forslag/råd?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er kanskje det at den øvste videoen dekkjer til den nederste. Etter at liket har reist seg opp vil det vere golv/vegg der han var, og det vil dekkje delvis over videoen i spor 1.

 

Er ikkje sikker på kva som er den beste måten å fikse dette. Du må på eit eller anna vis fjerne den delen av videoen i spor 2 som dekkjer over personen i spor 1, men ikkje fjerne personen. Om du har Photoshop kan du eksportere klippet i spor 2 som filmstrip eller ein bildesekvens, og so teikne over alt anna enn personen med blått e.l. Sekvensen kan importerast inn att i PPro og brukast i staden for videoen i spor 2. Blåfargen fjerner ein med Chroma key. Dette er mykje jobb, men hugs at det kun er der personen ligg (i video 1) du treng å farge over med blå.

 

Eller so kan det vere du klarer tilnærma noko likt med keyframing av 16-point garbage matte, men eg tviler på at det vert like bra. Om du tilfeldigvis har After Effects kan du bruke ei maske. Kanskje litt mindre jobb enn PS-metoden.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...