Gå til innhold

Premiere Pro 1.5


Anbefalte innlegg

Jeg har vert så "dum" å invistert i Premiere Pro 1.5, jeg trodde det var mer likt 6.5 som jeg kan ganske godt. Men uansett er det en muliget for å få rubber bandene man hadde i gamle premiere for å justere lydvolum og video-transparency i premiere pro?

 

edit:

fannt ut hvordan jeg gjorde det uten rubber band, men vil fortsatt vite om det går annt å få frem rybberbandene på premiere pro

Endret av Blaster2k
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Den enklaste måten å fade ut eit bilete (eller lyd) på er å legge på ein cross dissolve (er ikkje sikker på om lydovergangen heiter akkurat cross dissolve) på slutten av klippet.

 

Ein annan måte er å merke klippet og gå inn i Effect Controls. Her er det nokre faste effekter, i tillegg til dei du måtte ynskje å leggje til. Dei er Motion(tilsvarande det gamle Transform-filteret), Opacity og, om du har med lyd på klippet og, Volume.

For å fade ut eit klipp, legg til ein keyframe der du vil byrje fadinga, og ein på slutten (For å leggje til keyframes må du trykkje på den vetle knappen mellom dei to små pilene rett til høgre for mini-tidslinja i EffectControls). Når du har gjort det, velg den siste keyframen, og juster Opacity (eller Volume for lyd) ned til 0 (dra slideren heilt til venstre).

 

Den tredje måten er omlag den same som rubberbands, men litt meir komplisert:

I tidslinjevindauget, utvid det video-/lydsporet som inneheld det klippet du vil fade ut, ved å trykke på pila ved namnet på sporet (t.d. Video 1).

Trykk so på den knappen like under namnet på sporet. Her kan du velje om du vil vise "Keyframe Handles" eller Opacity Handles" ("Clip Volume" for lyd). Velg det siste. På den nederste halvdelen av klippet vil du no sjå ei grønn linje. Velg penn-verktøyet (hurtigtast P). Når du no trykker på den grønne linja med pennen, vil du lage ei keyframe. Om du lager ei der du vil byrje fadinga, og ei heilt på slutten av klippet, kan du dra den siste keyframen ned, på same måte som med rubebrbands. (Du treng ikkje nytte pennen for å flytte på keyframes, berre lage dei. Du kan nytte vanleg musepeikar (hurtigtast V) for å flytte dei).

 

Håper det hjalp. Lukke til!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...