Gå til innhold

Filminsentivordningen, behov for endringar?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Leser i NRK om insentivordninga som er innført for å støtte film- og serieproduksjon i Norge.

Dette er ei ordning som vi brukar 67 millionar på, og er basert på at produksjonsselskap etter søknad kan få refusjon på inntil 25% av pengane dei bruker i Norge.
Den norske filmbransjen ønsker at ordninga må bli enda betre, og reiselivsnæringa støttar sjølvsagt opp i håp om at ordninga også bidreg til auka turisme.

Formålet med ordninga er primært for å fremme norsk kultur, historie og natur, og sekundært for å støtte den norske filmbransjen. Serien The Last of Us benytta seg av ordninga ved å la eit norsk spesialeffekt studio ta delar av etterarbeidet med digitale effekter. Storfilmen Mission Impossible har også nytta seg av ordninga mellom anna ved å filme på Preikestolen (scener som i filmen var lokalisert i India).

Eit av argumenta frå norsk filminstitutt for at vi må ha denne ordninga er at pengane som blir brukt i Norge kjem norske skattebetalarar til gode, som sjølvsagt stemmer godt. Sjølv om at produksjonsselskapet får tilbakebetalt 25% av pengane dei har lagt igjen i Norge så er det fortsatt 75% av pengane som har komt norske bedrifter til gode, som hoteller, catering, bussjåførar, og alt som høyrer til ein stor film produksjon.

Mitt store spørsmål er om det er slik at denne endringa må forbetrast, og deretter om ordninga kan innførast på anna vis?
Min fyrste tanke er at dersom ein vil støtte opp om den norske filmbransjen så hadde det enklaste tiltaket vært å gi filmbransjen momsfritak direkte. Då hadde prisen på å leige inn norske filmfolk i Norge blitt 25% billegare med ein gong og utan usikkerheita som er knytt til å få innvilga søknaden. Om ein vil sikre litt økonomisk kontroll så kunne ein innført redusert moms for slike tenester, som f.eks. 5% moms.
Eg ser absolutt poenget i å bruke pengar på kultur, og det å gjere norske skodespelarar, sminkørar, og folk som jobbar med spesialeffektar billege nok til at dei blir brukt er nok ei forutsetning for å at nokon i Norge kan ha dette som yrke i ein bransje som er så internasjonal.
Det eg er meir skeptisk til er i kva grad vi får noko særleg tilbake ved at eit stort filmstudio filmer nokre scener i Norge. Det er ikkje akkurat som at vi har fått veldig stor turisme til Finse etter at nokre scener i Star Wars emperiet slår tilbake vart filma der for snart 50 år sidan.

Eg skjønner likevel godt at det kan være kjempegod norgesreklame når storfilmar heilt tydeleg er filma i Norge, og det går klart fram kvar i filmen. Som i HBO serien Succession der det går klart fram at vi også i Norge har spektakulære hotell. Men den reklameeffekten blir fort redusert når dei i filmen eller serien ikkje seier at dei er i Norge, for det kan ikkje være veldig mange som er så filmopptatte at dei gjer research på eksakt kvar ulike scener er filma? Tsjekkia er mykje brukt film-lokasjon på grunn av støtteordningane der, men det er berre eit fåtal av filmane som seier at dei er i Tsjekkia, stort sett er Praha berre ein stand in for heilt andre byar som det hadde vært dyrare å filme i.

 

Så er dette ei ordning vi fortsatt bør ha i Norge? Og om vi skal ha ordninga, kor mykje pengar må vi bruke på ordninga for å sikre oss dei store internasjonale filmproduksjonane?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...