Greg95 Skrevet søndag kl 17:40 Skrevet søndag kl 17:40 Hei, fikk tilbud om ny jobb som inngår skiftjobb, aldri jobbet skift å da spørsmålet er hva er forskjell mellom 5skift og 6skift?
The Avatar Skrevet mandag kl 12:43 Skrevet mandag kl 12:43 Dette kan variere. Det finnes fleire måtar å organisere arbeidet på som kalles 5 skift. Det kan bety at arbeidet er delt inn i fem bolker der du jobber ei veke dagtid, ei veke kveld, ei veke fri, ei veke natt, og ei veke fri, før du starter på nytt med ei veke dagtid. I denne samanhengen er det 5 skift fordi det er ein rotasjon der du har samme arbeidstid berre kvar femte veke. Men det kan også bety at du jobbar fire veker med kveldsskift og så har fri den femte veka før det er nye fire veker med kveldsskift. Eller dersom det er ein arbeidsplass der ein jobbar alle sju dagane i veka så kan det ei 5 skift ordning medføre at ein deler inn dagane i fem ulike skift slik at du på ei slik ordning jobbar til dømes kvar femte søndag. Kort sagt så må du forhøyre deg om korleis skiftarbeidet er organisert der du fekk jobbtilbodet. Om dette er ein jobb i ein bedrift med tariffavtale så kan du sjekke opp i aktuell tariffavtale om det der er definert ei skiftordning, om ikkje så må du være klar over at det ikkje finnes ein fastsatt definisjon på kva som er 5 skift arbeid. Det du i alle fall må finne ut av er om skiftordninga også innbefatter nattskift og/eller helgearbeid. Nokre stadar er det skiftarbeid 365/24/7, andre stadar jobbes det berre måndag til fredag frå 07 til 23. Sjølv om det er berre arbeides 16 timar per dag så kan det være store forskjellar på korleis skifta er organisert, nokre stadar er det berre to skift med enten dag eller kveldsarbeid, andre stadar så er det tredelt der nokon startar tidleg, nokon midt på dag og nokon til kvelden slik at det stadig overlapp av tilsette på arbeidsplassen. Måten ein roterer mellom dei ulike skifta kan variere, typisk at du jobber ei veke i gongen på samme tidspunkt eller at du rullerer frå dag til dag. Kva skiftordning som er mest gunstig er ofte høgst individuelt. Nokre vil helst jobbe intensivt med lange perioder med fri, andre vil helst ha hyppige men kortare friperioder.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå