Gå til innhold

Spørsmål om funksjonalitet i gamle (Mamut) daTax Totaløkonomi


Anbefalte innlegg

Eg lurar på om det er nokon her som brukar (Mamut) daTax Totaløkonomi enno trass i at det er eit utgått produkt? Eventuelt om der er nokon som kjenner dette såpass godt frå "gammalt" av at de veit svaret på spørsmålet mitt. :)

(Viss nokon skulle lure på kvifor eg brukar eit produkt som vart teke ut av drift i 2017 så er det rett og slett av di eg ikkje har funne noko anna produkt som dekkjer alle mine ynskje i høve til både privatøkonomi og enkeltmannsføretak, samt at eg ikkje vil ha desse skyløysingane som "alle" synest å skulle prakke på ein i dag.)

Det eg lurar på er fylgjande: I kontoplanen kan ein setje konti som aktive eller inaktive. Når dei er inaktive så forsvinn dei som forventa frå kontoplanen. Det eg ikkje heilt skjønar er kvifor inaktive konti ikkje forsvinn frå nedtrekksmenyane under bilagsføring? For min del er dette noko av det største poenget, då eg har ein god del inaktive konti som eg ikkje ynskjer å bla gjennom kvar gong eg skal føre eit bilag.

Så vonar eg det er nokon fleire her som er like gamle/sta som meg og kan hjelpe meg med dette. :laugh:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...