Gå til innhold

KOMMENTAR: Fysiske krav i politiet kan hindre rekruttering av datahoder


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Er i prinsippet enig i at dei fysiske og mentale krava for å kome seg inn på politihøgskulen utelukker personar som kunne vært ein kjemperessurs.

 

Det er heilt på sin plass å ha inntakskrav, har du to søkarar med like karakterar så bør normalt den sprekaste få jobben.

Men har du gode kvalitetar på eit felt så burde det kunne gjere opp for manglar på andre felt.

 

Typiske eksempel på svakheiter med dagens opptakskrav er at dersom du f.eks ikkje kan svømme så kan du ikkje bli politi, dette til tross for at det er ikkje veldig ofte politiet befinner seg i situasjonar der dei må være gode å svømme. Og i praksis så er det stort sett for kaldt i vatnet til at politiet kan fungere særleg lenge i vatnet utan tilpassa utstyr (og når vi snakker om utstyr så er det ikkje heilt enkelt å svømme med fleire kg utstyr hengande i beltet heller).

Svømmeferdigheiter burde klassifisere som kjekt å ha ferdigheiter, ikkje absolutte må krav.

 

Andre eksempel er at vi har mange eksempel på at f.eks. kvinner som ofte ikkje er store og sterke nok til å kunne bryte ned ein kriminell ofte tek igjen med ei emne til å snakke ned gjerningspersonen utan bruk av makt.

I dagens trusselsituasjon så er det kanskje meir realistisk å tenke at målet for politiet skal være å løyse konflikter utan bruk av makt, og dersom makt må brukast så er ein vell i dag meir og meir over på bruk av skytevåpen.

 

 

I forhold til IT-bransjen så er nok den enklaste måten å få IT-folk inn i politiet ved å kopiere løysninga som i dag eksiserer med politijuristar. Altså at ein kan utdanne seg til jurist, og deretter få jobb i politiet med politimyndigheit.

Det burde ikkje være stor forskjell på at ein jurist kan jobbe i politiet og utdøve sin politimyndigheit frå kontoret sitt, kontra at ein med IT-utdanning kan sitte på sitt kontor og utdøve politimyndigheit på sitt fagfelt.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Hvis politiet skal opprettholde "steinalderpraksisen" sin med masse fysiske tester og andre krav, som å gjennomføre deres 3-årige (svært praktisk anlagte) bachelor for å kunne jobbe med cyberkrim, er jeg stygt redd for at denne avdelingen blir tragisk underbemannet og inkompetent i forhold til de cyberkriminelle. Dette er etterforskere som aldri skal trenge å kjøre med blålys, eller pågripe noen fysisk. Til det kan de sende dem som har tatt den fysisk krevende politiskolen, i god 1950-stil. 

Faktisk burde man omskolere folk med lang erfaring innen IT-sikkerhet, med et kortere kurs for å bli "cyberdetektiver" for å få noe fortgang i opprustningen mot cyberkriminalitet. Men, de (Politihøgskolens styre) liker vel å holde på de gamle kjepphestene sine noen år til. Lykke til sier jeg bare. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Mitt klare inntrykk av politiet er at ein har ein filosofi om at det viktigaste er å utdanne ein god politibetjent, deretter kan denne politibetjenten tilegne seg spisskomptetanse gjennom erfaringsarbeid i det feltet ein skal jobbe med.

 

logisk sett så må det vell være enklare å tilsette ein person med IT-ekspertise og deretter kurse denne persjonen på politihøgskulen til IT-eksperten har nok politifagleg kompetanse? 

Det må vell være mykje vanskelegare å finne ein god politimann som også kan bli god IT-mann? For kor mykje politifaglegutdanning treng ein eigentleg for å etterforske cyberkriminalitet?

 

Dette gjeld forøvrig heller ikkje berre for IT, andre områder som rus/psykiatri, etterforskning av brann/bomber, trening av politihundar, osv følger også lik framgangsmåte. Fyrst skal ein være utdanna politibetjent, deretter skal ein sjå om kandidaten også er brukandes på andre fagområder.

 

 

 

Eit heilt anna poeng er at det virker svært rart å skulle ha strenge fysiske og mentale krav for å kome inn på politihøgskulen, men når ein fyrst er inne og etterkvart får seg jobb i politiet så er det ingen som stiller krav om at ein skal halde seg i god form.

Det har vell ingen relevans at den smålubbne politibetjenten i 40 åra klarte å løfte 60 kg i benkpress for 20 år sidan, om ingen stiller krav om at han også må kunne prestere tilsvarande i dag.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...