Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Office-pakke som skaper problem?


Anbefalte innlegg

Eg slit litt med den berbare PC-en min for tida. Fleire gonger om dagen så får eg blåskjerm (DPC_WATCHDOG_VIOLATION) og må starte på nytt. Eg lurar på om dette kan ha ein samanheng med Office-pakka, for eg har fått fleire meldingar om at "Programmet OUTLOOK.EXE er blokkert for tilgang til grafikkmaskinvare" (samt tilsvarande for WINWORD.EXE). I tillegg så ser eg rett som det er grafiske forstyrringar i skjermbileta i Office-programma (det går stort sett i ljoseblå felt/strekar rundt ikring i skjermbiletet).

 

Eg er redd for at eg kan han eit mekanisk problem ein plass, for under speling av dataspel så har eg av og til sett at eg får forstyrringar i biletet som forsvinn når eg riklar litt på skjermen. Eg veit ikkje om her er ein samanheng, men eg tykkjer det er noko mistenkeleg.

 

Eg har søkt ein del på DPC_WATCHDOG_VIOLATION, og så langt eg kan skjøne så er dette ofte knytt opp mot installasjon av ny maskinvare og/eller nye drivarar. Eg har ikkje gjort noko av dette i nærleiken av den tida då problemet oppstod.

 

Eg køyrer Windows 10 Professional og Office 2016 (via Office 365). PC-en er ein Multicom Kunshan W155 frå 2011, med GeForce GT 555M samt innebygd Intel-grafikk.

 

Kva trur de, er de einige med meg i at det er stor sjans for at det begynner å verte noko feil med grafikkmaskinvaren? PC-en er nokon år gammal no, som sagt. Eller har de nokon andre idear?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...