Gå til innhold

Olympus 35 SP - Mitt nye leiketøy! :D :D


Anbefalte innlegg

Eit meir eller mindre perfekt svart Olympus 35 SP!! Måtte ut med 1900,- for det, men det er ikkje så gale. Det er heilt fantastisk å bruka. Når eg dreg fram filmen for eksponering, høyrer eg ei fjør som vert spent inni der. Når eg endrar lukkartida, høyrer eg små tikkelydar, som med stor presisjon avgjer kor lenge lukkaren er open. Dette er eit kamera med sjel!

 

 

6777823427_24e565eaba.jpg

Front by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

 

 

6777820013_12a22d778c.jpg

ASA dial by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

 

 

6777815483_4748423920.jpg

Back by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

 

 

6777802531_6bd9d1e177.jpg

Front 2 by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eksakt årstall for akkuratt dette kameraet veit eg ikkje, men dei vart produsert frå 1969 og fram til omlag 76. Det har eit særs bra G.Zuiko 42mm f/1.7 obejektiv, 7 element i 5 grupper. Skal vera veldig skarpt med gode kontrastar. I tillegg er dette det fyrste (aller fyrste) kompaktkameraet som kom med både "vanleg" evaluerande og punktslysmåling. Med lukkartider frå 1 sekund til 1/500 dels, samt B, og ASA frå 25-800 (tredjedelssteg). Kom i både blank og svart versjon. I vindauget les ein av ein "EV-verdi" (exposure value) frå 3-17 (ASA 100), altså 14 trinn. Dette er ein del fleire enn andre rammesøkarar (eller kva ein no skal kalla "rangefinder" på norsk). Dette er også litt "gamaldags". Ein les av denne verdien i søkaren, justerer lukkartid og blendar slik at ein tilsvarande verdi står i ei lita "luke" på objektivet. Ganske enkelt og greit, litt som ein ekstern lysmålar.

Dette kameraet vert rekna som eitt av dei aller, aller beste i sin sjanger. Kom med to lysmålingssystem før store merke som Leica.

Det er også heilt mekanisk dersom ein ser vekk ifrå lysmålinga. Fullt brukbar utan batteri, men då må ein ta lysmåinga med anten anna apparat, eller eksponera etter erfaring. Her er også ein "hot shoe" for bilts, samt PC kontakt.

 

 

Som dei fleste kameraet frå sin tid, er det særs godt bygd. Nesten berre metall, her. Sjølve prinsippet bak fokuseringa er elegant, og fungerer med god nøyaktigheit på vidvinkel til normalobjektiv. På litt lengre brennvidder vert det litt unøyaktig. I tillegg, sidan ein ikkje komponerer gjennom obkektivet, men gjennom eit anna vindauge, må ein passa på å kompensera for parallaksefeil. Her er ei nærgrense på 85 cm.

 

Det var vel stort sett alt eg veit om det, haha :) Og ja, ein kan ikkje byta optikk på dette. Det er sikkert mogleg å få tatt objektivet av og få på eit anna dersom ein leverer inn til spesialistar, men ein kan vel trygt seia at det ikkje er "meininga" ;)

Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...

Har fått tid til å bruka det litt, no :) Fryktelig artig! Det går stort sett i knipsing av venner og famillie, samt litt street når eg har moglegheita. Framkaller sjølv, men er ikkje heilt stødig i det endo. Veldig givande måte å ta vare på gode stunder med venner på :):thumbup:

 

Har i etterkant skaffa meg eit Yashica Lynx 14 ;) Dette må ein liten tur innom Antonio Stasi i Bergen for ein liten reparasjon på lukkaren. Eg fekk det billig, så det er absolutt verdt pengane. Ser veldig fram til å få bruka det :)

Endret av kjikvadrat
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...