Gå til innhold

Sjå her om Steam ikkje vil installere Skyrim frå DVD-en!


Anbefalte innlegg

Skyrim bruker Steamworks, som vanlegvis ikkje byr på nokon form for problem om ein vil installere frå disk (som ein t.d. har kjøpt i butikk). Skyrim er litt kranglevoren på dette, og har ein tendens til å ville sette i gang ein nedlasting på 6GB sjølv når du ber Steam om å installere frå CD-en - ikkje ideelt om grunnen til at du kjøpte på disk var tregt nett.

 

Men dette kan me fikse!

 

Om du ikkje har installert Steam i Programfiler ELLER har XP:

 

1. Pause nedlastingen av Skyrim, høgreklikk og trykk Delete Local content.

2. Høgreklikk på Skyrim i Library-lista, vel Properties og skru av Auto-oppdatering.

3. Lukk Steam (heilt).

4. Åpne "Kjør..." (Windowskey + R)

5. Skriv: "C:\Program Files\Steam\Steam.exe" -install E: - der du byter ut den første pathen med Steam-installasjonen din, og bokstaven etter -install med den til DVD-drevet ditt

6. Trykk enter for å opne Steam igjen

7. Start installasjonen frå disken som vanleg

 

Om du har installert Steam i Programfiler og har W7/Vista:

 

Metoden over er i teorien god, men - som eg oppdaga - du får ikkje køyre direkte frå Programfilar utan spesialtillating, og du får ikkje køyre "Kjør" direkte som administrator. I staden:

 

1. Følg trinn 1-3 over.

2. Finn Steam-installasjonen din, og lag ein snarveg til Steam.exe på skrivebordet

3. Høgreklikk på snarvegen, trykk på fanen "Kompatibilitet" og vel "Kjør som administrator"

4. Framleis på same høgreklikkmeny, vel "Snarvei"-fanen

5. Under "Mål:", legg til (mellomrom) -install E: (eller kva enn bokstaven din for DVD-drevet er) på slutten, trykk "Bruk" og "Ok"

6. Start Steam frå snarvegen - du vil få ein del UAC prompts, og Steam vil gje deg ei åtvaring om at det ikkje er tilrådd å køyre Steam i noko anna enn defaultmodus. For å teste merksemda di, må du her trykke "Avbryt" for at Steam faktisk skal starte

7. Start installasjonen frå disken

 

 

Når den er ferdig med diskinstallasjonen (10-20 minutt, avhengig av kva for ein HDD du har), vil spelet laste ned ein patch på rundt 200 megabyte. Det er til å leve med.

 

 

Takk til TESNexus-foruma.

 

Edit fordi eg ikkje kan telje. :p

Endret av Zealuu
  • Liker 5
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

1. metode funker for meg, bortsett fra at meldinga om at serverane er overbelasta dukker opp halvveis inne i prosessen med klargjøringen av filer.

 

Jaja, får laste ned spillet da, men det gode intrykket mitt av Steam har blitt drastisk redusert. En skal kunne klare å se til å gjøre slik at kunder kan få spille spillet de har kjøpt.

 

Blir litt irritert.

Lenke til kommentar

Dette med "servers are too busy to handle your request" trur eg skjer uavhengig av om du prøver å laste ned eller installere frå disk, når det først skjer (siden det skjer under klargjeringa). Om det først virker, så vil eg tru at DVD-en framleis er eit raskare alternativ.

 

Godt mulig, men burde vel komme igjennom nåløyet etter rundt 20 forsøk.

Lenke til kommentar

Dere som sliter med server busy: Åpne steam og trykk på "Steam" øverst i venstre hjørne. trykk deretter på settings. Inne på settings går du til "Downloads + Cloud". Under Download Region så bytter du til en annen region. (Jeg kom inn på første når jeg valgte "US - Boston"). Når dere har gjort dette vil steam restarte seg. Etter at steam restarta så gjør dere sånn som det står i posten til Zealuu

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Herreguud! Tusen takk Bjoolz. Hadde sikkert prøvd 50 ganger. Med Regionbyttetrikset ditt funka det med en gang!

 

Edit: og der lastes patchen ned med en fart på svimlende 30 kb/sec. haha, skal si Steam får kjørt seg i dag. Kjenner folk som har lasta ned piratversjonen og spilt i flere timer allerede. Synd slik skal gå utover de som har kjøpt spillet. Skjerpings !

Endret av ostesaks
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...