Gå til innhold

Elkjøp lovet å låse opp telefonen, men gjorde ikke dette, hvilke rettigheter har jeg?.


tharshan

Anbefalte innlegg

Hei

 

Eg leverte inn ein telefon, Sony Ericsson Xperie XP10 pro, der mønsterkoden hadde slått seg vrang. Hadde tasta inn feil 3 gongar, men likevel påstod telefonen at eg hadde tasta inn 20 gongar feil. Eg huska heller ikkje sikkerheitspassordet mitt for låse opp telefone.

 

Eg tok med telefonen til butikken og forklarte kva som hadde skjedd. Dette skulle dei sjå på og sende vidare. Fekk seinare telefon om at det var funnet ut av at touchen er skada, og det er brukerfeil. Det var funnet et lite hakk på det, og dette hakket har eg riktignok ikkje sett sjølv enda. Dei ville ha 800,- for å fikse dette. Dette ville eg ikkje og lurte på om dei kunne fikse kun kodelåsen, slik at telefonen vart åpen igjen. Joda, dette kunne dei fikse gratis, men hvis det skulle skje igjen, ville dei ikkje gjere dette gratis. Det var en avtale. Fekk vidare beskjed om at eg ville få telefonen iløpet av ei veke.

 

Igår fekk eg melding om at telefonen var ankommet. Eg henta ut telefonen, og spurte han som gav meg telefonen om telefonen var åpen igjen. Han sjekka på dataen og sa ja. Men når eg testa telefonen, så var den fortsatt låst. Eg gjekk tilbake og spurte om kvifor den ikkje var reparert. Han sjekka på dataen og sa at touchen fungerte ikkje og derfor hadde dei ikkje reparert den på grunn av at touchen ikkje fungerte. Eg beviste der og då at touchen fungerte fint, og han som stod i skranken såg det også.

 

Til slutt sa mannen over skranken at teknikkeren på verkstedet ikkje vil låse opp telefonen uten at eg betalar for å fikse touchen. Dette meinar eg er heilt feil i og med at vi vart enige over telefonen om at dei ville fikse låsen gratis. Eg meinar sjølv at touchen har ingenting med fiksing av låsen å gjere. For han eg leverte telefonen til sa at alt på telefonen blir sletta. Eg har nå tatt med produktet heim og er svært skuffa og meinar at eg har fått feil behandling.

 

Eg har ringt til elkjøp sin kundeservice og dei meinar det same. Når verksted har gjort avgjerselen, er det lite dei kan gjere med det.

 

Spørsmålet mitt er då enkelt. Dei lovde meg å fikse låskoden, burde dei ikkje gjere det då. Evt. så skulle dei ha kontakta meg før telefonen vart sendt ifrå verkstedet om at dette ikkje var gjennomførbart. Sjølv meinar eg at dette er fult gjennomførbart. Telefonen er trossalt kjøpt i mars-april.

 

Har eg fått rett behandling?

 

NB! Det er ikkje første gongen eg opplever problem med Elkjøp. Sist gong for ein månad sidan der skjermen på min LG optimus X2 begynte å flimre. Når dei fekk den på verksted sa dei at telefonen er vannskada. Det finst to indikatorar i telefonen som skiftar farge ved fukt. Eg meinar her også at indikatoren har ingen funksjon. Eg fekk erstatning gjennom forsikringa mi på denne. Samtidig som dei ringte ang. andre telefonen min, så fortalt han at det skal ikkje meir enn ein dråpe vatn for å konstantere at telefonen er fuktskada. Så det er på ein måte å bekrefte at det er indikatorer. Men det er synsing frå mi si side.

 

 

Posta på feil plass. Kan nokon slette tråden?

Endret av tharshan
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Gjest Slettet-IBL5Pam9QB

Nå trenger du strengt tatt ikke å levere inn telefonen til verksted for å låse den opp. Det er rett og slett bare å oppdatere eller reinstallere software på telefonen via PC.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...