Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Finne spesifikasjoner via gammelt firesifret registreringsnr


Revox

Anbefalte innlegg

Heisann.

 

Jeg driver å kikker etter en veteran VW Boble om dagen og har funnet en som virker interessant. Men det var lite informasjon å hente fra selgers annonse så tenkte jeg skulle slå opp skiltnummeret hos mekonomen. Normalt fungerer dette veldig godt for vanlig registreringsnummer men ikke for gamle firesifrede.

 

Er det noen som vet hvor jeg kan søke på slike gamle registeringsnummer for å finne ut av hva slags motor etc som sitter i bilen?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Er det noen som vet hvor jeg kan søke på slike gamle registeringsnummer for å finne ut av hva slags motor etc som sitter i bilen?

Det kan du ikkje. Fram til i 1972 var det ikkje "ein bil - et reg nr", som i dag, kor skiltet fylgjer bilen frå han kjem til Noreg, til han vert spiker. Då var det heller ikkje noko sentralt register, slik som i dag. Registeret vart ført i kvart lensmanns-/politidistrikt for dei bilane som høyrte heime der, og selde ein bilen til ein person som budde i anna distrikt, så kom bilen i DET registeret i staden, og kunne like godt få eit ledig nummer der som det han hadde under førre eigar (då skrudde ein fysisk skilta av bilen, ved eit bilsal, og det var opp til kjøpar om han ville få skilta med frå der seljar budde eller få eit sett nye på sin heimplass). Selde ein over fylkesgrense, ja så fekk bilen alltid nye skilt, for då skulle "fylkesbokstaven" skiftast, til dømes frå K til O, om bilen vart seld frå VestAgder til Bergen (eige fylke då). Då var nemleg ikkje prinsippet at "bil med DK er fyrstegangsregistret i Oslo", men "bil med A har eigar busett i Oslo, nett NO".

 

På gamle bilar MÅ du fysisk ha tak i vognkortet for å finna tekniske data. Vognkorta kunne og godt innehalda "mindre viktige feil" den tida dei vart skrivne på skrivemaskin, altså til langt innpå 1970-talet.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...