Gå til innhold
Spørsmål om helse? Still spørsmål anonymt her ×
Husk at de som svarer ikke nødvendigvis er helsefaglig personell. Ta kontakt med fastlege ved bekymringer!

Plager med dårlig hørsel


skylinepower

Anbefalte innlegg

Etter mange år med headsettbruk merker jeg samt får høre jeg har dårlig hørsel.

Dette er noe som nå begynner å plage meg for må ofte si "he"

Blir lei av og si det i lengden.

 

Det jeg lurer på er om det finnes noen muligheter for å få bedre hørsel?

Skal slutte å ha headsett på.. for er for fristet til å ha på maks lyd.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det er desverre ingenting å gjere med det. Med mindre du vil bruke hørselsapparat. Er hørselen først svekka så får du den ikkje tilbake igjen. Det beste du kan gjere er å unngå at det blir verre. Gå gjerne til legen og ta ein hørselstest for å få ein sjekk på korleis du ligg an. Du bør ikkje være forkjøla eller på andre vis tett i nasesystemet når du tar hørselstest. Optimalt er å ta det etter å ha hatt 7-12 timar utan støy, gjerne tidleg på dag etter ei natt søvn.

Lenke til kommentar

Det du kan prøve er å skylle øyrene. Las ein tråd her på forumet tidlegare om ein som skylte øyrene for voks og merka stor forbetring på hørselen. Verdt eit forsøk. Legen sjekker ofte om det er øyrevoks før ein tar hørselstest.

 

Du kjem neppe til å slutte med headset eller pluggar, så det er nokre tak du kan ta for å unngå at det blir verre. Det mest sjølvsagte er naturligvis å ha lågare volum. Ein anna sak er lydisolering. Pluggar med skumproppar, tette headset, headset med støykansellering osv. er veldig greit. Ved å stenge ute bakgrunnsstøy kan du ha lågare volum utan at det går ut over opplevelsen. Eit problem med tap av hørsel er at jo dårlegare ein høyrer, jo høgare skrur ein opp volumet. Då er du inne i ein ond sirkel.

 

Kvaliteten på elementene er og ein faktor. Jo betre kvalitet det er på lyden, jo mindre er behovet for høgt volum. Eg har hatt ein del høgtalere, headset og proppar gjennom årene. Det eg opplever er at jo betre lydkvaliteten som kjem ut er, jo lågare volum har eg. Ved bruk av dårlegare sett er tendensen ofte at ein skrur opp volumet for å få meir trøkk og overdøyve dei delane av frekvensspekteret elementene ikkje spelar godt nok. Det er nok ikkje bevisst, men det er ofte sånn.

 

På jobben min er det mykje støy, så eg er veldig opptatt av å bruke riktig hørselsvern. Det er noko eg har tatt med meg på fritida og. Hørselstap er noko dei fleste ikkje legg merke til. Det er sjølvsagt eit naturleg tap når ein blir eldre, men kor mykje det går ned avhenger av kor mykje støy ein har blitt utsatt for. Du merkar ikkje nødvendigvis noko i ung alder, men etterkvart som ein blir eldre vil hørselsskader ein har blitt påført i ung alder bli veldig merkbare.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...