Gå til innhold

ny skulebærbar universitet (ca 14", ingen speling, maks 10k)


Anbefalte innlegg

Dersom du ikkje vil lese eit "langt" innlegg kan du hoppe til slutten av innlegget der ei oppsummering står over kva eg ynskjer meg.

 

Om i underkant av tre måneder er det studiestart (universitet), og eg har no starta å leite rundt på marknaden etter aktuelle maskinar. Har til no hatt ein HP 6715b som har vore eit trufast irritasjonsmoment dei siste 3 åra på vidaregåande. Ikkje det at den har falle frå kvarandre, slik mange andre sin har, men det er noko der eg ikkje kan setja fingeren på som gjer meg misnøgd med byggekvaliteten. Då det i tillegg trengs kalender for å måle tida det tar å opne Word trengs det utskifingar.

 

Sidan eg ikkje er særskild oppdatert på kva som skjer på bærbarfronten i dag søkjer eg kyndig(!) hjelp for å få best mogleg PC for pengane!

 

Krav:

  • Solid byggekvalitet, skal overleve minst tre år med sekk
  • God skjermoppløysning (skal truleg programere ein del og vil ha størst mogleg arbeidsflate på reis)
  • Vekt (helst under to kilogram, men noko over er ikkje eit problem)
  • Har plan om å setja inn SSD etter innkjøp, så ikkje tenk på harddiskstorleik ;)
  • Pris rundt 10 000 NOK, helst litt under men eg kan strekkja meg lenger dersom det er naudsynt.
  • God batteritid

 

Bruk:

  • Programmering
  • Diverse matematiske program, t.d. Maple
  • Anna vanleg bruk; t.d. tekstskriving og internett

 

Spesifikasjoner bør vera i dette området:

  • Prosessor med litt "saft i"
  • 4 GB ram
  • Windows 7
  • Harddiskstorleik er uvesentleg
  • Skjermkort treng ikkje vera betre enn integrert

 

Til no i livet har eg berre hatt Windows-baserte PC-ar, men tida er komen der Mac med dualboot freistar meir! Mykje grunna design ( :blush: ) Då er det Macbook Pro 13.3" som er det aktuelle. Det store spørsmålet er om eg vil møte problem ved å ha Windows 7 som dualboot, med drivarar o.l.? Ja, eg veit eg vil betale litt for merkevaren Apple... Om det er verdt det eller ikkje får me diskutere ein anna stad, men korleis er byggekvaliteten på Macbook Pro samanlikna med t.d. Asus? Har sett litt på prisar, og eg har ikkje noko problem med å sjå at det vert dyrare og dårlegare enn tilsvarande Windows-baserte PC.

 

Eit anna alternativ eg har "lekt" med er Multicom (Clevo?) sine alternativ i storleike opp til 14", det store problemet der er at dei verkar å ha svakare prosessor enn tilsvarande eg kan få hos andre(?). Nokon som har idear om Multicom vil oppgradere modellane sine innan rimleg tid? Dersom det skjer litt ut i skuleåret er det ikkje noko problem, men innan midten av september bør eg ha PC-en. Det som er positivt er at eg enkelt kan velja kva eg treng, og kva som ikkje er naudsynt.

 

Det siste spørsmålet er om det skjer ei stor utskifting av modellar før skulestart, med mykje nytt som er verdt å vente på? Eg har ikkje hastverk, og ventar sjølvsagt dersom det er det luraste. Samstundes veit eg at dersom eg skal sitte på gjerdet heile tida er det tvilsamt eg får noko nytt før eg er ferdig på universitet...

 

Det siste alternativet er jo å kjøpe ein ferdig konfigurert bærbar, og dei eg har sett meg ut er m.a. Acer Aspire TimelineX 4820TG og ASUS UL30VT 13,3". Førstnemnde har utan tvil meir og by på, men eg har lese/høyrd at Asus er betre på byggekvalitet enn Acer. Korrekt? Eg har høyrd Lenovo, Toshiba(?), Asus og HP sin business serie har god byggekvalitet...

 

Ja, eg veit eg kan få rimlegare maskinar enn det eg har skissert men eg SKAL ha noko eg er nøgd med :w00t:

 

Oppsummering:

  • Skjermstorleik 13" - 15" med god oppløysning
  • Lågast mogleg vekt
  • Solid byggjekvalitet
  • Pris: maks 10 000 NOK
  • God batteritid
  • Ingen speling, det har me stasjonær for :p
  • Er Macbook Pro med dualboot eit godt alternativ?

 

Bør eg vente, eller handle "no"?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Som studiebærbar ville jeg vurdert en proffmaskin, har selv hatt en HP 6910p i snart 3 år, og denn fungerer fortsatt bra. Fordelen med proffmaskin er blant annet at man kan få henteservice, har vært tekniker flere ganger og fiksa på min hvis det har vært noe trøbbel.

 

En annen stor fordel med HP sin proffserie er at de støtter at man kan bytte ut DVD-rom med en ekstra harddisk. På denne måten kan man f.eks. kjøre en liten og kjapp Intel X-25 80Gb SSD med en stor lagringsdisk i tillegg.

 

Jeg har ikke helt oversikt over hva som er "hot" nå, men eksempler på HP-pcer som støtter to harddisker er https://www.mpx.no/k/ki.aspx?sku=499859 og https://www.mpx.no/k/ki.aspx?sku=585653

 

Harddiskskuffer kan kjøpes her:

http://newmodeus.com/shop/index.php?main_page=product_info&products_id=252

 

Oppløsning på skjerm er også ting å tenke på, jeg har 1440*900 på min 14" og synes det er bra. Mye mindre synes jeg blir kornete.

Lenke til kommentar

Eg har vurdert HP sin proffserie ja, men eg føler prisane ligg litt høgt? Men om dei verkeleg leverer i business klassen, i motsetnad til i privatmarknaden, så skal eg absolutt vurdere det!

 

Eit anna alternativ er Lenovo, som eg har inntrykk av har mange gode alternativ som kanskje(?) ligg litt over min prisklasse :(

Lenke til kommentar

Et alternativ er Acer timelineX som du nevner, jeg vet ikke om den har ønsket byggekvalitet, men den er rimelig, så om den av en eller annen grunn ikke skulle holde så lenge som en "proffmaskin" så vil jeg si det er et mindre tap enn om en proffmaskin skulle ta kveld. Kan strengt tatt få to timelinex maskiner for prisen av en proffmaskin.

 

Den har god CPU, lang batteritid, er liten og lett, svært stillegående, og ser helt greit ut.

 

Ser for meg at 13.3 eller 14" versjonen er mest aktuell, skjermoppløsningen er samme på begge, på 13.3" er 1366x768 etter min mening ideell oppløsning, på 14" er det bra, selv om 1600 x 900 kanskje hadde vært bedre, ser ikke helt at høyere oppløsning er positivt da tekst blir for smått, ja man kan stille opp tekst størrelse, men vinninga går da mye opp i spinninga.

 

Ja jeg er enig i at asus generelt sett er bedre enn acer kvalitetsmessig, men timelinex serien er slik jeg ser det blant de bedre maskinene til acer.

 

Acer kommer også med travelmate timelinex, som er mer rettet mot proffmarkedet og har blant annet matt skjerm, om det er noe du har interesse av.

 

HP kommer med sin Envy 14" rundt august vil jeg tippe, bilder og spesifikkasjoner er svært lovende, men jeg tror fort prisene vil ligge på 12000+ Fin maskin med slotload DVD-enhet, mulighet for bruk av ekstra batteri for opp til 14 timers driftstid osv. Og den har skjermopsjon for 1600 x 900 oppløsning.

 

Asus kommer med U45JC 14" maskin som kan være et alternativ.

Lenke til kommentar

Pr. i dag er det Macbook Pro 13.3", HP 8440p og Acer TimelineX 14".

 

Dei to første verkar å ha best byggekvalitet, men er noko dyrare for ønska konfigurasjon (ca 14k). HP-en verkar å ha best byggkvalitet, men kan fort bli noko dyr dersom eg ikkje får noko avtale gjennom skulen.

 

TimelineX er best prismessig, men av eigne preferansar syns eg 1366 x 768 er litt dårleg oppløysning på ein 14".

 

ASUS U45JC verkar spanande prismessig, og Asus plar jo ha god byggkvalitet. Eg kjem nok truleg til å vente til den kjem på marknaden.

 

Vil HP Envy vera i ein business eller privatmaskin, då HP er suverent mykje betre på byggekvalitet i business klassen?

 

Har denne.

 

Min lenke

 

har brukt den i 14 dager og er storfornøyd.

 

Artikkelforfatteren ønsket ikke laptoper over 10 000.

Eg har sett på den sjølv, med ein litt dårlegare konfigurasjon då eg kan skaffe den til rundt 10.5k som er akkurat ok.

Lenke til kommentar

Arcus_98023: Er uninettavtalen du snakkar om den avtalen ein del universitet har med MPX/HP?

 

MPX kunne ikkje svara meg kva rabatt dei ville tilby ein komande NTNU student, utan å gjera meg studentkunde der noko dei sjølvsagt ikkje kunne sidan eg først starter der til hausten...

Endret av tosha0007
Lenke til kommentar

Takk for svar, dersom MPX har ein slik avtale med MPX som du skisserer ser eg absolutt ikkje vekk frå at det blir ein HP 8440p til hausten.

 

Andre som har forslag til aktuelle bærbare?

 

ligger ofte informasjon på høyskoler/universitet sine nettsider hvilke avtaler de har.

 

Min lenke

 

Ser at det er berre dell som ligger der nå.Men fungere fortsatt å bruke den hos mpx enda...

Endret av Arcus_98023
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...