Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Litt misfornøyd med tentamenskarakter i norsk, hovedmål


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Vi hadde norsktentamen forrige uke, og vi fikk igjen karakteren i dag.

Jeg er egentlig litt misfornøyd. Men jeg vil høre deres mening. Det som jeg er mest misfornøyd med, er at den gamle læreren vi har, ikke har klart å følge tankegangen min. Men godt mulig jeg ikke er bedre enn en 4'er. Men jeg vil gjerne høre deres mening, fordi det kan vere interresant i forhold til om trynefaktor og en treig hjerne til lærer kan ha utspilt seg her.

 

Jeg går i 10. klasse, og nynorsk er hovedmålet mitt. Så dette var hovedmåltentamen.Jeg fikk karakter 4 på denne stilen.

 

Dette var oppgaven:

Nokre komikarar i Noreg gjer narr av alt frå kongehus til utsette grupper i samfunnet. Skriv ein artikkel eller eit kåseri der du gjer greie for ditt syn på denne typen underhaldning. Vel tittel sjølv.

 

Komikarar som tøyer grenser

 

Komikarar skal prøve å vere morosame og ta seg tid til å underhalde folk. Nokre har ein intensjon om å såre andre, og på den måten få andre folk til å vri seg i latter på golvet, eller ein anna form for bakkekontakt. Dei som blir såra er jo tross alt i mindretal, og det er jo sjølvsagt flesteparten som tel! Difor tøyer mange komikarar grensa, nett fordi det skal vere grensesprengjande moro for dei aller fleste.

 

Ein komikar må få folk til å føle seg stimulert underhaldningsmessig. Det er intensjonen til komikarane. For at sjåarane og folk skal føle seg stimulert, må det gå på kostnad av nokre svake eller andre folk i samfunnet som må tåle å bli hersa med. Dersom me ikkje hadde funne nokon å drite ut, hadde det vorte veldig keisamt for komikarane, og ikkje minst for dei som i utgangspunktet skal få alle kroppsvæsker til å sprute ut ved hjelp av tilfredsstilling i form av underhaldning frå den som talar seriøst med seg sjølv, men som andre høyrer likevel. Dei svake eller andre som fortener å bli driti ut, har godt av å vite korleis alle trur om dei. Det er til latter hjå folk flest, lærdom og nyttig informasjon for for dei som vert driti ut, og ikkje minst vatn på mølla for den som får folk til å vrengje tarmane og magemusklane i hop, slik at dei møtest på venstre side i tarmsystemet til den rotne eller særs unge eller den tilgrisa eller den øydelagde kroppen. Rett og slett ein super situasjon for alle.

 

Innvandrarar vert ofte hersa med, til stor begeistring frå publikum. Då innvandrarane kom til landet, har dei akseptert og godteke dei norske lovane. Ein viktig ting som me skal vere glade for me har, er ytringsfridomen. Ytringsfridomen gjer det mogleg å gulpe opp alt det du meiner eller det du ynskjer. Dersom ein innvandrar føler seg støytt på eitt vis, får han berre ta fyrste flyet frå Gardermoen til det landet han kom frå, eller ta beina fatt dersom ikkje lommeboka er stor nok. Han eller ho får heller setje på seg god-fliret og godta korleis folk tykkjer om dei.

 

Enkelte hevdar at Bård Tufte Johansen gjekk over streken då han tok med seg ein uskuldig liten gris på Beitostølen i haust under dei fyrste konkurransane med nokre treplankar på snø, midt i svine-bløffen. Idrettsutøvarar er svakare enn folk flest i samfunnet, og denne grisen kunne fort spreidd dette døyelege viruset til desse svake krypa. Bård Tufte Johansen drog komikarane til eit nivå ingen komikar hadde vore før han. Han hadde gitt komikarane ein ny dimensjon ved å dra inn ein liten dose terror! I og med at dette var eit nasjonalt renn, utan alt for mange utlendingar, vil denne type humor, med nyansar av terror, ikkje spreie seg med ein fart som bryter lydmuren. Sannsynlegvis.

 

Tom Nordlie har ofte blitt narra og hersa med, seinast under idrettsgallaen på NRK tidlegare i vinter: «- Tippeligaklubbane har gjort eit felles nyttårsforsett: Dei skal ikkje innsetje Tom Nordlie i 2010. Men nyttårsforsett vert bryte som kjent allereie før februar» Deretter følgde dei opp med at «- Prisen går til Tom Nordlie... Nei, han er jo ikkje nominert,» til full latter frå salen.

Mange spekulerer i om alle dei gongene han har fått sparken i ein klubb er av økonomiske og ikkje sportslege årsaker. Det grunner dei med at han må ha to seter, både på fly, tog og buss, som sjølvsagt vert dobbel pris kvar gong laget er ute å reiser. I og med at Nordlie alltid får jobben med å reise eit dumpelag, er sjølvsagt ikkje økonomien på topp, og dei sparer alle kroner det er mogleg å spare. Difor kan Nordlie etter kvart bli særs dyr i drift. Men det er ein annan sak.

Som sagt så må alle tåle å bli narra og hersa med. Ein mann med fornamn Tom, etternamn Nordlie og er arbeidsledig annakvar månad er ikkje noko unntak! Men ein ting ein kan bite seg merke i er at idretten som i utgangspunktet skal førebyggje mot mobbing, vel å herse og mobbe ein på ein prisutdeling. Modig gjort av NRK! Lenge leve ytringsfridommen ville NRK sagt!

 

Dei aller fleste vil få latterrefleksen igang med koordinerte samantrekningar av ansiktsmusklar i eit stereodjupt mønster følgd av eit endra andedrag, når ein tilsynelatande morosam komikar sprengjer grenser. Otto Jespersen er i dag ein av dei som sprengjer grenser. Blant anna i sin «jødehets», der han «minner» alle dei milliardar «loppar og flatlus» som mista livet i dei tyske gasskammera utan å ha gjort noko anna gale enn å slå seg ned på personar med jødisk opphav. Nokre syntest denne skildringa var heilt fantastisk medan få andre sytte fælt over at dei vart sjikanert og at andre personar over seksti år før dei, kom til kort i kampen mot gassen i garderobane i Tyskland.

 

Komikarar er ofte ikkje redde for å tøye strikken. Det er endå godt me har slike som Jespersen og slike som kan herse, og ikkje minst at me har nokon å herse med! Dersom alle skulle vore som eit A4-ark, ville me ikkje hatt nokon ting. Er ikkje eit kvitt blankt A4-ark ganske keisamt? Jo, og det er derfor me ikkje har mange A4-ark i samfunnet.

Det er topp at komikarane vel å dra i strikken så langt at det nokon gonger går over streken, langt over streken! Grensene vert ytterlegare flytta og ein kan utnytte ytringsfridommen til det fulle neste gong, då grensa er endå lenger borte.

 

«Ein komikar med grenser er i same gate som å sjå graset gro eller målinga tørke.»

 

 

Læreren har blant annet kommentert Tom Nordlie-saken. Ho sier det at dette er en sak ingen kjenner til. Jeg mener vell denne saken var ett veldig godt eksempel å dra inn i teksten min. Saken fikk jo en del oppmerksomhet i media og. I tillegg har jeg jo beskrevet situasjonen til eventuelle uvitende, så jeg mener vell det skal gå ann å forstå den selv om du ikke følger med i samfunnet og nyheter...

Også kommenterte ho og den siste setningen min:

«Ein komikar med grenser er i same gate som å sjå graset gro eller målinga tørke.»

Ho sier at ho ikke skjønte dette, og jeg måtte lage en bedre setning. Ett kåseri skal jo kunne ha en del metaforer. Men det ho da mener var at jeg skulle skrivi det slik: "Ein komikar med grenser er keisamt"

Jeg mener dette blir veeldig kjedelig, og en trist setning.

 

Jeg vil bare høre hva dere syntest.

Er dette en 4'er, eller kan det vere en 5'er?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Å skriva kåseri er ofte svært dumt. Mange lærarar har vondt for å gjeva høge karakterar til useriøse tekstar, så den einaste måten du kan få veldig gode karakterar med eit kåseri, er dersom teksten har ein slags djup bodskap i seg og i tillegg er svært morosam. Det er rett og slett ein stor risiko.

 

Eg er samd med dei andre, og seier at du har veldig lite å klaga på med dette resultatet. Du bør skriva noko anna enn kåseri på neste stil.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...