Gå til innhold

Ein meir eller mindre gjennomtenkt og i høgste grad rotete introduksjon av Breidablik


Anbefalte innlegg

Jahh. Eg er altså Breidablik. Eg er 16 år, fyller 17 i mars. Eg er ikkje heilt ny på forumet, har helde på i nesten to år, men eg syntest eg skulle lage ein liten introduksjon likevel.

 

Som du kanskje la merke til er eg ein av "medlemmane" i den ikkje alt for store gruppa menneske på forumet som skriv på nynorsk, og eg meiner det er ein bra ting. Eg bur i Stryn, der eg går studiespesialisering VG1. Akkurat grunnen til at eg valde å gå den keisamaste linja på heile skulen er for meg og sikkert mange fleire eit stort mysterium som eg mest truleg aldri kjem til å få svar på.

 

Eg har vel stort sett to hobbyar: Data/IT/hardware/teknologi generelt og musikk, nærare bestemt trommer. Her på forumet skriv eg mest i diskusjonar som omhandlar data o.l., men det hender også at eg deltek i andre mindre spesifikke diskusjonar om strengt tatt alt og ingenting.

 

Eg er trommis i eit heilt nyoppstarta band. Vi byrja øvingane rett over nyttår, men skal kanskje delta på ein konsert allereie i februar. Det kan bli artig! Vi kallar oss "Lemonade Cult" og spelar foreløpig kun punk rock og liknande (aka Alkaline Trio), men eg har ein sterk følelse av at ein del metall vil lure seg inn i musikken etter kvart. Musikken eg høyrer på på fritida (og på skulen for den saks skuld) stammar stort sett frå studioet til Dream Theater. Det bandet er heilt fantastisk, og eg anbefalar alle som ikkje har høyrt om dei å sjekke ut musikken på spotify. Kanskje finn du deg ein ny favoritt? :innocent:

 

Alt i alt trur eg at eg er ein ganske vanleg person. Eg vel å tru eg har litt over gjennomsnittet IQ, men skal ikkje seie det for sikkert. Det kan like gjerne vere ønsketenking som fakta, utan at eg skal utelukke noko.

 

Ellers er eg ein stor fan av den tredimensjonale genialitetstesten Rubik's Kube. Eg ser ikkje på meg sjølv som veeeldig flink, med personleg rekord på 1 min og 42 sek, men eg likar å leike meg med den no og då.

 

Her er eit bilete av meg, tatt av ein ikkje unødvendig stødig fotograf:

 

post-157801-1264973441_thumb.jpg

 

(Grønfargen i håret er dessverre borte no, men det blir grønt igjen innan TG :))

 

 

Det var vel stort sett det. Hei forum! :fun:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

CraigFinn: Det skal eg gjere. ;)

 

fjärilsfränd: Eg meiner det er "viktig" å skrive på nynorsk fordi nynorsk er eit fantastisk fint skriftspråk, som for all del ikkje må døy ut, og det fløymer ikkje akkurat over av nynorskspråklege her på forumet, så derfor ville det vere for dumt om eg, som ein av dei som har nynorsk som hovudmål, skulle skrive noko anna, t.d. bokmål. :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...