Gå til innhold

[Løst]jakke, ikkje brukt men prislappen er tatt av.


asmund93

Anbefalte innlegg

Fekk ei jakke til Jul, Bergans.

 

Eg tenkte eg skulle ha den på meg medan eg gjekk ein skitur så eg kutta av alle prislappene og anna.

 

Men etter å ha tenkt og sett fant eg ut at eg ville ha den i ein anna farge.

 

Jakka vart kjøpt i ein G-sport butikk.

 

Går det ann å bytte sjølv om eg har kutta av merkelappane/prislappane? Og kan eg få bytta den inn i ein annan G-sport butikk?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei!

 

Det at du har kutta av alt av merkelappar gjer det litt vanskelegare å få bytta den. Sidan du har brukt jakka og tatt av prislappane kan du ikkje bruke 14 dagers åpent kjøp, der du kunne fått at pengane. Vanlege byttereglar gjeld diverre heller ikkje.

 

Det einaste du kan få returnere den på er 100 % fornøyd garantien, men då du ha kvittering på at jakka er kjøpt hjå G-Sport. Denne garantien gjeld i inntil 14 dagar. Du må i tillegg bytte den i noko i tilsvarande produktgruppe, dvs du må ta ei ny jakke. I skrivande stund kan eg ikkje hugsa om du må bruke 100 % fornøyd garantien i same butikken som jakka er kjøpt, men eg går ut frå at du må det.

 

Sett at du har kvitteringa kan eg diverre ikkje garantere at du får bytta jakka i din lokale G-Sport butikk. Butikken er heller ikkje plikta å ta i mot (bytte) eit plagg dei aldri har hatt i varesortimentet sitt. Det er forståeleg at butikken ikkje vil sitte med ei jakke dei aldri har hatt før, då dei truleg må selja denne på tilbod for å få den ut. Vend deg mot butikken der jakka er kjøpt, sats på at du har kvittering og at du møter ein tilsett som har hatt ein god dag på jobb, så kan du få bytta den.

 

Tips:

  • Gå i butikken der jakka er kjøpt! Du kan vera heldig i din lokale butikk, men sjansane for det er diverre etter mitt syn minimale...
  • Ha med deg kvittering!
  • Håp at det er mindre enn 14 dagare sidan jakka er kjøpt

Lenke til kommentar

Det at du har kvittering gjer det lettare for deg, men butikken kan kanskje(?) framleis seia nei dersom jakka ikkje er kjøpt hjå dei. G-Sport hra ein eigen måte å slå slike returar, og det er kjekt om det blir gjort rett på første forsøk. Sjølv om eg ikkje kan tvinga deg vil eg oppmoda deg om å vera ærleg å seia at du har brukt jakka litt. Det er ikkje noko kjekt å ta inn ei jakke som ser brukt ut dersom kunden ikkje har opplyst om at den er brukt.

 

PS: Sei du vil returnere den på 100 % fornøyd garanti, dersom seljaren nektar så får du ta det opp med butikksjefen.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Sett at du har kvitteringa kan eg diverre ikkje garantere at du får bytta jakka i din lokale G-Sport butikk. Butikken er heller ikkje plikta å ta i mot (bytte) eit plagg dei aldri har hatt i varesortimentet sitt. Det er forståeleg at butikken ikkje vil sitte med ei jakke dei aldri har hatt før, då dei truleg må selja denne på tilbod for å få den ut. Vend deg mot butikken der jakka er kjøpt, sats på at du har kvittering og at du møter ein tilsett som har hatt ein god dag på jobb, så kan du få bytta den.

 

Såframt det ikke foreligger en reklamasjon, er ingen butikker nødt til å ta tilbake produkter kjøpt over disk, uavhengig av om de har det i varesortimentet sitt eller ei. Det eksisterer ingen lovfestet bytte/returrett på varer kjøpt over disk. Kun frivillige ordninger fra butikk/kjede som de fritt kan velge forutsetninger for.

Lenke til kommentar

Ville bare unngå at noen trodde at det på generelt grunnlag fantes en rett til å bytte et plagg som finnes i varesortimentet, på bakgrunn av at du skrev at butikken ikke hadde noen plikt til å bytte et plagg som ikke fantes i varesortimentet.

 

Det var egentlig ikke rettet mot deg, var kun ment som en presisering til andre som måtte lese tråden. :)

 

Og selvsagt skal man benytte seg av den ekstra servicen butikken benytter. :)

Endret av Orjanp
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...