Gå til innhold

Knoppix 6.0.1 frå minnepenn? Funkar bra for meg


Anbefalte innlegg

På mange vis er den siste versjonen av Knoppix eit langt steg "back to basics". "Alt" på ein CD, LXDE i staden for bloata KDE, eit opplegg mykje nærare standard Debian, meir infrastruktur og mindre brukarprogram i grunnpakka.

 

Og systemet har vorte mykje meir praktisk brukeleg. Oppsett av syslinux-basert minnepinne er med som ein grunnfunksjon, og når ein bootar frå denne pinnen, får ein spørsmål om ein vil setje av plass til "persistent storage" - i dette får ein både /home-katalog og /usr-underkatalogar. Teknisk blir det oppretta ein fil med fast storleik under KNOPPIX-katalogen på minnepinnen, og denne blir så loop-mounta. Syslinux krev FAT32, og difor får ein ikkje meir enn 4GB max filstorleik på dette viset. I motsetnad til i Knoppix-basis-systemet, som er komprimert og rommar ca 1.7 GB ukomprimert, tar ekstraprogramma ein installerer full plass, så total programplass blir ca 5.7=1.7+4 GB. Nok for veldig mange føremål.

 

Ein tilpassar systemet med å bruke apt-get eller synaptic og installere standard Debian-pakker. Dette funkar veldig bra, og ein kjem faktisk langt med ein 2GB minnepinne, der Knoppix frå CD tar opp ca 700MB, 1GB er persistent og resten er fritt til vanleg minnepenn-bruk. Men meir er betre når det gjeld lagringsplass, og t.d. på ein 16 GB pinne kan ein opprette fleire 4GB-filer om ein vil.

 

Booting frå minnepenna har gått meir eller mindre bra, har prøvd med Lexar og Kingston Datatraveler i 2-16 GB. Når direkte booting ikkje funkar, går det greit å installere GRUB på harddisken og tilpasse device.map og menu.lst så GRUB kan sparke i gang penna. Ein kan tilpasse ein CD til slik booting og, men om ein bruker ein maskin mykje, er det betre å setje opp GRUB.

 

Klaus Knopper har tenkt den nye utgåva, som han kallar MicroKnoppix, som utgangspunkt for remastering. Og det nye opplegget ligg svært godt til rette for dette. Her kan ein jo installere og køyre/teste/tilpasse program på ordinært vis, før ein eventuelt legg dei i ein remaster-versjon.

 

Om ein partisjonerar minnepenna og t.d. legg eit ext3-system på partisjon 2, så er det mykje rart ein kan prøve seg på.

 

Eg har berre røynsler med Mandriva og Knoppix så langt, og Knoppix verkar mykje betre egna til minnepenn-køyring enn Mandriva. Er andre distroar, som t.d. Ubuntu, kanhende endå betre?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...