Gå til innhold

Den store Open Office-tråden


thai-mat

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

Nei, du må ikkje kunne LaTeX, sjølv om deler av syntaksen kan minne om LaTeX. Du har fått opp eit lite vindauge som heiter «Selection» ikkje sant? (Om ikkje finn du det under View --> Selection). Her er dei ulike rekneoperasjonane osb. Klikk på ein av desse, og du får opp noko i tekstfeltet nederst på skjermen.

 

Til dømes om du klikker på brøksymbolet, får du opp

{<?>} over {<?>}

<?> erstatter du med det du vil ha i teljar og nemnar, so

{1} over {2}

vil gje deg brøken 1/2.

 

Redigert: Er det noko spesielt du lurer på korleis du får til, er det berre å spørre.

Endret av Torbjørn T.
Skrevet

For å setje inn topp- og botntekst, velg Insert --> Header/Insert --> Footer.

 

For å setje inn sidetal i t.d. botnteksten, klikk i botnteksten so markøren er der, og vel Insert --> Fields --> Page number.

Skrevet

Supert, dette kan du!

 

Vil gjerne fjerne toppteksten på side 1, men når jeg fjerner den forsvinner den også på de andre sidene i dokumentet. Hvordan løser man dette?

Skrevet

Du må ha ulike sidestilar, ein for framsida og ein for resten av dokumentet. Gå til fyrstesida di, og opne stilbehandlaren ved å trykke F11. Øvst i denne er det nokre knappar; klikk på nummer fire frå venstre for å få opp sidestilane (sjå vedlegg). Med markøren på fyrstesida, dobbeltklikk på First page.

 

Om ting skjer på same måte hjå deg som det gjorde når eg testa her, vil fyrstesida ha sidestilen First page, medan resten av sidene har stilen Default. Topp- og botntekst avheng av sidestilen, so no vil det ikkje vere noko slikt på fyrstesida. Om du vil ha botntekst må du leggje denne til, ved å gå til Insert --> Footer --> First page, eller ved å høgreklikke på First page i stilbehandlaren, velge Modify, og sjå under fana Footer.

 

Sidan eg fyrst er i gang: Formatering bør generelt gjerast med stiler. Overskrifter lager du ved å bruke ein av stilane for dette; det er 10 av dei, og du finn dei under Paragraph styles i stilbehandlaren (knapp nummer ein frå venstre). Dei heiter Heading 1, Heading 2 osb., og talet tilsvarer nivået overskrifta er på. Heading 1 kan t.d. vere kapitteloverskrifter, Heading 2 underkapittel osb. (Tips: Bruk Ctrl + 1-3 for Heading 1-3.)

 

Fordelane med dette er fleire. For det fyrste vert det enklare å halde same stil gjennom heile dokumentet. Vidare vil du ved å modifisere stilen (høgreklikk --> modify) endre utsjånaden på all tekst som har den stilen, so å endre utsjånaden til eit stort dokument vert mykje enklare. Til sist lar dette deg lage innhaldslister med eit par klikk (Insert --> Indexes and tables --> Indexes and tables) og oppdatere denne halvautomatisk, ved å høgreklikke i den og velge Update.

post-21406-1234392252_thumb.png

Skrevet (endret)
Tråden for alt som er relatert til Open Office.

 

Nå er det et eget forum på de norske sidene til OpenOffice.org. Jeg tror det er større sannsynlighet for å få hjelp der, sjøl om jeg ser at det gis svært gode svar her også.

Endret av BonzoDog
Skrevet (endret)

1. Hva med å skrive greske bokstaver i dokumentet, foruten i formler?

 

2. Hvordan plasserer jeg en ligning sentralt i dokumentet, samtidig som jeg vil numerere ligningen helt til høyre på samme linje?

Endret av buskmannen
Skrevet (endret)

1)

Insert --> Special character.

 

2)

Lag formelen på følgjande måte:

  1. Ikkje opne formelredigeringa, men start eit nytt avsnitt ved å trykke enter.
  2. Skriv fn, og trykk so på F3-knappen.
  3. Du vil no få opp formelen E=mc2, og eit nummer på høgresida. Dobbelklikk på formelen for å redigere, og erstatt den med din eigen.

Kjelde: http://wiki.services.openoffice.org/wiki/D...my_equations%3F

Endret av Torbjørn T.
Skrevet (endret)

Takk!

 

Er det mulig å skrive x^2 uten å måtte sette inn formel?

 

Hvordan endrer jeg, slik at nedlastede dokumenter automatisk åpnes i OO i stedet for Miicrosoft Works?

Endret av buskmannen
Skrevet (endret)

1)

Ja, med heva skrift. Den enkle måten: Trykk Ctrl + Shift + P for å aktivere heva skrift, det same for å gå attende til vanleg. Senka skrift får du med Ctrl + Shift + B. Den tungvinte måten: Gå til Format --> Character --> Position, og vel Superscript.

 

Du finn ei oversikt over alle hurtigtastar i Hjelp for Writer.

 

2)

Litt usikker. Prøv å høgreklikk på eit dokument og vel Åpne i --> Velg standardprogram. Her vel du OOo. Har du fleire filtypar må du gjere dette for kvar filtype.

 

Om dette ikkje fungerer, kva nettlesar har du?

Endret av Torbjørn T.
Skrevet

Takk, det funka!

 

Finnes det noen smart måte å plasserer bilder i et dokument på? Slik det er nå, hopper de rundt og oppfører seg som de vil når jeg redigerer dokumentet.

Skrevet

Eg har lite erfaring med plassering av bilete, so eg kan ikkje seie noko sikkert, men prøv med ulike «forankringar»: Høgreklikk på biletet og sjå under «Anchor». Meir detaljar om vala der kan du sikkert finne i Hjelp.

Skrevet

«» er rett sitatteikn (på norsk iallfall), so du vil ikkje endre det. Vil du bruke feil, sjå under Tools --> AutoCorrect --> Custom Quotes, eller trykk Ctrl + Z rett etter å ha skrive eit sitatteikn.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...