Gå til innhold

Ruhell

Medlemmer
  • Innlegg

    88
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Ruhell

  1. Heisann

    Bruk ein DAM applikasjon til å holde styr på bilda, feks det eminente idimager V5 . Ha ein ryddig struktur på harddisken, så la DAM applikasjonen styre keywords og søk etter bilda, med virtuelle kolleksjoner etc.

     

    Idimager var forresten oppgradert til V5 i dag.

     

    Har brukt den i ca 3,5 år så langt og er godt fornøgd med det meste. Eg har 30 000+ bilder katalogisert der. Har ypperleg support, og eit bra forum.

     

    Rune :-)

     

    edt trykkleifer

  2. Hei!

    Har Garmin 765, og vil ikkje anbefale denne. Skal du til ei kjent adresse funker den utmerka (om kartet stemmer for området), og er kjapp og ganske god. Greit å ha musikk på minnekort som går via radiosender inn på bilstereoen. Veimeldinger funker, men lite elegant layout.

    Ulempen er at den ikkje viser POI's før du har zooma in til 50m skala, dvs at i praksis når du køyrer ser du ikkje bensinstasjoner, mat, hotell, fornøyelsparker - whatever. Du må søke spesifikt etter dei, då kjem den du velger opp, men ikkje dei andre. Med andre ord elendig til feriekøyring der ein vil ta ting litt på sparket, og vil sjå kva som er i det aktuelle området.

     

    Garantert IKKJE Garmin på meg neste gong om dei ikkje forandrer drastisk på filosofien sin..

    Prøvde ein Navigon eit eller ana hos ein kjenning - den såg elegant ut

     

    Rune

  3. Hei

    Gjekk nett frå 400D til 7D delvis pga fokusen, og den er kjappere og ikkje minst meir presis.

    Eg fotograferer ungane samt diverse natur, og har betrakteleg fleire keepers av ungane med 7D'en, 1600-3200 iso er også meir brukande enn 800-1600 på 400D.

     

    Det er store muligheter for å sette opp fokusen eget ønske, men også muleg å rote seg bort om man stiller på alle valg som er tilgjengeleg til fokusen (dersom ein ikkje veit heilt kva dei gjer med den) eller bruker feil fokusmode til motivet.

     

    Trådlaus blits er nesten verdt oppgraderinga aleine om du har/skaffer deg blits som er kompatibel med den. Eg har EX580II, og dei fleste blitsbilda eg har teke er etter mi meining godt eksponerte - og på dei som ikkje har vært det har det vore min feil.

    Veldig god batterikapasitet i forhold til 400D :-)

    Smart "Q" knapp til å komme rett inn i oppsettet på det meste

     

    Ulemper etter min smak er at huset er litt stort til å drasse på, men det er dei fleste kamera over xxxD serien. 18mp er meir enn eg treng og det spiser minnekortkapasitet om du fotograferer RAW eller filmer.

    Krever skarp optikk for å utnytte 18mp svært tettpakka pixler

     

    Sålangt fornøgd

    Rune

  4. Eg bruker Idimager V4 til det meste med min bildebehandling.

    Så lenge metadataen er importert inn i databasen til Idi (skjer når eg downloader bilda frå minnekortet) held det oversikt over antall bilder som er tatt med dei forskjellige instillinga på kameraet. Kamerafabrikant, modell kamera, objektiv, innstillt objektivlengde, lukkerhastigheit, blender, ISO, Fargerom, Blitz osb.

    Velger eg så ein av innstillingane feks 1/125sek, så viser Idi alle 384 bildane som er teke med den hastigheiten. Kan også kryssvelge feks lukker + iso og så få opp dei bilda som har denne kombinasjonen.

    Slik kan eg få grei oversikt over dei tekniske dataane til mine bilder.

     

    Rune

    post-93399-1218867438_thumb.jpgpost-93399-1218867611_thumb.jpg

  5. 4. Raw-formatet virker rart! NRW-format som kun kan behandles av visse programmer, og ikke er kompatibel med capture NX(2), og sikkert ikke Lightroom...

    Du kan være sikker på at både ViewNX og Capture NX vil bli oppdatert snarest, tidlig neste måned er nevnt for ViewNX og jeg føler meg sikker på at Capture NX vil følge etter.

     

    Forøvrig kan det være et nytt og bedre Raw format som testes?

     

    Tja, dei er ikkje så spesiellt positive til dette "nye" raw formatet hos Luminous Landscape, som også refererer til her, samt denne "Nikon" siten

     

     

    edt: lagt til linker

  6. akkurat noe slikt er jeg ute etter, tror jeg.

     

    er det slik at hvis jeg lagrer bildene mine i mitt eget system,

    så kan jeg bruke dette programmet som et databaseprogram,

    uten at det endrer på bildefilene mine?

     

    Idimager endrer i utgangspunktet ingenting på filene dine, når eg importerer filane mine inn i Idi, så registrerer Idi i databasen sin kor bilda er lagra på pc'en samt all metainfo som er i bilda.

    Når eg så lager mitt system for xmp/iptc (feks: places-norge-hordaland-bergen-fisketorget) og drar eit bilde eller gruppe av bilder til fisketorget, så vært bildet linka mot dette. Etter kva eg velger i oppsettet til programmet lagrer Idi infoen i sin database og/eller skriver den inn i bildefila slik at infoen følger bildet og andre program som kan søke etter slik info kan finne den (pføy-tung skrevet). Kvart bilde kan linkast mot fleire "tags" slik at ein kan få presise kryss søk.

    Dette system krever dog at ein er litt disiplinert med tagginga slik at ikke relevant info blir utelatt.

    Ta ein titt på Idi si heimeside og forumet der.

     

    Rune :-)

  7. Hum, folk burde sette seg såpass inn i ting at de har kontroll på arkivering/backup sånn noenlunde manuelt. FastStone er forøvrig glitrene til skumming, klipping og sletting.

     

    Sånn at?????

     

    Har brukt Idimager i 1 1/2 år og er stort sett meget fornøgd med det. Alt eg gjer med bilder blir stort sett styrt med eller utført med Idimager.

    Viser dei fleste bildeformat.

    IDimager er meget bra til katalogisering vha xmp eller iptc og har tilsvarande ypperleg søkemotor for søk i metadata (støtter æ,ø og å). Kan valgfritt lagre xmp/iptc i bildefila eller i databasen .

    Kan lage virtuelle kataloger etc.

    Har god kontroll og mulegheit for søk etter og lagring av versjoner av bilde.

    Det har ein strålande import manager for å hente bilda frå minnekort samt gje dei ønska navn.

    Flott "lysbord" til sortering av bilder.

    Har innebygd brennemulegheiter (cd/dvd)

    God til å resize bilder til ønska størrelse/komprimering for videresending til mapper eller til innebygd eller ekstern epost klient.

    Mulegheit for endring av dato/tid på bildefilane.

    Har aktivt hjelpsomt forum, og rask respons frå utvikleren

    Har også innbygd redigeringmulegheiter

    +++

    Rett og slett eit meget bra og fleksibelt DAM program

     

    Ja, Faststone er bra til visning

     

    Rune

  8. Heisann.

    Har EOS 400D med mitt gamle EF28-105 f3,5-4 (fulgte med EOS50e i '96). Har lyst på EF24-105 f4L IS og lurer på om det er nokon som har brukt dette objektivet på 400D.

     

    Vil eg merke stor nok forskjell på bildekvalitet og SKARPHET til at det er verdt oppgraderinga?

    Eg trenger IS, stor blender hjelper meg lite, så det er så vidt eg veit ikkje så mange objektiv å velge mellom.

    24-105 har litt lite vidvinkel, men eg foretrekk den ekstra lengden eg får på zoom sida (har også EFs10-22 for vidvinkel delen).

     

    Rune

  9. Takker.

    Om eg vil beholde den routeren eg har no, kva treng eg då for å få gigabyte LAN, kan den eksisterande routeren evt stå på "utsida" av oppsettet slik at eg kan slå den på når eg treng trådlaust, og ellers la den være av??????

     

    Om ikkje, har nokon erfaring med Trendnet TEW633 og norsk leverandør? Den har fysisk knapp (d-link via software) for å slå av det trådlause så vidt eg veit (er visst ellers ganske lik internt med d-link 655 ).

    SMC korleis er dei??

     

    Ruhell

  10. Heisann

     

    Er relativt blank på nettverk og setter pris på litt hjelp.

     

    Har ein QNAP 209 NAS disk (med gigabit ethernet utgang)som er kobla til min gamle Topcom Skyracer 654 router (10-100mb lan utgang), som er kobla videre med kabel mot min stasjonære pc som har gigabit ethernet utgang (Asus A8N-Sli Prem).

    Dette gå ikkje akkurat raskt med store datamengder, ca 460gb tok omtrent 21 timer å overføre frå pc til nas disk. Eg rekner med at det er routeren som er flaskehalsen med sine 100mb lan porter.

    Eg treng berre trådlaust til bærbar surfing av og til, så kva er enklaste og billegaste måte å få gigabit oveføring frå pc til nas disk i eit fast oppsett???

    Ny router eller nokon form for gigabit switch eller...

    Hadde egentleg vore greit om trådlaus routeren hadde vore avslått når det ikkje er bruk for den

     

    Ruhell

  11. Heisann

    Her er min variant

     

    Alle mine bilder blir lasta kronologisk inn på PC-en under år, så får kvar dag eg tek bilder på si eiga mappe (Teoretisk kan eg få 365 mapper kvart år...).

     

    Bildefila blir "døpt"

    ååååmmdd_Kamera modell_bildnr frå kamera.

    Då er det lett å vite kva dato bildet er teka på og kva kamera eg brukte utan å gå via exif infoen (nice to know). Då ser det slik ut:

     

    D:\Mine bilder\2008\2008_02_21\20080221_EOS400_6742 eller 20080221_CanonG9_921

     

     

    Bruker så Idimager V4 til å skrive keywords inn i iptc/xmp feltet til bildefila og til å søke etter bilder med ønska keywords

    Keywords er organiser i tre struktur: Persons, Events, Places, Objects

    som eg har delt opp i undergrupper (som kan endrast etterkvart) som passer meg. Så er det berre å markere ønska bilder og tikke av ved ønska tagger, eller dra bilda til ønska tagger

     

    Husk å ha ekstern backup av bilda (virus, lyn, fingertrøbbel, systemcrash, teknisk feil etc)

     

    :-)

  12. Rotete.

    Mangler noko på venstre sida. På min skjerm (ca 1200x800) står teksten så langt til venstre at dei store bokstavane i overskrifta ser ut til å være beskåret på venstre side (som 4 talet), og eg trur heile tida at det må ligge meir tekst til venstre.

    Viser eit lite utsnitt av venstre sida på skjermen min

     

    post-93399-1200065501_thumb.jpg

     

    Mangler og ei eller anan form for rammer for å skille dei forskjellige temaene/områdane på sida

  13. Hei

    Har prøvd diverse DAM produkt til å arkivere/holde oversikt over kva bilder eg har (Fotostation45 (maks 10 000bilder), PS Elements3 (knotete og ikkje ÆØÅ), Picasa (gjorde rare ting med tagging av filene -ÆØÅ), LR og andre), og har endt opp på idimager V4. Har brukt det sidan i vår ('07) sjekk det ut på nettsida deira http://www.idimager.com/

    Dei har eit ganske aktivt forum og designeren "Hert" er kjapp med å svare (topp support)

     

    I idimager kan ein lage seg keywords i ønska trestruktur eks Norge/Hordaland/Bergen/Bryggen etc så merke bildene og dra dei til ønska keywords på ein veldig kjapp og enkel måte. Topp når ein skal merke hundrevis av bilder i slengen. Programmet lar deg velge om desse keywords kun skal ligge i databasen til programmet eller skrive det inn i bildefila ihht til standard IPTC/XMP info slik at dei er tilgjengeleg for andre program også.

    Idimager støtter også ÆØÅ. Den kan også skrive til RAW filer også, funker utmerka til Canons CR2 filer. Veit ingenting om Nikon sine nef filer

    Kan justere tid/dato på bilder (feks ved scanning)

    Gje dei stjernekarakterer, farge koder etc

    Har strålande lysbord for sortering, slideshow, brenning etc...

    Har også ein feiande flott downloader for å henta ned bildene frå minnekortet

    mao så er eg ganske fornøgd med det

     

    Eg arkiverer bildene under:

    Mine dokument/Mine Bilder/2007/2007_12_24/20071224_EOS400D_5789.jpg/cr2

    så bruker eg idimager, keywords og evt stjerner for å finne bilda eg ønsker

    Eg får altså ei bildemappe for kvar dag eg tek bilder, samt at kvar bilde heiter datoen det er teke på samt kameratypen og bildenummeret frå kameraet. Dermed er det lett å finne mappa bildet er i om eg skulle trenge den, samt kjekt å vita kva kamera eg tek det med utan å gå via exif infoen

     

    Rune :-)

×
×
  • Opprett ny...