Gå til innhold

Inbreak

Medlemmer
  • Innlegg

    294
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Inbreak

  1. På 6 timar i dag har batteriet på min gått ned til 77%.

    Har for det meste stått i standby. Ellers har eg spelt litt, og lagt inn og oppgradert litt program.

    Batteriinfo viser at cellestandby (brukt av mobilradio) har brukt 66% av det som er brukt.

    Har ikkje begynt å bruke telefonen til vanlig bruk endå, så har ikkje SIM-kortet i, men trådlaus har stått på heile tida.

    Er det trådlaus som er mobilradio og sug straum?

    Har berre android 2.1 endå.

  2. Kva "type" data som ein må betale for er det telefonen brukar til forskjellige oppkoplingar i grunnen?

    Har Telenor Bedrift delvis betalt av jobben, og på fordelingsprofilen er det spesifisert blant anna følgande:

     

    WAP- og Internettrafikk (via 90002280 og 91500920);

    bedrift betalar i arbeidstid (7-18)

     

    MMS, Innholdstjenester (via tale, SMS, MMS, WAP og Internet), MobilHandel og BankID;

    privat bruk

     

    Pakkedata i Norge (WAP og Internet), Trådlaus Sone (WLAN);

    bedrift betalar

     

    Nesten litt tvetydig fordeling spør du meg.....

    Jobben din betaler Internett bruk i Norge. Du betaler selv for MMS og betalingstjenester/Innholdstjenester. Dette er bra å ha på en Internett-telefon som SGS.

     

    Så all data så lenge eg ikkje er på WLAN vil gå som pakkedata og jobben betalar? Kan ikkje plutselig risikere det går Internettrafikk via 90002280 og 91500920?

     

    Strengt tatt burde eg vel så ikkje ha behov for verken APNDroid eller Netcounter, anna enn når eg skal utenlands, eventuelt kun for lettare å stenge av alt og spare straum?

  3. Kva "type" data som ein må betale for er det telefonen brukar til forskjellige oppkoplingar i grunnen?

    Har Telenor Bedrift delvis betalt av jobben, og på fordelingsprofilen er det spesifisert blant anna følgande:

     

    WAP- og Internettrafikk (via 90002280 og 91500920);

    bedrift betalar i arbeidstid (7-18)

     

    MMS, Innholdstjenester (via tale, SMS, MMS, WAP og Internet), MobilHandel og BankID;

    privat bruk

     

    Pakkedata i Norge (WAP og Internet), Trådlaus Sone (WLAN);

    bedrift betalar

     

    Nesten litt tvetydig fordeling spør du meg.....

  4. Får slenge meg på tråden eg og, sidan eg nettopp har fått meg Galaxy S eg og. Begynner å bli salig lang denne her.

    Driv fortsatt å skummar gjennom tråden, men har berre komt til side 40 endå. :dribble:

     

    Men slenger ut litt spørsmål først som sist likevel.

    Noken som har peiling eller erfaring med å importere kontaktliste, meldingar kalendarnotat ol. frå Nokia telefon? Har ein 6300 eg skulle overført litt forskjellig frå om det er mulig.

     

    Ser Froyo er rett rundt hjørnet. Sidan eg nettopp har fått telefonen og treng å sette meg litt inn i den før eg tar den skikkelig i bruk, kan det vel kanskje vere lurt å berre vente til eg kan oppgradere til Froyo før eg begynner å legge inn allverden og sette opp telefonen?

  5. Kortet er eit Transcend 16 GB kort kjøpt på Datakjeden i Bergen, eller muligens bestilt på Multikom kanskje. Noke feil har i alle fall skjedd, men alle bilder (heldigvis ikkje alt for mange) tatt etter oktober 2009 har berre blitt vekk. Har sett på dei på kameraet fleire gangar og alt, så det har blitt lagra. Men etter siste bilde vart tatt mandagen, og til vi slo på kameraet igjen fredag kveld, har det skjedd eit eller anna merkelig. Det einaste som var igjen på kortet var mappene som blir laga når kortet blir formatert i kameraet. Men trur ikkje kameraet kan ha formatert kortet sjølv frå av tilstand heller.

     

    Bildene er ikkje berre sletta, sidan programmet eg brukte ikkje fann dei. Har testa litt med prøveversjon av Ontrack Easyrecovery Pro lasta ned brå IBAS no. Heller ikkje det fann bilder som er sletta tatt etter oktober. Sjekk etter tidligare formatering av kortet ga heller ikkje resultat. Sjekkar no i RAW format. Så langt er det funne over 4000 filer, i staden for 6-700 som tidligare er sletta, så det er kanskje litt meir håp. Kan kanskje heller virke som filtildelingstabellen plutselig berre har forsvunne av ein eller annen merkelig grunn? Då vil vel ikkje filene bli oppdaga som tidligare sletta data?

  6. Skulle nettopp sjekke ut litt bilder på kameraet, og oppdaga til den store skrekken at det tydeligvis var tomt. Tok vel seinast bilde mandag på tur i Warszawa, og då var alt der. Sidan har ikkje kameraet vore slått på ein gang før i kveld. Det einaste eg kan tenke meg er at det har blitt "sletta" i sikkerhetskontrollen på flyplassen i Warszawa. Men har virkelig aldri høyrt om at det kan skje med eit minnekort før. Hadde også med eit anna kamera, og 2 mobiltelefonar gjennom same sikkerhetskontrollen. Ingenting er gale med desse. Alle 4 enheter var av gjennom sikkerhetskontrollen, og minnekortet stod i alle 4. Kva kan ha skjedd her?

     

    Prøvde å sjekke ut kortet med eit program som heiter WinUndelete v3.2, men all data dette finn er tidligare sletta på kortet, og nyaste data er frå 30/10-09. Så all data nyare enn dette har tydeligvis ikkje eksistert på kortet ein gang.

     

    Kva kan eg gjere?

  7. Har ADSL2 gjennom NGT (Speedtouch 546i router), og kjøpte meg nylig eit D-Link DAP-1353 trådlaust aksesspunkt. Datamaskina har USB-antenne D-Link DWA-140.

    Etter at eg satte opp trådlaust nettverk får eg plutselig ikkje laste verke opp eller ned med myTorrent lenger.

    Har ikkje gjort noken innstillingsforrandringar endå, men DC++ fungerar fortsatt som det skal gjere uten noken forrandringar (aktiv oppkopling både no og før).

    Datamaskina (IP 10.0.0.2) er kopla opp mot NGT-routeren (IP 10.0.0.1) gjennom aksesspuktet (IP 10.0.0.50), men sidan aksesspunktet skal vere transparant skulle det jo ikkje vere behov for å gjere noke med innstillingane vel?

    Noken som har forslag til kva som kan vere feil?

  8. Faen, jeg måtte fjerne 120mm vifta i bakkant på mitt CM Stacker for at onboard lydkortet skulle passe, dritt.

     

    Har hatt både 120mm vifta og lydmodulen på hk i mitt Stackerkabinett uten problem (gjekk akkurat), så det høyrtest litt rart ut. Har du derimot grill på vifta som er breiare enn vifta må du vel selvfølgelig til å modifisere grillen bittelitt.

  9. Fekk heldigvis maskina opp å gå igjen i gårkveld. Gudane vite korleis i grunnen, men fekk det no til på eit vis. Tok riktignokk ut X-Fi lydkortet til slutt før eg fekk det til å fungere, men tvilar sterkt på det var problemet. Skal i alle fall oppdatere til 704-3 BIOS (er vel denne eg skal ha for TCCD minne), slik at eg slepp ei milelang IRQ liste med ukjente enheter under POST pga. X-Fi lydkortet.

  10. 5. funker USB tastatur i bios med dette kortet? NF4 Ultra-D

     

     

    Ja det fungerar heilt flott. Men det er selvfølgelig ein fordel eller eit must å aktivere USB tastatur og mus i BIOS også. Og har du for eksempel ein USB switch så bu brukar mus og tastatur på f.eks 2 maskiner er det absolutt ein stor fordel å kople mus og tastatur rett på hovedkortet i staden for gjennom switchen i installasjonsfasen. Eg får i alle fall berre trøbbel med installasjon om eg har mus og tastatur gjennom switchen når eg skal installere.

  11. Skal ikkje sei 100% sikkert kva som er rett eller ikkje. Men det er i alle fall det resultat eg fekk inntrykk av med Audigy 2 / 2 ZS. Altså at det er BERRE digital ut/inngangar på AD_EXT kontakta. No kan det selvfølgelig vere annleis på X-Fi, men fekk beskjed av Creative at den var identisk med Audigy 2 / 2ZS. Har ikkje sett på frontmodulen til X-Fi, men er ganske så sikker på det er i alle fall litt elektronikk i den, så det er vel i tilfelle mest sannsynlig digital til analog konverter ++.

     

    Her er eit par relevante linkar eg fann angåande Audigy 2 / 2 ZS:

    http://www.devhardware.com/forums/multimed...tors-15584.html

    http://www.driverheaven.net/showthread.php...79&page=1&pp=15

     

    Forum på Creative kan også vere greit å sjekke innom.

     

    Korriger meg gjerne om eg har komt til feil konklusjon, elle rnoken finn ut noke anna. Er fortsatt veldig interessert i å få til frontkontaktene i kabinettet. Har foreløpig berre kopla headset til bak på kortet som ei nødløysing (splitta til høgtalar og headset). For min del er det i alle fall uaktuelt å kjøpe frontmodulen separat då eg ikkje har plass i kabinettet, sjølv med 12 5 1/4" modular i fronten på Stackerkabinettet mitt. Alt er i bruk. 6x til 2 4-i-3 hd-modular, dvd brennar og rom, 2 viftestyringar, frontmodul til hk, og frontmodul som høyrer til kabinettet.

     

    La også med ein pinoversikt eg fann til Audigy 2 / 2 ZS. Denne skal vere identisk på X-Fi, men om det er korrekt at det berre er digital hjelper det jo ikkje då ein må til å mekke litt elektronikk sjølv.

    post-8564-1131234228_thumb.jpg

  12. Ta ut strømmen noen minutter, og så start opp.

     

     

    Prøvd det og, egentlig prøvd det meste uten om å flytte om på safe boot jumperen og ta ut batteriet. Men det burde vere unødvendig. Har eg gjort feil i BIOS tidligare under litt klokking har det alltid vore nokk å berre resette BIOS eit øyeblikk eller noke minutt. Og har selvfølgelig ikkje latt det stå uten straum i ein dag eller to endå.

     

    Fungerar det ikkje snart når eg prøvar igjen skal eg deaktivere heile SI kontrolleren og kople OS disken på chipsetkontrolleren. Sjå om det kan hjelpe.

  13. Brukte nettopp (i går og i dag) eit betydelig antal timar og skumma meg fort gjennom heile denne posten. Overraska over kor mange som har hatt problem, og prisa meg lykkelig over at eg berre har hatt bittelitt oppstartproblem sidan eg fekk kortet i februar. Det skulle eg vist ikkje sagt for tidlig...

     

    Hadde nettopp brent ei DVD-plate, og skulle ha plata inn igjen for å køyre kvalitetstest på plata med Nero CD-Speed. Stappa inn igjen plata og starta opp CD-Speed, men det nekta å starte opp, og brennaren prøvde febrislk å lese plata. Skulle sjekke ut innholdet på ei anna DVD plate i ROMen, men klikka feil i farta og klikka på brennaren i staden. Det funka selvfølgelig ikkje, og explorer kræsja. Lukka explorer i Task Manager, og starta opp eksplorer på nytt. Det funka ikkje, og medførte berre at Task Manager også kræsja. Starta opp ny Task Manager for prøve å lukke explorer og den kræsja TM, men det funka ikkje. Så det var berre å restarte maskina. Det tok si tid å lukke / lagre all data, før maskina stoppa heilt på "Windows is shutting down...". Slo av maskina med knappen i staden, venta eit minutt, slo på maskina igjen og gjekk for å hente noke. Kom tilbake akkurat i tide for å høyre at maskina berre restarta av seg sjølv. Har prøvd å resette BIOS ørten gangar (har modda meg ein brytar i kabinettet som går rett på reset-jumperen), prøvd å bruke andre BIOS'en (har BIOS savior), men ingenting virkar å hjelpe.

     

    Problemet er som følger:

    Etter minne og HD er detektert under POST er neste steg detektering av diskar på SiliconImahe kontrolleren (har OS disken (Raptoren) på denne kontrolleren). Tekst for dette trinnet skal egentlig starte øverst på skjermen. No startar det i staden enten mindt nede på sida, eller heile nede. Og i tillegg startat det med to linjer med førgande tekst "0000 0000", før tekst som egentlig skal komme opp kjem. I tillegg kjem det ei tilsvarande linje midt i vanlig tekst og. Begge diskane som er tilkopla blir detektert. Har ikkje oppdatert til nyaste BIOS endå, så på neste trinn i POST kjem det ei lang liste med ukjente enheter i IRQ lista (pga. X-Fi XtremeMusic lydkortet). Har ikkje gidda bry meg med dette problemet endå sidan det ikkje har vore noke problem med lyd likevel. Etter IRQ liste skal Windows begynne å starte opp. I staden får eg opp liste for valg av sikkermodus eller vanlig oppstart. Her får eg KUN velge vanlig oppstart; ingenting skjer om eg prøvar å flytte markøren opp på sikkermodusoppstart. Og startar eg på vanlig måte berre restartar maskina. Det ser ut som det kjem opp ei eller anna melding før restart, men den viser berre eit brøkdel av eit sekund, så får ikkje lese kva som står der. Noken som har peiling på kva i svarte som er gale?

     

    Kanskje litt knotete forklart men.... :)

  14. Fekk til svar frå Creative Europa (Norge) at denne pinoversikten ikkje var tilgjengelig for offentligheta, pga. tilkopling av ikkje originalt utstyr medførte at garantien ikkje gjeld lenger. Men fekk og beskjed om eg berre kunne søke på nettet, for pinoversikten var den same på Audigy 2 / Audigy 2 ZS (Audigy 1 er annleis), og det var masse om den saka på nettet.

     

    Har søkt masse rundt på nettet no, og det kan virke som det ikkje er håp. Kan virke som det berre er digital ut/inn på denne 26/36 pins kontakta, så dermed kan ein ikkje kople seg rett på med mic/headset. Må vist til å mekke litt elektronikk (digital til analogkonverter) sjølv. Jævla kjipt.....

  15. Hovedkortet MÅ nokk ut når eg skal montere kjøleblokka uansett, så det var planen. Trur heller ikkje det er plass nokk til å sette den på uten å ta av hovedkortet, sjølv om eg har stort Stackerkabinett (masse ledningar av alt mulig). Og er ALLTID forsiktig med hardware, så det er ingen problem. Maskina står for det meste i ro og, så ingen problem den vegen, og har hjul på kabinettet mitt, så har enkel flytting om eg skulle måtte ta fram kabinettet. Har aldri med meg maskina noken plass, så einaste skikkelig flytting blir når eg ein gang flyttar frå denne leiligheta. Og då får eg berre vere forsiktig med flytting, og ha kabinettet liggande i bil i staden.

     

    Men veit ikkje heilt kva eg skal ta sjansen på. Er vel ikkje så masse å hente på å fjerne hs ved bruk av vannkjøling i forhold til luftkjøling heller reknar eg med? Største problemet er vel om eg får stramme blokka nokk til ved fjerning av hs. Ikkje sikker på om det er mulig å modde på festet slik at eg får stramme meir, for hs bygger vel 1-2mm eller noke slikt minst reknar eg med?

     

    Må også få meg tak i ein DFI Freezer slik at eg får kjøle chipset og, men ser ut som watercooling.de ikkje får inn igjen med det aller første. Noken andre plassar det er mulig å få tak i denne blokka? Virkar ikkje som NetShop eller Microplex får inn med det aller første....

  16. @ ArcticOC:

     

    Du som har erfaring med å fjerne Heatspreden på a64 prosessor:

     

    Har berre utsatt og utsatt å kople opp Zalman Reserator settet eg har liggande, så tenkte eg skulle ta å få det i gang etter kvart. Fristar veldig å "røske" av Heatspreden på prosessoren, men monsteret av ei kjøleblokk til Reserator settet er jo f*** meg 535 gram. Trur du kjerna på prosessoren tåler ei så tung kjøleblokk? I så tilfelle, skal tru om eg får stramme blokka nokk til uten å måtte modifisere festet?

  17. En ruter må da være ment å vare vesentlig lenger enn to år, men det spørs hva verkstedet hevder at feilen kommer av. Slitasjefeil som følge av unormalt bruk/unormalt mye bruk dekkes normalt ikke av reklamasjonsretten, men det varierer vel fra produkt til produkt.

     

     

    Mest sannsynlig går den nokk berre under 2 års reklamasjon. Men ein router bør uansett vere meint å vare masse lenger enn 2 år, så om 2 års reklamasjon er nokk er ein annen ting.

     

    Og, ein router må uansett vere meint å kunne brukast 24/7, så eg tvilar STERKT på at eit verksted kunne argumentert med slitasjefeil som følge av unormal masse bruk. Det hadde dei rett og slett ikkje fått gjennom i ein tvist. Det er vel ytterst få som noken gang slår av ein router eller liknande. Sjølv om maskina er av står som regel routeren på heile tida.

  18. Sidan eg allereide har mikrofon og headset inn/utgang i kabinettet mitt, kjøpte denne versjonen fordi eg ikkje har bruk for halvparten av ut- og inngangane som er i frontmodulen til dei andre bundlane av dette kortet, og derfor ikkje gidd kaste vekk pengar på denne. Ikkje har eg plass til den i kabinettet mitt heller.

     

    Eg tenkte det skulle vere ein enkel sak å berre kople dei 5-6 enkeltpinkontaktene til mikrofon og headset rett på 26-pins kontakta på lydkortet, men den gang ei. Det var ingen oversikt over pinnane til denne 26-pinskontakta i verken hurtigstartsguiden, eller manualen på cden (som forøverig var ganske så elendig). Eg kontakta derfor Komplett, men dei viste ingenting og henviste meg til Creative Support Europa/Norge. Dei viste heller ikkje om ein slik oversikt, og foreslo eg kunne prøve og feile til eg fekk det til å fungere, noke eg ikkje er villig til å gamble med. Dei virka veldig lite villige til å hjelpe, og foreslo eg kunne kjøpe frontmodulen, noke som jo er uaktuelt. Det kan vel seriøst ikkje vere så firkanta at denne oversikten er hemmelighetsstempla eller noke liknande, så det ikkje er mulig å få tak i den. Latterlig elendig at den ikkje er med i manualen i alle fall.

     

    Noken som har peiling på kor eg kan finne denne oversikten?

×
×
  • Opprett ny...