Jump to content

Lord Reanicus

Medlemmer
  • Content Count

    143
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Lord Reanicus

  1. Er det problematisk for deg at desse folka har blitt så sinna og opprørt? Påvirkar det deg på ein negativ måte?
  2. Eg vil gjerna at Gamer.no sine skribentar svarar meg på ein ting, om dei har lyst. Ein kan sjå i forhald til speljournalister og vanlege spelarar sine anmeldelsar at det er ein stor kontrast i kva 'score' dei får. Eg er ein av dei som genuint meinar at slutten øydeleggar mykje for spelet, og verre so, heile serien - men eg skjønnar at det er vanskleg for å lage ein anmeldelse som kan trekka ned spelet berre fordi av slutten. Men alikavel so er eg litt skuffa at slutten ikkje vert nemnt. Eg føler den er relevant på mange måtar, men spørsmålet er vel kor relevant er det for ein speljournalist å trekke det inn i samanhengen til ein anmeldelse?
  3. Heh, ser at me begge følger med, ja. Merklege greie, det var nok mykje sinne der. Men det slår jo ganske so greitt ned på denne ganske grandiose tanken om at "indoctrination theory" som mange håpte so mykje på. Synd.
  4. Og eg skal love deg at det er ikkje ein "Happy ending" som folk flest krev. Eg anbefaller at du les linken eg no gjer deg om du lurar på kvifor folk er irritert over slutten. At du liker slutten er jo ikkje noko eg eller andre har med å gjera, det er jo berre flott det. Men eg kan sei at det er ikkje mangelen på ein "happy ending" som gjer at folk er sure. http://www.gamefront.com/mass-effect-3-ending-hatred-5-reasons-the-fans-are-right/
  5. Kan legge til at eg mistenker sterkt at det ikkje handler om ein "minoritet" som meinar at slutten er såpass dårleg. På Bioware sin forumside så kan jo du sjå at nesten 44000 har stemt at dei er sterkt misfornøyd med slutten (90%) og berre 2% synes den er bra (ca. 1000) http://social.bioware.com/633606/polls/ Så er jo det også gjort ein meir detaljert statistikk på det med over 7500 deltakar som visar også at dei som er generellt misfornøyd med slutten er i fleirtal. http://social.bioware.com/forum/1/topic/355/index/9762561
  6. Veit ikkje om du får heilt perspektiv ved å sjå eit youtube clip for å forstå nøyaktig kvifor slutten er så horribel som den er. Men eg kan ærlig sei at med ein gong du vert løfta opp av ein magisk flytande platform då kan du berre slutta å spela.
  7. Neidå, du har heilt rett. Sånn som eg husker hadde Deus Ex dei tre sluttene som var at "kontroll" (Illuminati), "assimiler" (Helios) og "Øydelegg" (Dark Age) som rett og slett var akuratt det samme som det ME3 gja deg og premisset rundt det. Problemet er vel at Deus Ex bygget opp rundt detta og det var sentralt tema i sjølve spelet. I ME3 kan eg ærlig talt ikkje sei at det var noko bemerkelsesverdig stort poeng ut av før den vetle snørrungen kom og fortalte deg at det var sånn det var.
  8. Her må eg lure på om du har tatt slutten i betrakning i det heile tatt? Skjønner at det er problematisk å dømme eit spel på kvar einast falitt og kan skjønne at det er og vanskleg å lage ein anmeldelse kring detta. Men alikevel. . . Eg skal vel ikkje sei for mykje, spoilers skal man ikkje ha. Men alikevel. . . Nølende post scriptum: Det må seiast at spelet er fantastisk, skal ikkje ha noko på det. Meget dyktig gjennomført til eit punkt.
  9. Eg lyt vel dela mine eigne tankar kring detta med slutten. Det som er for meg utvilsamt er at sjølv om slutten er "ekte" eller ei, so har BioWare gått på ein smell. Sjølv kor bra skreve det har vert eller kor mykje "meta-plot" dei har anvendt so har dei bomma fullstendig med utførelsen og sluttakten. Grunnen til eg seier det er fordi folk nettopp er so forvirra og frustrert kring saken. Når eg spelte ME1, 2 og sådan 3 so forventa og ønskte eg ikkje at det skulle vera ein reinspikka Hemmingway forteljing. Men la oss gå over det viktigaste: 1. Slutten er dårleg. For meg, og ein god del andre er det lite tvil med det. Det manglar tematisk korrelasjon og det bryt med det som er allereie grunnlagt. Me vert fratatt val og i bunn og grunn gjer fra oss all form for valfrihet til fordel for kva denna mystiske stjerne-barnet vil at me skal gjera. Alle av dei "valene" er diktert under hans premissar og er i essensen han sine val, ikkje dine. 2. Om det stemmer at Shepard har vert indoktrinert so er det problematisk med korleis dei har valt å avslutta spelet med. Det hadde vert ein fantastisk "sekvens" i sjølve spelet om dei hadde gjort det og SÅ gitt oss slutt-delen, den EKTE slutten uten at me må ty til gud-veit-kor-lenge med forvirring og usikkerhet om kva som er rett eller ikkje. Det er IKKJE ein god fortjelar-teknikk å avslutte ein bok eller spel med å gje oss noko so vagt som det. 3. Når det gjeld DLC eller "expansion pack" som eg likar å kalle det som er verdig det, så er eg eigentleg ikkje so sur over det. Eg minnar på at slutten til Baldur's Gate 2 var ganske laber og endte med ein såkalla "cliffhanger" på slutten, men då var det ingen tvil om at Baldur's Gate 2: Throne of Bhaal skulle komma om ikkje so altfor lenge som ville binde saman heile forteljinga. Så om Bioware hadde vert litt meir opne med kva deiras intensjonar var, so skal eg gje denna "indoktrinerings teorien" all hyllest som den hadde vert verd. Men til slutt so hadde nok eg vert meir glad over at "det heile var ein drøm" enn korleis dei har valt at slutten skal vera no. For meg so er detta ein av dei verste, og eg meinar det, verste sluttane som har vert lagd. For det fyrste so er konsekvensane so grusome og fatale at det er vanskleg å skjønne om du eigentleg har "vunne" i det heile tatt, for meg ser jo det ut som Reapers har nesten vunne uansett kva du velge. Død i millionar og milliardar ser jo uansett ut til å vera ein konskvens og det at alle valene du har gjort, ALLE valene du gjorde og prestigen med å samle ein heil galakse berre for å øydelegga ALT i løpet av 10 minuttar gjer ikkje slutten "bittersøt" eller "edgy", det gjer den fullstendig meiningslaus. Det er ingenting poetisk eller filosofisk med kva som skjer, det er ikkje noko djupe tankar og utilitarisme som løysar problemet. Det er rett og slett eit meiningslaust oppgulp av påtvunge val i premissar som ser ut til å løyse ingenting for noen. Nei, uansett so trur eg nok Bioware har gått på ein smell her kva enn dei gjer.
  10. Hei, og takk for svar! Ja, einig med at casual gamer var eigentleg ein meiningslaus tittulering. La oss berre sei at eg er ikkje so veldig nøye på om grafikken skal vera på det beste so lenge det gjer meg ein dugandes frames p/second, osv. Men når det gjeld for kva spel so er jo det litt universelt for min eige del. Kanskje mest med fokus på RPG og strategi spel. Eg hadde eit Radeon kort før, relativt bra men eg hugser virkeleg ikkje om det var i 3XXX eller 4XXX klassen, berre at det visstnok var "to stykker" kombinert som eit, massivt (i størrelse, var so vidt eg fekk plass til det), skjermkort. Det som er tingen er at det gjekk adundas i August. Til då kunne eg spela nesten kva som helst som var på marknadet med relativt høg grafikk og ingen problem (eg prøvde Deus Ex Human Revolution "demoen" og den var på topp grafikk, var ingen problem der). Men eg treng ikkje på liv og død spela spel som Battlefield 3 (sjølv om eg spelte også Battlefield Bad Company 2 uten nokre store problem og med relativt høg grafikk, og). I mine augne har eg lyst på Arkham City og Human Revolutions. Men om eg vel eit skjermkort, kva burde eg investera i då som ikkje er "for" kraftig og øydelegg for CPU'en?
  11. Hei, Beklagar om dette ikkje er rett kategori for denne posten men problemstilling er følgende: Eg har ein 3,5 år gamal datamaskin som diverre no har eit øydelagt grafikk-kort. Medan eg skriv detta har eg eit gamalt NVidia kort frå 2001 som funker greitt men ikkje overaskande kan eg ikkje bruke dataen til noko anna enn video/nett-surfing. Problemet er at eg er ikkje sikker på om eg burde investera i ein ny datamaskin eller om å berre bruka pengene på eit grafikk kort. Økonomien står sentralt her men eg har ikkje lyst i å investera i eit heilt nytt kort om eg burde spara til ein heilt ny datamaskin (kjøper komplett sidan eg ikkje tør å setta saman ein heil datamaskin). Men sidan eg ikkje er godt på teknologi-fronter so er eg usikker korvidt brukbar min datamaskin er til dagens spel. Eg definerar meg sjølv som ein casual-gamer og behøver ikkje å ha det beste grafikk når eg spelar, men å ha moglegheten til i det minste spela eit spel som er nytt hadde vert kjekt. Litt om dataen no: NVIDIA GeForce 6600 GT Intel Duo Core 2 E6850 3GHz (4m cache) 4 GIG RAM Så, rett og slett: Er dette dugande maskinvare til dagens spel (borsett frå grafikk kortet, of course) eller burde eg heller spara og investert i ein heilt ny datamaskin?
  12. Om eg tyder dne siste delen av filmsekvensen, der Shepard ser ned på jorde so trur eg sørlandet, Oslo og Stockholm er i full fyr, medan ein eller anna plass i sentral-europa brenner noko vanvittig. Legg meget godt merke til at heile Sibir og Russland ikkje er ramma og at Vestlandet ser nogelunde intakt ut. Som er ikkje so overaskande, gitt at vestlandet syns lite om maskinerimonster og denslags tull.
  13. Vil berre påpeke at Mass Effect 3 ER under utvikling sjølv om det kanskje ikkje er annonsert sånn "offisielt". Kjelde Hugser jo at både EA og Bioware bekrefta at det skulle vera ein trilogi så at ME3 kjem burde ikkje vera ein overaskelse for nokon. MEN! Om denna video'en som dei visar er ME3 er eg litt skeptisk til, men skal ikkje utelukkast. Det er jo kanskje ein CGI trailer som ikkje reflekterar grafikken dei brukar som det dei gjorde med den fyrste ME2 traileren, for eksempel. Kjelde. Einaste eg stussar på då er at fyren ikkje ser ut som den "normative" Shepard som dei har brukt heile tida. Men, igjen, spekulasjonar. Mass Effect 3 KJEM og det skal ikkje me vera redd for, og det vil verta i akuratt samma format og RPG-stil som dei to før, det tvilar eg ikkje på eit sekund. Men seie ikkje nei til eit anna spel i Mass Effect universet.
  14. Det er mykje eg har lyst å kommentere på og masse interessante poengar som har vert gjort her, men har diverre ikkje so mykje tid akuratt no men vil komme med nokre kjappe synspunktar til Visjoner. Ang. finanskrisen so er det nok rett og rimeleg å sjå på det som eit stort, komplekst sammenheng av mange faktorar. Det vert for lett å sei at grådige bankar gja for usikre lån og derfor fekk me det problemet. Når det gjeld utvikling og teknologi trur eg mange glorifiserar kapitalisme i som eit incentiv for progresjon, me treng jo berre sjå på Japan som, trass kva mange trur, ikkje har operert med kapitalistiske prinsippar men er faktisk ein av dei få gjennverande merkantilistiske statene, som ironisk nok var det som stagnerte mange nasjonar sin økonomi får våre gode venar Adam Smith og David Hume klarte å få fram gode prinsippar som då utvikla seg til den økonomiformen kapitalisme er no. Japan opererar med store tollmurar og store statlege reguleringar av nasjonens kommersielle interessar. Det har alikavel klart å bygge opp nasjonen meget fort etter krigen, få kontroll og styrke på økonomien og anerkjent som ein stormakt. Og her må me hugse at Japan, som kjent, står for mykje av den teknologiske ny utvinningen som verda har sett.
  15. Eg tar det for gitt at når du seier "halve befolkningen er ansatt av staten" so overdriv du, og det er og for seg greit. Men etter SSB sine kjelde er det per. 1 januar 2009 (nyaste kjelde) 147.754 menn og kvinner som er sysselsatt i den norske stat. I 2010 var det registrert 2.516.000 sysselsatte i heile Noreg, uansett sektor. Etter ein rask hoderekning so telles det då som 5,9% av alle syssesatte i Noreg. Då vil eg meina at "halve befolkningen er ansatt av staten" er ein ganske so drøy påstand, overdriving eller ei. Kjelde 1, Kjelde 2 Snakker du derimot om ansatte i offentlig sektor (dvs, kommunal og region/lokale helsesektor) so vil nok detta talet hoppe betydeleg opp (men eg finn diverre ikkje nokre kjelde om da i SSB, men syntes eg hugse det var snakk om 35% for nokre år sidan). Men ironisk nok so er økt kommunal ansettelse ein kjenneteikn på ein svakare stat, altså ein mindre regulativ og dominant stat (allà SV, AP) grunnet større sjølvregulering, meir behov for byråkrati på lokalt plan, o.l Og oppfatningen om for "rød" er destruktiv og ødelegg eit samfunn som f.eks Sovietunionen skal eg sei deg eining med, men det trur eg ikkje er særtypisk rødt. Eg meine at ekstremisme i alle politiske spekter er destruktivt og ødeleggande fordi det har ein farleg mengde rein idealisme uten empirisk forstand til å kunne grunnlegge statbyggingen. Edit: Ein liten ekstra informasjon som eg synest er morosamt og sidan eg er sikkert gal. I USA, ifølge the Department of Labor sine side, so er det 7,049 000 ansatte i staten (kommunalt då ikkje inkludert), og ut av 146,743,000 som visstnok er arbeid (synest dette var eit litt lavt tal, men ok.) så vert da 4,8% som er ansatt av Staten i USA. Heile 1,1% lågare enn oss.
  16. Virkeleghetsflukt er knyttet til fenomenet "Ekapisme" some kjem frå det frankse ordet for flukt, "échapper", og som på engelsk kjent som "Escapism". Uten å kunne knytte til nokre handfaste kjelder kan eg sei at det handler om det å 'flykte' frå virkleghetens daglegdagse, trivielle, smertefulle realitetar gjennom fantasi og distraksjonar. Sjølve ordet er knyttet til noko negativt, man kan f.eks sei at ein alkoholikar flykte frå verdens realitetar med å drikke seg full kvar dag, og nokon vil meine at folk flyktar frå den virklege verda med å lesa, sjå på tv, spele spel, osv. med ein implisitt formål av å knytte tilhørleghet med den fiksjonen du tar del av. Men ekapisme er ikkje nødvendigvis å vera i ein negativ sammenheng. J.R Tolkien i "On Fairy-stories" forsvarar då han at man lar seg riva med og leve seg inn i ein fantasi-fortelling fordi det kan føre til økt visshet om seg sjølv og utvikle vår moralske sans. Dette kan sammenliknas med Kants transcendentale idealisme og erkjennelsesteorien når den gjelde å kunna forma rasjonell kunnskap. Det vert litt tungt og masse begrep her, men hovudtankegongen er slik: Rasjonell kunnskap er då idèen om at man kan skaffe seg kunnskap gjennom ikkje-erfarte deduksjonar, dvs. gjennom vårt eige sinn. Sinn er samanlikningen av tankar, sansing, hukommelse, emosjon, vilje og fantasi. So får å gå tilbake til virkeleghetsflukt, so er ikkje det nødvendigvis eit onde for samfunnet eller mennesket, men som med so mange ting her i livet er det når ekstremiteten tar presedens og det vert direkte harmfullt. Dette trur eg er då ein kompleks sammenblanding av personens ståsted, om han har eit liv som han definerar som grusomt, forferdeleg og mediumet han brukar for virkeleghetsflukt sin avhengighetsfaktor. Eg meine at virkeleghetsflukt har alltid eksistert siden me har vert beviste skapningar, om det før berre var dagdraumar, leiking, alkohol og den slags. Dataspel, TV og bøker er berre ein annan form for virkeleghetsflukt som både kan vere eit gode eller eit onde som dei fleste medium ein brukar er.
  17. Eg er forsåvidt einig med mykje av det som står her på desse uformelle definisjonane og eg assosierar alt av detta som konsollifisering. Men eg vil òg legga til at eg og teller med sånn "fixed camera" greie som ofte skjer på konsoll spell men er såpass meiningslaust på PC platform.
  18. Eg har alltid lurt på detta med Baldurs Gate og Bioware. Greitt nok at mykje av dei som skapte Baldurs Gate er no i Bioware men var da då ikkje sanneleg Black Isle som var utviklar og Interplay som var utgivar? Eige Bioware rettighetane over Baldur's Gate franchisèn?
  19. Eg skal ikkje sei mykje om diskusjonen om MJ og pedofili grunnet at det er i essens meiningslaust. Men kvifor det er MMO kan vel kanskje forklarast med at dei er ganske penge-skapende sjølv om du ikkje når Blizzard høgde innanfor spelarmendge og inntekt. Har vel mykje med å sei at visst du minimaliserar utviklings og maintenance kostnaden men alikevel får folk til å betale XXX antall kronar kvar månad kan du alikavel få ein godt slump med inntekt. Og det finnest sikker nok "fans" eller interesserte mennesker der ute som vil prøva da berre fordi Michael Jackson namnet er involvert. Sjølv om eg synest konseptet virker tafat og namnet Michael Jackson appellerar ikkje til meg mest fordi eg synest musikken hans er så som så.
  20. Her var da mykje å ta seg til! Og eg trudde denna diskusjonen var død! Hah! Ok, eg får begynna frå toppen og bygga meg: Problemstillingen min her er følgende; når ein er tretten år gammel so anser eg ikkje denna jenta som myndig og fult klar over sine eigne val. Ho er avhengig av foreldre som tar val for hennar eller oppfordrar hennar til å gjera "dei riktige val". Me har gått gjennom før at me alle har våre eigne morallovar som har sine variasjonar, men følger me vidare med Kants kategoriske imperativ so skal me ha ein allmenngyldig moralsk norm (som f.eks "Eg skal ikkje stjela, fordi eg vil ikkje at nokon stjel frå meg"). Dette er då universaliseringsprinsippet. Dette står i kontrast med dei tidlegare greske sofistane (retorikkarane) som meinte at moral er relativistisk og det ikkje finnes nokon objektiv krysskulturell moralsk standard. Det som er skillet er at Kant meiner ikkje at alle lovar, alle synspunkt, alle moral er skrevet inn i oss og at me, essensielt, har - eller burde ha - samme synspunkt. Men det er verdien, den kvalitative handlingen, i moralen som er lik. Eit samfunn er bygget opp at alle i samfunnet har ein lik allmenngyldig moralsk norm, IKKJE at alle har NØYAKTIG like moralske verdiar, men at det finnes ein grunnleggande allmenngyldig moral som me bygger det opp av. Eg er litt usikker kva som meines her, men det kan hende eg er litt trøtt men eg trur at grunnprinsippet er at man skal ikkje håndheva ein form for kulturidealistisk dom over andre sine skikkar og normar fordi me meine dei er "motbydlege" og so trekker du inn arrangerte ekteskap og omskjæring av jentebarn. Det som då slår meg som feil med å blanda inn kulturidealistisme i akuratt dei sakene der er begge dei to tilfellende involverar mangelen på individuell frihet. Skal man kunne ha eit eigen kategorisk imperativt, altso eit eigen moralsk vurdering av noko so krev da autonomi, altso sjølvstyre. Der eit jentebarn har ingen mogleghet til å kunne ta denne avgjørelsen som går ut over hennar, og ingen andre. Og den kvinnen som vert gifta vekk av sine foreldre har lite ho skulle ha sagt. Som liberalist burde du vel forstå at det er friheten til å ta desse valene som står i sentrum uansett om det er nokon sin kultur. Max Weber definerer ganske grunnleggende kva ein stat er, altså hovudessensen. Men samfunnsviterer har drøftet i mangherdige år kva ein stat er, og for å sitere min lærebok: "Staten er en gruppe institusjoner som har voldsmonopol over et gitt territorium og har suverenitet og legitimitet til å videreføre og håndheve nasjonens policy og lover." (Patrick O'Neil, Essentials of Comparative Politics) Kva er ein stat er varierar frå land til land, kva form for autonomi og kapasitet og kva type politisk økonomi og legitimitet, så det er vanskeleg å sei kva ein stat ER eller BURDE vera. Mykje av det du går inn på omhandler kontraktsteori og kva rolle staten har i samfunnet å gjera. I kontraktsteori so er hovudsaken at menneske i samfunnet går sammen og dannar ein samfunnskontrakt, med den kontrakten oppgir dei visse rettighetar i bytte mot orden og stabilitet som staten (kallet for suvereniteten) - som er ovanfor denne kontrakten - skal garantere og håndheve. Eg skal ikkje gå inn i for mykje om stat og kva rolle den burde ha i samfunnet for det vert - som du nemner - ein smakssak. Men eg vil snakka litt om frihet. Charles Taylor, ein av våre moderne teoretikarar innanfor liberalisme og frihet definerar frihet i to kategoriar: Negativ og Positiv frihet og bygger opp mykje av detta med John Stuart Mill. Du nemner fleire gonger dette med å ha frihet til å gjera som ein vil (innanfor nemnte grensar) og detta med å ha friare tøylar, men det som eg ser på detta er at frihet har ein kvalitativ verdi. Altso, eg er for ytringsfrihet; at ein kreasjonist skriker om sin 6000-år gamal planet og at evolusjon er ein løgn osv er noko eg synest dei burde ha friheten til å kunne sei, fordi, når dei har fri rom til å ytra sine meininger kan og forskarar og vitenskapsmenn som veit mykje meir om verda bruka detta offentlege rom for å slå fast kor feil dei har. Om kreasjonistane ikkje har full frihet til å sei kva dei vil kan dei heller ikkje offentleg verta argumentert mot heller. Men so kjem detta med positiv og negativ frihet. I positiv frihet kan me sjå på detta som detta: I England har dei religiøs frihet, i Albania har dei ikkje religiøs frihet. Men i Albania har dei frihet til å kjøra kor fort ein vil i hovudstaden og det finnest ingen gateljos eller stopp-skilt. I London er det fartslovar og grenser for kor fort ein kan kjøra. Defor er Albania og England like frie. Soklart, detta banale samanlikningen vert feil, men da som meinest her er at ut i frå positiv frihet har sjølve frihetprinsippet ein eigenverdi der man må sjå på det. Eg siterer ein annan bok: "Graden av frihet i eit samfunn kan ikke bare bestemmes ut fra hvor mange dører som står åpne, men hvilke dører som står åpne, og hvor menings-/verdifullt det som befinner seg bak dørene er. Vi i vesten vil mene at ytringsfrihet, med tilhørende rett til fri religionsutøvelse, er mye viktigere enn frihet i trafikken, for eksempel oppheving av fartsgrensene på veiene. Taylors kritikk av liberalismens negative frihetsbegrep går ut på at de som er tilhengere av slik frihet, selv taust forutsetter kvalitative skiller mellom viktige og mindre viktige friheter. Det er altså ikke mengden av frihet som teller for et liberalt samfunn, men hvilken friheter som gjelder." (Trygve Lavik og Kjersti Fjørstoft, Filosofi for samfunnsvitere) Då er mitt sluttkonklusjon av at samfunnet må sjå på verdien av frihet me har og burde ha istadenfor å berre sei at me skal ha so mange frihetar som mogleg. Eg skulle eigentleg skriva litt meir menn eg er altfor trøtt akuratt no og treng meg ein ettermiddagslur, men håper at synspunktet mitt iallefall står klart. Og Su&!, eg ville berre sei til slutt at eg er meget eining i det du resonnerer til i henhald til misogynisme i Japan.
  21. Berre for å spele djevelens advokat kjem eg med eit innspill: Kort forklart er Deadites mennesker som ikkje er døde men overtatt av djevelske entiteter, medan zombier er døde mennesker som står opp fra dei døde og gjer zombie-relaterte ting. Då kan man semantisk sett ikkje kategorisere Deadites som vandøde, og er då ikkje i sama kategori som zombiar. Berre å vera vandød vil heller ikkje vera ekivalent med å vera ein zombie, for du har også spøkelse, vampyrar og andre mytiske figurar som er i kategorien "vandød" men ikkje er zombie. Men no som eg er ferdig å spela djevelens advokat, so vil eg påpeke at journalistikk har som formål å opplyse innan eit allment-forståeleg perspektiv, og med å bruke eit ganske kjent begrep som zombie - som eigentleg har ein ganske vag definisjon og basert på mange forskjellige gamle mytologiar og nyare, moderne bruk av ordet zombie. Hadde tittelen vert "Horrorklassikar spillmatiserast" er det fare for at ein får feil inntrykk av kva type horror det er, sidan zombiehorror er ein subgenre med eigen kultfølge og kultur. Som journalist må ein balansera mellom brede begrepsbruk og konsise formuleringar som skal vera allment forstått av den vide masse og ikkje vera for snevert eller spesialisert.
  22. Ikkje sloss mot ein type fordom med å bruke ein annan fordom som sluttpoeng. Sånt vert da dårleg retorikk ut av.
  23. Hei, og hurra for gode samtalepartnarar! Fyrst vil eg byrja med å snakka om kultur. Kultur for meg, som ein samfunnsvitenskapleg student, er eit sett av idèar, verdiar og normar (som ein institusjon) for eit samfunn (altso ein gruppe menneske). Man skal ikkje sjå på kultur i eit kvalitativt samanheng, altso ein skal ikkje dømma kultur etter at den er "best" eller "dårlegast". Ein stat (staten Japan) har ikkje ein kultur, ein nasjon (nasjonen Japan) har ein politisk kultur men den etniske gruppen (etnisk japanarar) er ein gruppe med ein felles kultur som gjer dei forskjellig frå andre kulturar - som då er definisjonen av ein etnisk gruppe. Då eg problematisere då aspektar av den japanske anime og manga kulturen problematisere eg ikkje den etniske japanske kulturen. Men ein spesifik kultur - som kan ha sterke bånd med den etniske kulturen - og nokre spesifike delar av den kulturen. Detta kan vera litt rotete skreve av meg, eg håpe dykk forstår kva eg vil fram til og at sjølv om totalt objektivitet ikkje er mogleg og at utifrå denna dialogen opererar me alle med manglande empiri til å kunne vitenskapleg legga fram ein teori, so er det overhodet ikkje min meining å problematisera den etniske japanske kulturen med bakgrunn av min eigen. Når eg syntes at erotisk fiksering av tydlege (altfor) unge kvinneskikkelser i manga og anime er feil seier eg det ut av eit moralsk perspektiv, då nermare bestemt eit katagorisk imperativ, der eg baserar min kritikk utifrå tanken eg meine at det burde vera ein allmenn maxim at unge jenter ikkje skal settas i ein seksuell samaheng før dei vert eldre og meir klar over sine eigne valg (f.eks eg vill ikkje at min eigen datter skulle vera fotografert i erotisk klede når ho var tretten, og so vel ikkje ha seksuell kontakt heller, sjølv om i Spania ville det ha vert juridisk lov). So då er det viktig at detta er MIN, personlege moral. Men! Eg er kan for eksempel trekka fram ein interessan avhandling eg las på internettsiden til The University of Hawai, om pornografi, voldekt og seksuell forbrytelsar i Japan (1999). Som, kort fortalt, gjer ein meget bra studie om at pornografi og seksuelt grafisk matrial har ein ganske kulturelt og historisk betydning i Japan og når dei amerikanske stykane de facto tok over Japan opp til 50-åra so vart dei "tvungen" til å endra sine kulturelle normar til meir vestleg standar og regjeringen i Japan ivaretok desse konservative, europeisk/vestlege verdiane fram til seint 80-tallet med for eksempel totalforbud på pornografi og all seksuelt matrial, men i bakgrunnen av dette florerte det med erotiske novellar og andre formar for pornografisk utrykk (som, for å gjera det klart, eg ikkje har noko helst imot eigentleg). Og ein av hovudpoengene der er at når pornografilovane vart igjen meir liberale var det mange som frykta at valdtekt og andre formar for seksuelle forbrytelser ville øke dramatisk men det som faktisk skjedde var at statestikken gjekk ned! Relevant, kanskje ikkje, men alikavel meget interessant. På ein annan side so har Japan ein av dei mest "liberale" barnepornografi lovane og det har ikkje vert mykje fokus på å sette vern kring dei utsatt for barnevaldtekt til nylegare tid (referanse, Reuters 2008). Dette er jo noko eg synest er problematisk. Som til slutt ville eg berre sei til Spartakus at du ser ut til ha meir innsikt i anime og manga kulturen enn meg og har sikkert sett mykje meir (med vekt på mykje) enn da eg har. Og eg vil berre igjen presisera at alt eg har sagt kunne og sikkert burde vektleggast meir med empirisk data, noko som eg ikkje har. Men eg føler alikevel at utifrå min eigen moral burde eg kunne gjera kritikk mot dei aktuelle tilfellene (som Lolicon og Junior Teen).
  24. Når det var snakk om overseksualisering er det primært av unge kvinner (jenter, altså i <16 alderen) eg meinte, og ikkje då nødvendigvis berre i form av klede. I Norge, eller vesten for å vera generaliserande, so er jo det heilt riktig å kunne påstå at klede for kvinner er mykje meir utfordrande enn før, men samtidig skal det og vere ein form for "styrke" i det og kvinner skal mykje meir eigenrådig og sjølvstendige, det vert ofte referert til sexpositiv-feminisme, men eg skal ikkje akuratt påstå at folk går med utfordrande klede som ein form for politisk eller kulturell idealisme. Mine "issues" med den japanske manga og anime kulturen og subkulturar rundt der er primært det som kallest for "Junior Idol" og "Lolicon", og derfor hovudsakleg detta med å plasera svært unge, kvinnelege aktørar i ein erotisk samanheng. Eg meine og at rollen kvinner ofte tar i slike anime/manga underhaldning kan samanliknast med 50-tallets europeisk kvinnesyn som er konstant eit offer og ein emosjonell bombe. Men HER er det viktig å presisera noko: 1. I empirisk ånd vil eg ikkje påstå at detta er alle kvinneskikkelser i anime, og eg er sikker på at du kan nemna nokon unntak og da kan eg og faktisk 2. Min bekymring eller kritikk ligger i at det virker som "normen" og ikkje "unntaket " viss ei kvinneskikkelse er den 50-talls ideal kvinnen. 3. Europeisk/vestlig mediakultur har også tilbakerykk angåande detta, som ikkje gjer saken betre eller verre. Men til syvende og sist faller eg nok på kva du seier om forskjell i kultur. Eg kan ikkje bedriva med kulturimperialisme eller prøva å fella ein heil etnisk gruppe sin kultur med å peka på min og sei "Sånn skal det gjerast, gutar.". Kultur er det samme som med haldningar, når vår eigen regjering eller ein gruppe i vår samfunn vil driva "haldningskampanjar" for å endra våre haldningar ristar eg lett på hovudet fordi eg trur det er bortimot umogleg å tvinga eller påvirka ein kultur bevist eller formållsretta iløpet av berre nokre få år. For mange faktorar heng saman til at ein kan forventa at alt skal endra seg sånn som du vil. Men eg reservere min rett til å kritisera, om berre for å utrykka ein meiningslaus frustrasjon som i det store vil ikkje ha noko å si for nokon partar. Men med Sokrates i sinn meine eg det er berre friskt og kjekt å i det minsta ha ein dialog.
×
×
  • Create New...