Gå til innhold

Skrellaren

Medlemmer
  • Innlegg

    101
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Skrellaren

  1. Ein ven av meg har hatt ein PC med to HDar i RAID 0 gåande i eit par år no, og RAIDet har funka eksemplarisk, heilt til idag. No vil ikkje RAIDet vise i windows (han får boota, sidan OSet ligg på ein eigen fysisk HD) lengre. Kva kan vere i vegen? Kan HDane ha teke kvelden? Han har sjølv ein teori om at det kan vere noko i vegen med hovudkortet, men sjølv tvilar eg litt på det. Eg har aldri høyrt om at ein enkelt feature på eit HK har slutta å virke, medan resten fungerar som normalt.

     

    Kva vil skje med data på disken om han prøvar å koble ut den eine HDen i raidet, og kjøre den som ein vanleg SATA-disk?

  2. Varer eg bestilte frå Amentio i byrjinga av august mottok eg først to veker etter dagen eg bestilte, og dette var varer dei hadde på lager. Dei skulda på at Norek, som dei brukar som underleverandør, hadde leveringsproblem, og det har dei tydelegvis endå.

     

    Med andre ord; eg vil ikkje anbefale nokon å bestille frå Amentio slik det er no, om det er viktig å få vara kjapt. Dei er kanskje uslåelege på pris, men på leveringstid har dei mykje å ta tak i.

  3. Hehe.. Intel Core 2 Duo er ein CPU med to kjerner, eller to CPUar i ein, om du vil.

     

    RAM: med desse brikkene gjer du ikkje eit dårleg kjøp. Rimelege og raske. Pass berre på at hovudkortet du kjøper støttar desse brikkene. Det gjer det truleg, men enkelte HK er litt kresen på kva RAM det støttar. Kva HK går du for, btw?

     

    Kabinett har eg ikkje så stor peiling på, men eg er iallefall særs nøgd med mitt Antec P180. Stort og lettbygd.

  4. Chokke: E6750-CPUen (forøvrig same CPU som eg har, ein kongeCPU) er bygd på 64bits-arkitektur, med andre ord vil det absolutt vere klokt å kjøre 64bit Vista med den. Vista kjem forøvrig i både 32bits- og 64-bits utgåve.

     

    Perpendiuklær lagring er ein ny og raskare måte å lagre på harddiskar. Nøyaktig korleis teknologien fungerar veit eg lite om (du finn det sikkert ut om du leitar litt i lagringsmedier-kategorien), men teknologien er like om hjørnet, om det ikkje allereie finst diskar som støttar den.

     

    Uansett, om du har 2 stk. 250GB Sata-diskar, så er det berre å kjøre dei i RAID0, så kan du eventuelt investere i perp-diskar seinare. Du vil iallefall ikkje få nokon flaskehals om du kjører desse to i RAID.

     

    Fulgu:

    AMD + Nvidia = sant

    AMD + ATI = sant

    Intel + Nvidia = sant

    Intel + ATI = sant

     

    Everything goes. :)

  5. 64-bit Vista har eg køyrd ei stund no utan problem av noko slag. Klart, det tek ei lita stund å bli van med areo, men det veks på ein, og etter ei stund ser XP ut som 3.11 i samanlikning. Eg anbefalar å gå for Vista Home Premium som du får kjøpt i dei fleste nettbutikkar i OEM-utgåve til rundt kr. 800. Og ja; gå for 4 GIG PC6400 RAM, først som sist. RAM er omtrent gratis for tida.

     

    Edit: Ang. harddiskar, med mindre du sit med eldgamle ATA100-diskar vil ikkje HDane dine bli nokon flaskehals. Raptor er ikkje vits å investere i, då ytelsesforskjelen er minimal mellom 7200RPM og 10000RPM-diskar. Kjøp deg heller nokon perpendikulær-diskar når dei kjem (rett rundt hjørnet), evt. kjør diskane dine i Raid0.

  6. Fantastisk sitéring!

     

    On topic: Ang. Intel vs AMD/Nvidia vs ATI; slik eg har forstått marknaden sånn den er i dag, vil du få absolutt best ytelse for pengane om du går for ein Intel Core 2 Duo CPU i 6x50-klassen, samt eit Nvidia-grafikkort i 8800GTS-klassen. Det er iallefall desse komponentane som finst i så godt som alle forslag til nybyggjarPCar på forumet her for tida.

     

    Sjølv har eg nyleg bygd ein PC med C2D 6750 @ 2,6 GHZ og Geforce 8800GTS 640, og den køyrer Bioshock i Vista med 1680x1050 (på ein 22" widescreen), med detaljar og eye-candy på maks, og det går superglatt.

  7. I det siste har eg hatt eit lite problem med winamp si shell-integrering i windows explorer. Vanlegvis, når eg merkar ei fil og høgreklikkar på den så får eg opp to winamp-relaterte valg; play in winamp og enqueue in winamp. Problemet er no at eg kun får opp desse valga dersom eg vel to eller fleire filer, og dette er så smått irriterande når eg t.d. vil leggje til berre ei låt i ei speleliste.

     

    Er der nokon som har vore ute for dette problemet og veit korleis det kan fiksast? Eg har prøvd å reinstallere samt oppgradere til nyaste versjon, utan hell. Eg køyrer forøvrig XP pro, om det har noko å seie.

  8. Det er mogleg det finst svar på dette i ein eller annan tråd, men det finst no så mange trådar med xx antal sider at det etter kvart har blitt ein smule vanskeleg å finne den infoen ein treng. Hvis nokon har lyst å linke meg vidare til ein aktuell post så kan dei sjølvsagt gjere det.

     

    Problemet er; korleis kalibrerar eg min 226BW dersom eg ikkje veit kva panel eg har? Det står ingen info på baksida av skjermen, ei heller på den "hemmelege" setup-menyen. Eg fekk skjermen min i dag, og synest biletet er langt ifrå optimalt. Fargane er i overkant blasse, og alt i alt er biletet for lyst. Eg har ikkje særleg lyst til å spele Bioshock med desse skjerminnstillingane, for å seie det slik. Bør eg bruke softwaren som kom med skjermen? (Natural Color/MagicTune)

  9. Microsoft har eit varemerke som heiter "Genuine Advantage", eit valideringssystem som undersøker om versjonen du har av Vista (eller XP for den del) er ekte eller om du har ein piratversjon. Det er heilt sikkert dette dei siktar til med "ekte Windows Vista", berre omsett til norsk. :)

     

    Edit: Noob11 var litt kjappare enn meg..

    Edit 2: Noob11: Ja, eg må alltid overformulere.. It's a curse! ;)

  10. Onsdag 08.08: Eg bestiller DVD-RW, CPU, HK og Vista frå Amentio.

    Måndag 13.08: Pakke som inneheldt DVD-RW kjem på døra.

    Søndag 19.08: Resten av varene er per idag enno ikkje sendt frå tredjepartsleverandør (Norek, om eg har forstått dei riktig), snart to veker etter at bestilling vart sendt ut.

     

    Dette er uhaldbart treg behandlingstid for varer som dei etter sigande har på lager. Dei har endåtil sett ned prisen på HK sidan eg kjøpte det. Det er ille når dei er så trege med å sende ut varer at ting synk i verdi frå ordra er bestilt til dei får sendt den ut.. Bør eg krevje å få vara til dagens pris sidan dei enno ikkje har sendt den ut?

  11. Hva er egentlig poenget med å dualboote 64 og 32?

    9299647[/snapback]

     

    Poenget mitt med å dualboote 64-bits Vista og 32-bits XP er at eg har eit lydkort som eg brukar til harddiscrecording, som kun har drivarar for 32-bits XP. Eg vil difor bruke 32-bits XP til harddiscrecording og 64-bits Vista til alt anna; ergo - eg treng dualboot.

     

    Spørsmålet eg stiller i førsteposten er kanskje ein smule uklart; det einaste eg eigentleg ville ha greie på var om det var mogleg å kjøre eit 32-bits OS med ein 64-bits CPU. Og det veit eg no at er mogleg. :)

  12. Eg gjer det enkelt, og linkar til PCen eg bestilte sist veke.

     

    Eg har enno ikkje fått den, så eg veit ikkje korleis systemet yt enno, men eg vil tru (blant anna frå feedback på forumet her) at den burde yte godt på dagens og morgondagens spel. Eg hadde forøvrig same prissjikt som deg.

     

    Denne PCen har 4GB lavlatency-RAM og eit grafikkort som eg vil tru sparkar frå seg. CPUen er den eg følte gav mest ytelse for pengane, og HK er framtidsretta, med støtte for framtidige 45NM-CPUar og DDR3-RAM. Det einaste eg har å utsetje (så langt), var bundlen til grafikkortet, som var ikkjeeksisterande (drivarar, WINDVD og noko anna hogg..).

     

    Eg gjekk for denne løysinga med tanke på god ytelse i spel, men også for å kunne drage tunge applikasjonar som Photoshop, 3Dstudio MAX og Adobe Premiere utan å slite for mykje.

     

    Edit: Forskjelen på dei likt specca grafikkorta frå forskjellege leverandørar går omtrent kun på bundle og kva klistremerke som er festa på vifta. Enkelte leverandørar har også gått for litt "fancy" viftedesign, utan at det gjer noko som helst for ytelsen. Sjølv likar eg godt designen på Club3D sine kort. Enkelt og stilreint. :)

     

    Diverre var det ingen som hadde desse inne på lager då eg skulle bestille, så eg gjekk for Gainward sitt identiske (dog litt styggare) kort.

  13. Takk for alle svar!

     

    Det vert nok ikkje til at eg investerer i ein Raptor i denne omgang, sidan ytelsesforskjellen er såpass lite merkbar. Eg har også høyrt at Raptor-diskar bråkar meir enn dei fleste 7200-diskar, stemmer dette? Det er isåfall lite ideelt sidan eg skal bruke PCen til harddiskrecording.

     

    Det blir nok til at eg brukar ein 250GB SATA 150 som systemdisk og ein 500GB SATA 300 som scratch-disk for 3D-studio, Pro Tools, Premiere, Photoshop o.l.

  14. Eg skal bygge ny PC med bla.a. C2D E6750, 4GB RAM, GF 8800 GTS 640. I denne PCen har eg tenkt å bruke ein 250GB 7200RPM SATA 150-disk som systemdisk. Spørsmålet mitt er; vil denne HDen fungere som ein flaskehals for resten av systemet, i forhold til ein SATA 300-disk, eller er det slik at 150/300 MB/S kun er "teoretiske overføringshastigheiter" som vert begrensa av diskens RPM?

  15. Eg ville gått for Core 2 Duo E6750 framfor firekjerner. Det er få nok program og spel som idag utnyttar dobbelkjerneteknologi, for ikkje å snakke om firekjerner. Du sparar litt peng, og får ein CPU som vil yte like godt. Innan det vert aktuelt å bruke firekjernersCPUar vil dei CPUane som er for salg idag vere utdatert uansett, med tanke på at 45 nanometersteknologi er rett rundt hjørnet.

     

    4 GIG RAM ja, godt tips det. RAM er så godt som gratis for tida.

     

    Og kva skal du med ein Raptor-disk? Du vil ikkje få merkbar ytelsesauke ved å bruke Raptor, dersom du først og fremst brukar PCen til speling. Gå heller evt. for eit Raid0-oppsett med 2x 500GIG-diskar.

     

    Og; ingen veit kva oppsett som vil gjere Crysis rettferd, sidan Crytek ikkje har sluppe nokon minimumsspecs enno. Men eg vil vere temmeleg sikker på at du ikkje vil slite om du går for eit oppsett med C2D E6750, 8800 GTX og 4 GIG RAM. :)

  16. No har ikkje Crytek sluppe minimum og recommended specs for Crysis enno, men eg trur det ville vere å skyte seg i foten for Crytek hvis dei ikkje optimaliserer spelet for dagens generasjon av grafikkort. Dei kan ikkje akkurat forvente at alle som vil spele Crysis går og kjøpar seg nytt skjermkort i November, iallefall ikkje hvis dei har lyst til å selge eit par mill. eks. Forøvrig skal Crysis støtte DX10, som alle grafikkort av dagens generasjon også støttar.

     

    Så, med andre ord, eg trur eg kan seie med 99,999% sikkerheit at du gjer eit trygt kjøp med tanke på å få god ytelse i Crysis (og mange andre komande spel) om du går for eit kort i GF8800-familen. Eg har sjølv nyleg kjøpt meg eit Gainward 8800 GTS 640, og eg håpar (og trur) at dette kortet skal kunne yte godt for meg iallefall eitt om ikkje to år.

     

    Kjøp! :)

  17. Kjør på! Eit nesten identisk oppsett som eg har dette (Same RAM, CPU og grafikkort).

     

    Folk sine erfaringar med Vista 64bits kan du lese her. Det er ikkje mange som har hatt problem, og dei få som har slete litt med ytelse under spel har oftast ATI-GPU. 64bits OS er heilt klart framtida, det vil kunne yte maks for komponentane dine. Vil du seinare oppgradere til 4GB+ RAM, så kjem du til kort med 32bits Vista, som berre klarar å nytte opptil 3,5GB RAM effektivt.

     

    Lykke til med kjøpet! :)

  18. Dette er ingenting å bekymre seg for. Med mindre ein er av typen som _MÅ_ ha det siste og det nyaste til ei kvar tid, så gjer ein ei god investering om ein kjøper dagens 8800 GTS/GTX-kort.

     

    Tingen er; teknologien vil aldri stå stille, og det er jo berre ein god ting. Så, dei har no annonsert DX 10.1, ca 9 mnd etter at DX 10 kom, og 10.1 vil framleis ikkje verte lansert på eit par månedar. Dei første korta som får støtte for 10.1 vil truleg bli lansert i November/Desember, og sann mine ord: innan prisen på DX 10.1-kort har kome ned på eit akseptabelt nivå (for oss som ikkje likar å bruke 7-8000 på eit skjermkort), vil Microsoft ha annonsert DX 10.2, og nye kort vil vere på veg som gjer dei "gamle" DX 10.1-korta utdatert. Og slik fortset sirkelen.

     

    Der vil _alltid_ vere noko som er raskare og betre rett rundt hjørnet. Ein kan rett og slett ikkje tenkje på slikt dersom ein skal kjøpe hardware, for då vil ein bli sitjande fast i ein evig ventesyklus. :)

  19. Eg reagerte også på grafikkort og RAM. Eg tippar du vil tene på å kjøpe 2GB med litt raskare RAM framfor å kjøpe 3GB med "treg" RAM.

     

    Disse RAM-brikkene ville eg gått for. På grafikkfronten ville eg nok heller gått for Dette kortet frå Gainward, framfor eit som er fabrikklokka.

     

    Og; med mindre du har tenkt å overklokke så tvilar eg på at du får bruk for ein annan CPU-kjølar enn den som fyl med CPUen. Kabinettvifte skulle vel strengt tatt også vere unødvendig med mindre du skal klokke. Mitt forslag er at du droppar ekstraviftene og heller supplerer med slike etterkvart som du ser behovet kome.

     

    Eg vil også anbefale å kjøpe 64bits Vista, sidan CPUen du har valt har 64bits-arkitektur. Prisen er den same, men 64bits Vista vil kunne yte betre på oppsettet ditt, og er definitivt meir framtidsretta enn 32bits.

     

    Lykke til. :)

     

    Edit: Fiksa dårleg lenke

  20. Eg må ha valt ein flott kombinsajon av komponentar sidan ingen hadde nokon kommentarar, den som tier samtykker right? ;)

     

    Uansett, for å lage ei ending på tråden, endte eg opp med å gå for 4x1GB Corsair-brikker med CL5 samt eit tilsvarande GF 8800 GTS frå Gainward. Eg endte også opp med å kjøpe eit Antec P180 kabinett med ein Antec Phantom 500 PSU, slik at eg har litt meir å gå på når eg skal smekke saman PCen.

     

    No er det berre den ulidelege ventinga som gjenstår, håpar ikkje Komplett og Amentio tek seg for god tid...

  21. Oppsett 1 ser vel og bra ut det, men kva du skal med Vista Home Basic (og endåtil retail) er eit lite mysterium. Gå heller for Home Premium OEM til under tusenlappen.

     

    Eg kjøpte nyleg liknande oppsett sjølv (sjå her), med same CPU og RAM og eit litt dyrare HK. Eg gjekk for CL5-RAM til slutt, då eg ikkje klarte å finne CL4-brikker som var billige nok (og på lager.. GeIL sine oransje ultra-brikker var ein heit kandidat, men ingen hadde dei inne, og eg hadde ikkje tolmod til å vente..).

     

    Om eg var deg, ville eg kjøpt 4 gig RAM først som sist, sidan RAM er hylbillig for tida. Pass i så fall på også å kjøpe 64bit Vista for utvida RAM-støtte.

×
×
  • Opprett ny...