Gå til innhold

Skrellaren

Medlemmer
  • Innlegg

    101
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Skrellaren

  1. Det er mogleg å splitte opp/endre ordre viss du har valgt å betale med faktura. Ikkje mogleg viss du betalte med kort, det einaste du kan gjere då er å fjerne ting frå ordren.

    Fyren eg chatta med sa at eg ville få CPU frå samme leveranse uansett om eg venta eller avbestilte/bestilte på nytt. Så eg valgte det siste, og håpar at han var til å stole på..

    3 hours ago, kristwa said:

    Det er vel ikke mulig å splitte opp ordre og samtidig beholde plass i køen hos Komplett? Har samleordre med HK, CPU og kjøler, men kunne vært aktuelt med en ventecpu

     

  2. Får ikkje eg min 5900x om ei veke, så kjøper eg ein 3900x eller liknande på finn i mellomtida, som eg kan få selt for tilnærma lik pris når eg får min 5900x. Eg heller forstår ikkje korleis åpent kjøp fungerar når ein tek vara ut av emballasjen, har på kjølepasta og monterer. Får ein verkeleg pengane tilbake etter det? Butikkane må jo bli harva av misbruk av ei slik ordning?

  3. I går vart "forventet inn på lager" for min 5900x og mitt HK endra frå 6. januar til 6. mars, som for fleire i tråden som har bestilt frå Komplett. Men i dag tidleg skjedde det nye endringer:

    image.thumb.png.6a8eadf7639da1f00f10f1b094777325.pngPlutselig er HK reservert på lager, og CPUen er forventa 3. februar. Mulig det skjedde fordi eg skreiv til dei i chat og klagde mi nød. 😛 Eg held ikkje pusten for CPU-leveringsdatoen, men det er lov å håpe.

  4. Eg trur eg har landa på ein build. Kan nokon som veit meir enn meg (sikkert dei fleste her inne) sjekke om eg har gjort noko idiotisk? No har eg skvisa budsjettet maks og vel så det, så helst ikkje foreslå komponentar som vil gjere det dyrare.

    Og: sidan eg neppe får bygge denne PCen før på nyåret pga. utilgjenglege delar, trur de det er ein sjanse for at eg vil spare meir pengar ved å vente til eit eventuelt nyttårssalg?

    image.thumb.png.525e06b2f355e1b0ebe5683389ff2268.png

  5. 27 minutes ago, PgUp said:

    Ville nok heller gått for denne prosessoren: https://www.komplett.no/product/1172142/datautstyr/pc-komponenter/prosessorer/amd-ryzen-9-5900x-prosessor

     

    12 raskere kjerner enn det intel byr på.

    Vel, der har vi Intel vs. AMD-problematikken. Det skal nok meir til enn to ekstra kjerner for å overbevise meg om at eg skal "skifte side". I tillegg er den CPUen ein tusenlapp dyrare enn den eg har satt opp, og 5200 pushar allereie grensa for kva eg har lyst til å betale for ein CPU. Sikkert ein bra CPU, men eg trur eg heller går for I9 10 kjerner med mindre nokon presenterar meir overbevisande grunnar til å gå for AMD.

     

    4 hours ago, Prusk said:

    Stiller meg greit bak baggiebridge sin anbefaling, om du er ønsker Intel. I MS Flight Sim yter Itnel og AMD ca. likt innenfor samme budsjett i dag.

    Et sted du kan spare noen kroner er på CPU-kjøler, om du har Noctua fra tidligere (og kvittering på dette kjøpet). Noctua ettersender nye fester til nyere system om du har kvittering på kjøp av ny CPU/hovedkort og kvittering på kjøp av Noctua kjøler. Selv har jeg fått fester til både LGA 1150 og AM4 på denne måten. Ulempen er at frakt med post kan ta et par uker...

    Godt tips, Prusk! Eg har ein relativt ny kjølar i gamlePCen. Ikkje Noctua, dog.

  6. Hei alle!

    Gamlestasjonæren, som består av delar frå 2009 (CPU) til 2014 (GPU) har gjort jobben sin, og det er på tide å kjøpe nytt. Ber om tips. Eg har satt saman eit forslag på komplett som eg limer inn nederst, men det er så lenge sidan eg kjøpte nye komponentar at eg ikkje veit om det eg har valt ut er bra (eller om alt passar saman). Eg har stort sett valt "mest solgt" på komplett, og så sett etter gode reviews.

    • Hva skal maskinen brukes til?

    Ein del 4K gaming (MS Flight Sim 2020, Star Wars Squadrons, Assassin's Creed Valhalla, denslags), VR-gaming via Oculus Quest 2, musikkproduksjon, Unity, 3D-modellering og videoredigering. Ganske mykje forskjellig altså. Eg har ikkje enormt høge krav om 60 FPS, ørten hz på Ultra settings, men eg vil jo gjerne at spel skal flyte greit.

    • Prisantydning/budsjett

    Eg har satt av 30K, men det skal og inkludere Oculus Quest 2 med elite-reim.

    • Skal maskinen overklokkes

    Nei.

    • Fortrinnsvis AMD eller Intel-basert?

    Eg har vore Intel-mann sidan eg bygde min første PC for over 20 år sidan, og det skal mykje til for å få meg ut av den leiren. Eg har inntrykk av at Intel uansett er best på alt unntatt gaming, men det veit eg ikkje om det stemmer. Når det er sagt, så høyrer eg gode ting om Ryzen om dagen, så hvis de har gode ting å seie om desse: fyr laus!

    • Er det deler du vet du ikke trenger? F.eks. skjerm, tastatur etc

    Alt skal kjøpast nytt, minus skjerm, mus og tastatur.

    • Evt. andre spesielle preferanser/kommentarer

    Eg vil ha ekstra fokus på lav støy, altså gode kjøleløysinger, utan at det betyr at eg er villig til å bruke 10000+ på custom vasskjøling og denslags. Å betale stort meir enn 6-7K for eit skjermkort er utelukka. Eg skal ha 32 GB ram, og minst ein M.2 1GB SSD. Eg vil helst ha integrert wifi og bluetooth på HK.

     

    Takkar for tips, råd og vink! : )

     

    Her er oppsettet eg har laga på komplett:

    image.thumb.png.8fac23b138bb36cc9b08db1314dcd38d.png

     

    • Liker 1
  7. Eg har same problem som Talker. PCane får ikkje tilgang til kvarandre sine delte mapper, og det til tross for at dei klarer å pinge kvarandre, er på same subnet mask, same arbeidsgruppe, etc.

     

    Er det ingen som veit kvar feilen ligg? Nettverket har funka fint før, men sidan eg formaterte begge PCane så har dei ikkje villa snakke ilag..

  8. Eg prøvar å køyre to versjonar av XP på kvar sin logiske partisjon. Problemet er at når eg installerer XP #2, så dukkar systempartisjonen opp som F: i windows utforsker, medan systemdisken til XP #1 står som C:.

     

    Eg vil gjerne at systemdisken skal bli ståande som C: uansett kva OS som blir boota, og at den andre systempartisjonen skal bli hidden. Veit nokon korleis eg kan få til dette? Å bruke partition magic er ikkje aktuelt.

  9. Heh, akkurat den plassen sat eg også fast ei stund, og det er også einaste plassen eg har lurt litt kva eg skulle gjere (foreløpig, eg er litt over halvvegs). Dersom du går til høgre rett etter at du kjem ut av hovudbygninga, så finn du eit smug. Eg hugsar ikkje nøyaktig kva som skulle gjerast i det smuget, men eg trur det involverte stabling av kasser. Du får prøve deg fram. Evt. kan du google "half life" +walkthrough. :)

  10. Etter å har brukt XP i årevis, blir eg lettare irritert over måten ein behandlar filer på i Windows Explorer i Vista. Problemet ligg i at det ikkje verkar som det er lagt opp til at ein skal ha filene (lydfiler, videofiler etc..) sine på ein annan disk enn den disken Vista er installert på. Eg snakkar altså om den mappa som i XP hadde "my documents" som defaultnamn.

     

    I XP kunne ein berre velgje "my documents"-mappa, for så å høgreklikke og omdirigere den til t.d. [d:\files\]. I Vista har du i staden [desktop\user\undermapper], og kvar av desse undermappene (som "musikk", "bilete", "film") må omdirigerast manuelt (t.d. "musikk" til [d:\files\musikk], osv..). Det virkar også som om der ikkje er nokon enkel måte å opprette fleire slike undermapper (om eg t.d. ville ha ei som heitte "3Ds-filer").

     

    Er det nokon der ute som har tips om korleis filbehandling i Vista kan gjerast litt mindre smertefullt?

×
×
  • Opprett ny...