Gå til innhold

vifteovn

Medlemmer
  • Innlegg

    1 160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av vifteovn

  1. Det har eg ikkje prøvd, men veit ikkje om eg får lov å setta statisk ip. Eg bur på ein studenthybel, og dei kjøyre strikt på dynamisk ip.

     

    Eg misstenkte først at det var ein anna pc som stakk av med min ip, men eg trur egentlig det bare er windows som bølle ting til. Problemet kan ofte oppstå etter pcen har stått opp av dvalemodus også.

     

    Dei andre eg bur med oppleve også problemer med ipkonflikt ved dvalemodus, sjølv om dei har windows vista då.

  2. Hei, pcen min lide av eit alvorlig tilfellet av ip-konflikt. Støtt og stadig, men ikkje alltid, mase den om ip-konflikt. Og det er litt rart då eg har dynamisk ip og får tildelt ipen min via ein dhcp.

     

    Eg får dette problemet sjølv om skrur pcen av og på. Så det er ikkje noko dvalemodus-problem.

     

    Sålangt har ingenting fungert sikkelig, eg kan skriva ipconfig release / renew / flushdns til inga nytte.

     

    Eg opplevde aldri dette problemet i xp, så eg er ganske grønn nå i denne store win7-jungelen.

     

    Eg har lagt ved eit bilete av korleis internett oppføre seg når den har "ip-konflikt", den har nett i eit sekund, og så er det vekke i fem, etc etc etc.

    post-6691-1269296347,6304_thumb.jpg

  3. Litt tilbake til IDT-soundkontroller. Eg får ikkje denne til å hugsa instillingane mine. Kvar gang maskinen starte har den aktivert "super ultra bass boost", noko eg ikkje trenge og må deaktivera etter kvar oppstart.... Nokre tips? Prøva ny drivar?

     

    Når ein drar ut straumen klokke skjermkortet og CPU seg ned?

  4. Mja, likte og likte, den førte til spraking i høgtalerane, så det var jo ikkje så optimalt. Og så syntes eg bassen var ganske kraftigt via headsettet. Eg like å ha lyden mest mogleg nøytral, men det er jo kjekt med bass av og til, men ikkje på ved default :p

  5. Lurte på om eg skulle klaga litt over høgtalerane som følge med, men så vise det seg at det dumme programmet som styre bass og slikt er skrudd på ved deufalt. Korleis kan ein få lagra instillingar? Eg vil ikkje ha super HD BASS skrudd på 24/7...

     

    Og kor finne ein programmet? :p Eg får det bare opp når eg stappe headsettkontakten inn i mik-inngangen, ok, eg kan vel søka etter det.... Men stress :p

  6. Japansk ja. Eg trur dette kan forklarast med ein litan tur til Japan. Då eg var der i 2004 la eg iallefall merke til at alle jenter mellom 15-35 ser heilt like ut i ansiktet, dei har eit aldersnøytralt ansikt, så at dei modelere datamodellene til å sjå ut som det er ikkje så rart.

     

    Det andre eg la merke til var at INGEN av dei japanske jentene/damene eg såg hadde store pupper, eller noko som likna på kløft, eg er ikkje überstø i bh-størrelsar men ingen som hadde over C vil eg tru. Så eg vil tru dette spelet kompensere litt for det då. Eg rekne med det er menn som har designa det :D

     

    Det trur eg iallefall :)

  7. Nokre som har hatt problemer med den fremste headsettutgangen?

     

    I dag høyrte eg på musikk (Rihanna....) på lesesalen då pcen plutselig bestemte seg for å spela musikk via høgtalerane, det var jo ikkje akkurat superpopulært.

     

    Eg bytta til den andre porten og headsettporten tok over igjen.

     

    Nå høyre eg derimot musikk via den fremste headsettporten igjen. Nå skal det seiast at headsettet mitt, sennheiser px100 er 5 år gammalt og lodda samman ein gang, så det kan jo vera kontakten er litt slitt og tvilsam...

  8. Jøss, kan full RGB-skjermen trekka så mykje straum at pcen "knele" :D

     

    Vel, eg har "bare" den vanlige 1080p skjermen, men den er knallgod den også! Like win7 trikset med windowstasten venstre / windowstasten høgre sånn at den legge vindua til venstre eller høgre.

     

    Er det nokre som veit om gode "extra skin" vesker de kan anbefala? Eg har diver det tjukke batteriet som stikke ut bak, eg veit ikkje om det komplisere ting.

  9. Og ein kommentar til HP sin pc, ja, den har betre skjermkort, men du kjem til å angra på at du valgte den skjermen der!

     

    Og eg kan ikkje sei at eg har hatt store problemer med min dell, men har bare hatt den i under to månadar då.

     

    Etter å ha sett District 9 i full HD, WOW! Aldri om eg ville gått tilbake til 13xx * 7xx.

     

    Synes også det er litt irriterande at ladekabelen lyse.... Den kunne i det minste skrudd seg av når du drar ut kontakten frå pcen, men men, detaljer!

  10. Over til meir detaljerte betrakningar.

     

    Eg like headsett"portane". Dei gir god lyd! Dei gir også ein kraftigare bass enn min gamle acer3210 greide og gi, får sjå kva eg like best av den forskjellen i lengden. Eller når eg får prøvd dei ut med mine sennheiser 595.

     

    Kall meg gjerne evneveik, men eg synes strauminstillingssystemet var litt avansert. Eg var vandt til fire-fem instillingar på mine gamle acer, og på denne er det adskillig fleire, og når eg skifte til optimal batterilevetid så er det ikkje alltid den som vise mest batterilevetid igjen, pussigt.

  11. Eg er litt snurt over straumledningen, den er kort! Eller, den er iallefall kortare enn min gamle acer straumledning. Acer sin var kanskje to meter lang. Denne her er 1.4-1.5m kanskje? Og så har jo ein heilt idiotisk knekk ved omformaren! I staden for å "gå vidare" så snur den tilbake igjen?!?

     

    Men men, det er nå detaljer.

  12. Burde kanksje ha spesifisert at det var icore7 ja. Eg veit ikkje kor mykje 3dmark05 profitere av ein fira kjerners prosessor då. Kan prøva 3dmark06 ein gang i framtida.

     

    Så lenge den klare å kjøyra spel glatt er det jo uintressant kva 3dmark gir. Men det får eg først testa etter eksamen :/

     

    Synes skjermen er ganske så lys og fin utan å ha RGB-versjonen. Er det lett og få støv mellom "glasset" og skjermen?

  13. Har nå brukt min dell xps 16 i over ein dag og er ganske så nøgd så langt. Den er rask og veldig lett i bruk. Eg like små detaljer som at touchpaden har multigestures der ein kan "zooma" med to fingrar. Veldig hendig når skjermen er på fine 1080p og skrifta blir liten.

     

    Pcen er litt tyngre enn min gamle, men det var ein liten 14 acer på 2.5kg. Men det er ingen kriminell tyngde. Fult bærbar.

     

    Batterilevetida var 3.5t ++ med 9 celler. Men eg hadde ikkje den mest gjerrige straumsparingsmodusen skrudd på. Er ikkje heilt sikker på korleis windows 7 med sine straumsparingsmodusar fungere endå.

     

    Kan koma med 3dmarkscore etter kvart for å sjå kva mitt setup yte. 1.6ghz, 4gig, 1gb ATI og 128gb flash drive.

  14. Jo jo, miljøvern er ein industri det også, men neppe like mektig som oljeindustrien. Du har kanskje lagt merke til at dei er ein trilliarindustri? Eg vil tru at ein forskar som finne litt snusk ved klimarapporten fort får ein god del meir støtte frå BP og Shell enn frå diverse universitet/regjeringar.

     

    Som sagt, ser du ikkje Bellona? Dei får jo mykje av støtten sin frå oljeindustrien! Hadde miljøspørsmålet vore så HOT så hadde dei vel klart seg utan slik støtte, men dei som SE som artikkelen eigentlig handle om skor seg bare på klimaendringane. Ein kan jo argumentera for at Bellona har eit grønnare mål enn SE, men for å koma dertil har dei nå tatt eit par rare snarvegar dei også.

     

    Slik er har forstått IPCC er det 2000 forskerar som drive og pusle med kvart sitt og saman kjem fram til ein einigheit. Det er ikkje 2000 forskerar som går til SAMME kjelden. Påstår du at ALT forskingsmaterialet dei brukte er juks og fanteri? Eg ville vore veldig overraska om meir enn 1% av det materialet rapporten bygge på er "photoshoppa" om ein kan sei det på den måten.

     

    Eg føle det er noko desperat ved og avvisa eit gigantisk stykke arbeid bare fordi 3-4 stk har bæsja på leggen. For all del, forskingsjuks i alle miljøer er dumt og feil, men kvifor skal "miljøbevegelsen" bli slakta fordi nokre har dumma seg ut? Det var vel ingen som påsto at heile kreftforskings"industrien" var løgnerar då han eine kisen i Oslo blei tatt for forskarjuks for eit par år sidan. Nå står det jo betraktlig meire penger på spel, så då er det vel meir intressant og svartmala situasjonen og klamra seg til halmstrå.

  15. Viss det ikkje er snakk om energi ut av ingenting, så kan eg godta meir av dette eksperiementet.

     

    Men viss dei folka vil ha kredibilitet så rekne eg med at dei hoste opp grunnen til "evigheits"maskinen istaden for å bare prata om andre ting rundt eksperimentet. Det er vel sannsynligvis beviset på at dei ikkje har noko som helts, sidan dei bare prate om andre ting og ikkje GRUNNEN til at det "fungere".

  16. Skapa energi av ingenting ja, hadde ikkje det vore kjekt. Men dette er nok tull og fanteri som alle andre slike evigheitsmaskinar. Om denne tingen fungere, det kan det jo godt vera at den gjer for alt eg veit, så tar den nok energien frå ein plass og OMGJER den, men den skape ikkje "gratis" energi av ingenting. Men for all del, bruk mykje krefter på å bevisa dette ved hjelp av youtube-videoar som seie ca ingenting bortsett frå å ramsa opp klassiske elektromagnetiske likningar. Veit ikkje heilt om det hjelpe å blanda inn teknologi frå teikneseriar heller.

     

    Eg er ikkje heilt stø på på det eg lærte i kvantemekanikk lengre, men der var det vel slik at energi kan oppholda seg i klassisk forbudte områder, men det seie vel ingenting om at energi blir skapt frå ingenting? Hm, nei det var kanskje bare tunnelering det.

×
×
  • Opprett ny...