
René Kongsvoll
Medlemmer-
Innlegg
14 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av René Kongsvoll
-
Kall det gjerne byråkratisk, men å sile ut grupper på førehand – som du gjer når du snakkar om "white trash" eller "MENA" – er både uverdig og feilslått. Det gir ikkje berre uttrykk for menneskesyn som har spelt fallitt, men det er ein analytisk snarveg som står i vegen for ei reell forståing av samfunnsøkonomien. Det er ikkje foreldra vi investerer i, det er framtida. Og born som veks opp i Noreg, i det norske systemet, har stort potensial for å bli nettopp det samfunnet treng: arbeidstakarar, verdiskaparar og skatteytarar. Det er betre med ei universell, dynamisk løysing som treffer breitt, enn å la synsing om kven som er "lønnsame" menneske få styre politikk. Det er ikkje perverse insentiv i seg sjølv som er problemet – det er når dei fører til dårlege resultat. Men dersom eit tiltak faktisk gjev det vi ønskjer – til dømes høgare fødselsrate og fleire framtidige skattebetalarar – då er det ikkje eit onde, men eit målretta verkemiddel. Dersom staten gjev 1 million kroner ved fødsel, og vi får ein auke i fødselsraten på 10 %, vil vi gå frå om lag 52 000 til 57 200 fødslar i året. Det gir ein årleg kostnad på 57,2 milliardar kroner. Det høyrest mykje ut – men det er pengar staten får tilbake med god margin. Ein person med 40 yrkesaktive år og 600 000 i inntekt vil i snitt betale ca. 250 000 i skatt årleg – det gir 10 millionar kroner i skatteinntekter per person. For eitt fødselskull på 57 200 personar gir dette over 570 milliardar kroner i samla framtidig skatteinngang – altså rundt ti gonger det staten investerte. Men skatteinntektene er berre delar av reknestykket. Vi må også ta med den samla verdiskapinga – det barnet faktisk bidreg med til økonomien. BNP per sysselsett i Noreg ligg rundt 1,2 millionar kroner. Over eit livsløp på 40 år betyr det 48 millionar i verdiskaping per person. Ganger vi det med 57 200 personar, får vi 2 745 milliardar kroner i BNP-bidrag frå eitt fødselskull. Med andre ord: → 1 krone i støtte gir staten 10 kroner tilbake i skatt → Og heile 48 kroner i verdiskaping Dette er ein enorm avkastning – mykje betre enn dei fleste statlege investeringar. Til samanlikning brukar vi over 330 milliardar i året på alderspensjonar, over 20 milliardar på landbrukssubsidier, og over 40 milliardar på vegbygging. Alle desse er gode og verdige budsjettpostar, men det gir langt lågare avkastning enn fødsessubsidier.
- 393 svar
-
- 2
-
-
Dei fleste støtteordningar i Noreg er behovsprøvde, nettopp fordi folk sine utgangspunkt er forskjellige. Barnetrygda er rett nok universell, men bustøtte, utdanningsstipend, sjukepengar og sosialhjelp er alle døme på ytingar som er avhengige av økonomi, helse eller livssituasjon. Nokre foreldre får desse stønadene – andre gjer det ikkje. Helsetilstanden er årsaka til at friske personar ikkje mottek sjukepengar, og ingen kallar det diskriminering fordi du ikkje får bustøtte som følge av at du eig eigen bustad og tener godt. Det er ikkje diskriminering, men politisk prioritering. Så virker det som om mange har glømt at «å prioritere» betyr å velge vekk. Slik er det uttrykt i det gitte og snevre eksempelet er det dei med best økonomi som kvalifiserer til nokre støtteordningar, medan dei som har svakare økonomi kvalifiserer til andre, etter at dei hadde like ordningar for dei første to eller tre barna. I mange andre samanhengar aksepterer vi at ressurssterke får høgare støtte. For eksempel meir sjukepengar for dei med høg løn, eller likt utdanningsstipend til studentar frå heimar med høg eller låg inntekt. Ingen kallar det diskriminering, sjølv om nokre får og andre ikkje. Dette handlar ikkje om rettferdsfordeling, men om politiske prioriteringar og kva staten vil oppnå. Dersom målet er å auke fødselsraten, må ein sjå på kvar tilbakegangen skjer. Statistikken viser at det særleg er kvinner med høg utdanning og god jobb i byområda som får færre barn enn før. Mange av desse får eitt barn, eller vel å ikkje få barn i det heile. Difor er det relevant å vurdere kva tiltak som gjer det meir attraktivt for denne gruppa å få barn. Til dømes ting som du sjølv er inne på, som betre permisjonsordningar, meir fleksibilitet og høgare tak på foreldrepengar. Eg ser tanken din om at like livssituasjonar burde gi tilgang til like ordningar, men eg følg deg ikkje heilt på kvifor nokon insentiv er diskriminering medan andre ikkje er det. Til dømes vil ditt eige forslag om å fjerne/heve inntektsgrensa for foreldrepengar først og fremst gagne folk med høg løn. Å gi desse tilgang til betre ordningar er ikkje meir diskriminerande enn at låginntektsfamiliar får bustøtte, straumstøtte eller sosialhjelp. Staten har ein legitim rett til å vurdere kva grupper som skal prioriterast ut frå eigne behov, og no treng vi fleire fødslar. Då må vi vere ærlege på kvar potensialet ligg. Dersom fleire barn blant ressurssterke grupper gir størst demografisk gevinst, så er det der vi bør bruke ressursane, sjølv om det utfordrar det tradisjonelle synet på behov.
- 393 svar
-
- 1
-
-
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
René Kongsvoll svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Mitt leiande premiss for deltaking i all diskusjon er at eg ønskjer å tileigne meg ny kunnskap om andre sine perspektiv. Eg kan ikkje sjå at eg har gitt uttrykk for at eg er uinteressert, og vil gjerne høyre om korleis desse utfordringane kan løysast. -
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
René Kongsvoll svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Det handlar ikkje om spel, men om ansvar. Å kalle det «politisk spel» å legge fram forslag utan fleirtal, er å oversjå korleis Stortinget fungerer. FrP er eit opposisjonsparti. Dei har ikkje regjeringsmakt, men dei har likevel ansvar for å vise kva dei meiner – og kva retning dei vil for landet. Eit politisk parti sitt samfunnsoppdrag er ikkje berre å styre når dei sit i regjering. Det er òg å vise kva dei står for, og kvar dei ville ha teke landet om dei fekk bestemme. Difor fremjar dei representantforslag, sjølv om dei ofte får nei. Dei fleste opposisjonsforslag blir stemde ned, uansett kven som fremjar dei. Det betyr ikkje at dei er meiningslause. Ta for eksempel våren 2023: FrP foreslo å auke kunnskap og samarbeid om kjernekraft. Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde då vedtatt å vere opne for dette på sine eigne landsmøte, men stemde likevel mot i Stortinget. Uten FrP sitt forslag hadde ikkje det vore synleg. Andre eksempel er forslag om auking i forsvarsbudsjettet hausten 2023. FrP foreslo ein tverrpolitisk plan for å styrke Forsvaret. Fleire uttrykte støtte til intensjonen, men berre FrP stemde for. Og i 2025 foreslo FrP å selje NRK, noko fleirtalet var sterkt imot. Det overraska ingen, men forslaget viste ei reell politisk usemje. Politikk handlar ikkje berre om gjennomslag. Det handlar òg om å gjere standpunkt synlege, så veljarane kan ta informerte val. Det er ikkje spel, det er demokratiet i arbeid, og det tenker eg du burde setje pris på, all den tid du er så oppteken trusselen frå fascistiske og totalitære krefter. Eg forstår uroa for den politiske utviklinga internasjonalt. Krig i Europa, aukande autoritære tendensar og svekt tillit til politiske institusjonar er reelle utfordringar. Men å knyte dette direkte og einsidig til "den høge og ukontrollerbare innvandringa" er eit enkelt svar som overser kompleksiteten i problema, og som er farleg nært ytre høgre sitt eige narrativ. Innvandringssystemet er ikkje perfekt og bør diskuterast, men å framstille innvandring som ein ukontrollerbar bølge som er årsaka til alt som skjer, er både misvisande og uansvarleg. Noreg har ein streng innvandringspolitikk, og talet på asylsøkjarar er historisk lågt, og vi tok imot 1.000 kvoteflyktningar i 2024 og 200 i 2025. Å trekke ein direkte linje frå innvandring til ytre høgre sitt voksande engasjement er å forenkle, og det gir legitimitet til farlege haldningar. Det er lett å hefte på innvandring som syndebukk for alt som er gale i verda, men det gjer oss ikkje i stand til å finne reelle løysingar. Om du vil redusere påverknaden frå ytre høgre, så trengs ei realistisk og balansert tilnærming til frykt, forenkling og feilinformasjon. Ytre høgre vert ikkje nøytralisert ved å overta deira språk og framstillingar. Det skjer ved å ta folk si uro på alvor, men svare med fakta, medmenneskelegheit og realistisk politikk. Så må innvandringspolitikk naturligvis debatterast, men vi må vere klare på at politikk er ikkje som å handle daglegvarer. Den enklaste løysinga ikkje nødvendigvis er den beste. -
Dette svaret dreg debatten inn i eit spor eg eksplisitt bad om å unngå – og legg til grunn ei tolkning eg aldri har gitt uttrykk for. Eg vil minne om at innlegget mitt ikkje handlar om etnisitet, hudfarge eller kultur. Det handlar om demografi, velferd og berekraft – og spørsmålet om korleis eit samfunn som Noreg, med stadig lågare fødselsrate og høge velferdsforventningar, kan møte framtida på ein rettferdig og ansvarleg måte. Å framstille dette som ein debatt om “for få kvite barn” er ikkje berre usakleg, det forvrenger heile intensjonen. Eg bad eksplisitt om at vi held slike tema utanfor, nettopp fordi dette handlar om struktur, ikkje identitet. Alle born har lik verdi – det er eit grunnprinsipp. Når det gjeld argumentet om overbefolkning, så er det globalt ein relevant problemstilling – men ikkje i norsk kontekst. Noreg og mange europeiske land står framfor ei utfordring med underbefolkning, ikkje overbefolkning: For få i arbeid til å bere velferdsordningane over tid. Det er heilt legitimt å diskutere korleis vi som samfunn skal møte dette, utan å bli møtt med feilaktige eller ideologisk ladde påstandar. Dersom vi ikkje klarer å halde fast ved sak og prinsipp, blir det vanskeleg å føre den opne og respektfull diskusjonen eg håpte vi kunne ha, om reelle samfunnsutfordringar.
- 393 svar
-
- 2
-
-
-
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
René Kongsvoll svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Ja, det stemmer at FrP vedtok dette på landsmøtet i 2021 – altså etter at dei hadde gått ut av regjering. Det betyr at dei ikkje tok noko initiativ til dette medan dei faktisk sat med makt og kunne ha prøvd å få gjennomslag. Og kanskje viktigare: Det har no gått fire år sidan vedtaket, og partiet har framleis til gode å fremje eit konkret forslag om asylsenter i tredjeland i Stortinget. Det er heilt vanleg at parti fremjar forslag sjølv om dei ikkje har fleirtal – for å markere prinsipp, setje dagsorden og presse andre parti. At FrP har valt å ikkje gjere det, trass i at dei ofte snakkar høgt om saka i media, er nettopp eit døme på den uredelige politiske strategien eg viser til: Dei seier éin ting i offentlege debattar og intervju, men gjer noko heilt anna i praksis. Og ofte får ulike representantar meine ulike ting, alt etter kva publikum dei snakkar til. Det er ikkje nødvendigvis løgn – men det er bevisst misvisande. Så ja – FrP vedtok dette i 2021. Men dei har ikkje følgt det opp, og når ein ser det i samanheng med korleis dei kommuniserer saka, framstår det meir som spinn enn som reell politikk. Det er dét som er uredelig. Når det gjeld forslaget inseg sjølv, så har eg allereie sagt meg enig i at vi bør bruke meir ressursar på å hjelpe flyktningar i sine eigne nærområde. Men forslaget om å opprette asylsenter i tredjeland, altså utanfor Europa, har fleire grunnleggande problem som gjer det useriøst og lite gjennomførbart. For det første krev det avtalar med tredjeland som både er villige til å ta imot asylsøkjarar og som samtidig er sikre og stabile nok til å kunne garantere menneskerettar og rettstryggleik. Slike land er det svært få av. Danmark har forsøkt å få til ein avtale med Rwanda, men det har enda ikkje blitt noko av – nettopp fordi det er juridisk og politisk vanskeleg. For det andre vil slike senter sannsynlegvis vere i strid med internasjonale forpliktingar, som Flyktningkonvensjonen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Ein kan ikkje utan vidare "eksportere" asylansvaret sitt til andre land utan at det går utover rettane til dei som flyktar. For det tredje er det ekstremt kostbart og administrativt krevjande å byggje og drive slike mottak i andre verdsdelar. Ressursane det ville krevje kunne vore brukt langt meir effektivt på tiltak som faktisk hjelper fleire. Det finst derimot seriøse og gjennomførbare måtar å hjelpe flyktningar i nærområda på: - Norge kan støtte FN-organ som UNHCR og Verdas matvareprogram med auka økonomisk hjelp, slik at flyktningar i regionar nær konfliktområda får mat, bustad og tryggleik. - Ein kan bidra til utdanning og helsetenester i flyktningleirar, slik at barn og unge ikkje mister framtidsutsiktene sine. - Noreg held fram å ta imot kvoteflyktningar frå desse områda, som blir plukka ut av FN basert på sårbarheit og behov – ei rettferdig og kontrollert ordning. - Ein kan støtte nabostatar som tar imot store mengder flyktningar, for eksempel Jordan eller Libanon, med bistand og kompetanse. Å hjelpe fleire der dei er – og samtidig som vi fortset ta imot dei mest sårbare – er både meir humant, meir kostnadseffektivt og langt meir realistisk enn å sende folk til usikre leirar på andre kontinent. -
Eg trudde eg hadde rydda i premissa her, dette er andre gongen der vert lagt ord i munnen på meg for å angripe eit standpunkt eg ikkje har. Eg har aldri føreslått å “rette prevensjon mot fattige” eller å dele ut pengar til “velfungerande” på ein måte som verdidømmer folk (det ville også vere bortimot umuleg å finne objektive kriterier for dette). Det eg har teke opp, er eit prinsipielt og ope spørsmål om det kan vere mogleg, innanfor ramma av menneskerettar og etisk ansvar, å tenkje målretta og differensiert rundt fødselsinsentiv. Det eksempelet eg løfta er frivillig, ikkje-stigmatiserande og eksplisitt respekterer at alle barn har lik verdi, og at dei økonomiske ordningane er like for dei første to eller tre barna. Men eg er uenig i at det er diskriminering å erkjenne at ulike livssituasjonar treng ulike verkemiddel. Tvert imot er det eit grunnprinsipp i velferdsstaten. Sjukepengar, bustøtte, utdanningsstipend – alt er behovsprøvd. På same måte kan det vere legitimt å gi støtte til familiar som har ressursar og tryggleik til å få fleire barn, dersom målet er å styrke berekrafta i folketalet. Samstundes kan ein gje valfridom og støtte til dei som står i meir krevjande situasjonar, slik at dei òg får betre moglegheiter, ikkje for å «hindre» dei i å få barn, men for å opne for reelle val, som til dømes betre mulighet til utdanning og kompetanseheving. Ingen ville kalt det diskriminering dersom noken som ikkje har anledning til å dekke det sjølv får støtte til utdanning, medan andre må betale det sjølv. Å seie at all påverknad frå staten automatisk er diskriminerande, er eit radikalt standpunkt som i praksis vil undergrave mykje av familiepolitikken vi alt har: barnetrygd, foreldrepermisjon, kontantstøtte. Dei oppmuntrar jo til visse livsval – og er breitt akseptert nett fordi dei kjem alle til gode innanfor eit universelt rammeverk. Det innlegget mitt etterlyste, var ein open, etisk og samfunnsøkonomisk debatt om korleis vi møter framtida sine utfordringar med låg fødselsrate og press på velferdssystemet. Eg etterlyste ein sakleg diskusjon, og det er fullt mogleg å vere prinsipiell og solidarisk utan å karikere.
- 393 svar
-
- 4
-
-
-
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
René Kongsvoll svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Det stemmer at FrP har foreslått å opprette asylsenter i tredjeland, altså utanfor Noregs grenser, og at Høgre har vist vilje til å vurdere ei slik løysing. Men det er generelt ein uredelig måte å føre politikk på, å meine tre forskjellige ting på ein gong. 1. "FRP mener" 2. "FRP i regjering mener" 3. "Jeg, som frittstående FRP-representant mener" Det som betyr noko er realpolitikken, og i dette tilfellet gjorde dei ingenting av det i dei sju åra dei satt i regjering, og det eine som støtteparti. Dei har heller aldri kome med slike forslag i Stortinget, der sjølv om SP også har ytra seg i positive ordelag om dette, og eit fleirtal ikkje er utenkeleg. Tidlegare har både EU-domstolen og Den europeiske menneskerettsdomstolen kritisert eller stoppa liknande løysingar dersom dei involverte tredjelanda ikkje garanterer tryggleik, rettstryggleik og tilgang til rettferdig asylbehandling. Både Storbritannia og Danmark har inngått slike avtalar med Rwanda, men desse har blitt stansa i retten. Så ja – demokratiet kan være «vrient», men det er også ein garanti for at rettsstaten fungerer. At fleire parti må verte samde, og at ein vurderer både etiske og juridiske sider, er eit teikn på at systemet fungerer som det skal, og at det ikkje går på autopilot. -
Eg vil understreke at eksempelet over ikkje er eit forslag, men ein case for å gi grunnlag for diskusjonen, og enda viktigere: Ingenting i innlegget tek til orde for tvang, inngripen i reproduktiv fridom eller å forskjellsbehandle born etter kven foreldra er. Å avvise ei prinsipiell og etisk drøfting som "ekkel eugenikk" utan å gå inn i substansen, er uheldig og snevrar inn rommet for viktige samfunnsdebattar. Det er heilt legitimt, og nødvendig, å diskutere korleis ein kan sikre både befolkningsvekst og eit berekraftig velferdssystem, utan å ty til uetiske grep. Å samanlikne ein prinsipiell diskusjon om målretta støtteordningar med rasehygiene, er lite presist. Eugenikk handlar om å tvinge fram genetisk «forbetring» gjennom selektiv formering eller tvangssterilisering – ofte knytt til totalitære regimer. Innlegget over skildrar derimot ein frivillig modell, forankra i menneskerettane og velferdsstatens prinsipp, og tek eksplisitt avstand frå tvang og sosialt press. Frå eit juridisk perspektiv er det ikkje i strid med menneskerettane å målrette offentleg støtte etter behov eller samfunnsmessige mål, så lenge tiltak er forholdsmessige, ikkje-diskriminerande og ivaretar den einskildes fridom. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har slått fast at stater har eit visst handlingsrom i sosialpolitikken – det avgjerande er om tiltak respekterer verdigheita og valfridomen til individet. Frå eit etisk og filosofisk ståstad handlar dette om eit klassisk spørsmål innan distributiv rettferd: skal staten vere nøytral, eller har den eit ansvar for å styre utviklinga i retning av det felles beste? Ein politikk som støttar opp under barnefødslar i stabile og trygge rammer, samstundes som han gjev betre alternativ og støtte til familiar i sårbare situasjonar, kan faktisk tene fleire verdiar: fridom, omsorg, ansvar og rettferd. Det er ikkje «sosial sortering» å erkjenne at ulike livssituasjonar krev ulike verkemiddel. Tvert imot vil ein politikk som gjev alle betre føresetnader for å ta eigne val, anten det handlar om fleire barn, utdanning eller stabilitet – styrke både individ og samfunn. Sidan det latar til at dette innlegget har blitt tillagt meiningar det ikkje uttrykker, så kan eg omformulere: Kva slags familiepolitikk er både rettferdig og berekraftig – og kor går grensa for kva staten bør påverke? Så vil eg igjen seia at slike store spørsmål vert bedre belyst når dei møtast med argument, eine eller andre vegen, ikkje avvising.
- 393 svar
-
- 5
-
-
-
-
Fødselsraten i Noreg går ned, og det bør uroe både økonomar og politikarar. Samstundes veit vi at høg andel barn per kvinne kombinert med vedvarande låginntekt, dårleg helse eller utanforskap kan leggja stort press på velferdssystemet, både i form av økonomisk bistand, helsetenester og auka kostnader i skule- utdanningssektoren. Det har vore føreslått av enkelte økonomar å gi ei stor eingongsutbetaling per barn, t.d. 1 million kr for dei første to eller tre barna. Kan det vere etisk og praktisk forsvarleg å utforme målretta støtteordningar som oppmodar stabile, ressurssterke familiar til å få fleire barn (t.d. etter barn nr. 2), samstundes som ein tilbyr frivillige insentiv, som utdanning, prevensjon eller økonomisk støtte, til familiar som står i vanskelege livssituasjonar? Herunder ein frivillig modell som ikkje handlar om tvang eller sosialt press, og heller ikkje om å “straffe” folk for å få barn, men om eit system der staten målrettar belønning og støtte for å ta vare på både befolkningsutviklinga og berekrafta i velferdssystemet. Døme: Ei familie med stabil inntekt, jobbtryggleik og god helse kan få auka eingongsstøtte for kvart barn frå og med barn nr. 3. Ei familie i sårbar situasjon får tilbod om frivillig prevensjon, betalt utdanning og behovprøvd økonomisk støtte som alternativ til å utvida familien raskt. Er dette mogleg innanfor norsk etikk og menneskerettstenking, eller vil det uansett gli over i uakseptabel sosial sortering? Alle barn har same verdi. Spørsmålet her handlar om korleis samfunnet bør forhalde seg til kven som får mange barn, og kva staten bør/kan - og ikkje bør/kan - oppfordre til. Dette innlegget er meint som ein teoretisk/etisk diskusjon over muligheita for målretta fødselsinsentiv, og ikkje som ein debatt om innvandring, religion eller etnisitet. Sjølv om eg ser at det kan ha relevans, så håper eg at slike tema vert haldne utanfor tråden, og at innspela er saklege og prinsipielle, og gjerne frå etiske, juridiske eller samfunnsøkonomiske perspektiv.
- 393 svar
-
- 2
-
-
Jeg hater den norske innvandringspolitikken!!!
René Kongsvoll svarte på freedomseeker sitt emne i Politikk og samfunn
Eg er prinsipielt enig i dette, og det er noko eg gjerne skulle sett av vi gjorde meir av. Samtidig så vil eg peike på at dei same politikarane og påvirkarane som uttrykker dette synet aldri har kome med noko initativ for å gjere det, heller ikkje når dei har vore i posisjon (og har hatt innvandringsministeren). Dei har heller teke til orde for å redusere bistanden til denne typen prosjekt. Då er det oftast ikkje spørsmål om ein skal hjelpe flyktningar i nærområda eller å hjelpe dei i Noreg, men argumentasjonen går ofte på at vi blr bruke pengane på fattige og trengande i Noreg, ikkje på andre sida av verda. Som så mykje anna, så handler det ikkje om at staten har nok pengar, men det handlar om korleis ein vel å bruke dei. -
Dette vert veldig på sida av kva tråden handla om, men eg tenker det er nødvendig å imøtegå, då eg ser at det sirkulerer påstandar om norske leiarar og nasjonaldagen som ikkje stemmer. Vi treng å bygge tillit og snakke sant, også om dei vi er uenige med. Først vil eg seie at norsk sedvane er at nasjonale politikarar har ei tilbaketrekt rolle 17. mai. Feiringa er lokal, barnevennleg og folkeleg, med ordførarar og frivillige i sentrum. Statsministeren og statsrådar held gjerne gjerne fester eller deltek i seremoniar, men dagen er politisk nøytral, ikkje ein arena for partipolitikk og i hovudsak privat. Påstanden om Gahr Støre stammer egentlig frå 2023, ikkje 2024, men stemmer ikkje i nokon av tilfella. Han la ut ei videohelsing, der eg hugser at han snakka om betydninga av Grunnlova, og takka alle som bidrog til 17. mai-feiringa. Når det gjeld Barth Eide, så publiserte han kanskje ikkje eit innlegg om 17.mai i sosiale medier, men han deltok på ein seremoni for utanlandske ambassadørar og diplomatar, slik utanriksministeren har for vane å gjere. Han nemde ikkje nasjonaldagen eksplisitt i sine innlegg, men valgte å understreke at 17. mai også er den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi, og viktigheita av å stå opp for menneskerettar for alle. Eg har merka meg at det har vekt negative reaksjonar i sosiale medier, då frå folk som har eit større problem med at han framhever folk som er annerledes enn at han glømmer å nevne 17.mai. Å påstå at han valgte vekk å feire 17.mai fordi det var "Transedagen" er både løgn og xenofobi, og er ganske umusikalsk i eit innlegg som etterlyser verdiar som ære og fellesskap. Til orientering: Eg støttar ikkje noko fast parti, og har stemt både til høgre og venstre og i sentrum. Eg meiner Jonas Gahr Støre er ein anstendig, veltalande og kompetent statsminister – på same måte som eg hadde tillit til Erna Solberg då ho leia landet, og Jens Stoltenberg før det. Hadde Sylvi Listhaug vunne valet i 2025, så trur eg det også hadde gått bra, for det er systemet og institusjonane som ber oss fram, ikkje ein enkeltperson.
- 73 svar
-
- 4
-
-
-
Du løftar ein dimensjon som vert gløymd: rettar og plikter heng tett saman. I vellukka demokratiske samfunn ligg ofte fokuset på kva rettar ein har, og ikkje plikter. I utgangspunktet tenker eg at det er ein bra ting at folk er bevisste på rettane sine, då det er desse som avgrensar staten si makt og vernar om individet. Samtidig kan vi spørre oss om kven som har ansvaret for å minne oss på pliktene som følgjer med? Her lener eg mot at det er dei vi har valt til å styre, politikarar og institusjonar, som har eit særskilt ansvar. Dei må vere tydelege på kva som krevst av oss for å halde oppe dei rettane og godene vi har, og korleis vi alle bidreg til fellesskapet. Noko som ikkje berre handlar om lover og reglar, men om tillit, ansvar og ei kjensle av felles mål. Alt dette, meiner eg, bør starte med ærleg og tydeleg kommunikasjon frå dei vi har gitt mandat til å leie. Om dette mislukkast, så forvitrar tilliten til styresmaktene og samfunnet misser evnen til reformar eller store omstillingar. Eg vil også svare på ein tidlegare post frå trådstartar om soldatar med innvandrarbakgrunn. Mi erfaring er at denne gruppa si deltaking er heilt avgjerande for eit moderne militærvesen. Dei har språk- og kulturkunnskap som er avgjerande i kontakt med sivilbefolkning i konfliktområde, har lettare for å forstå lokale kodar, tolke situasjonar og bidra til betre kommunikasjon og færre misforståingar. Alt dette redder liv. Eg tolkar det ikkje som du meiner det negativt, men eg er litt ukomfortabel med at vi nyttar omgrepet "nye landsmenn". Dei fleste av desse ungdommane er fødde og oppvaksne i Noreg, og kjenner ikkje noko anna heimland, så på eit eller anna tidspunkt så må dei (og vi) få lov å kalle seg norske.
- 73 svar
-
- 2
-
-
Først, så vil eg gje litt kontekst. Eg kjem sjølv frå ei militær familie, der familiemedlemmer har vore tilstades i Narvik, på Walcheren, i Midtausten, Afrika og tidlegare Jugoslavia. Svaret mitt er naturleg nok farga av dette. For å svare på spørsmålet ditt, så vil eg seie at det er todelt. For det første, så er det å gjennomføre militærteneste ei verdival, fordi det ein forplikter seg til er å ta andre sitt liv. Å vere villig til å døy sjølv er ei forlenging av dette, men helst vil ein få andre til å døy for sitt fedreland og sine overbevisninger. Der er ingen ære i å døy. Å vere villig til å døy for fedrelandet, og å læra seg å ta liv, er eit etisk spørsmål om kva ansvar og moral forholdet mellom individ og samfunn krever. I eit samfunn der kvar borgar har rett til fridom, tryggleik og eigedom, bygger heile samfunnskontrakten på at vi gir frå oss noko individuell makt til felleskapet i byte mot at fellesskapet vernar oss. Å verne landet er ei plikt som går ut av denne kontrakta: vi forsvarar det som vernar oss. Dei som har evner og vilje har også ei moralsk plikt til å forsvare dei som ikkje kan forsvare seg sjølv. Dette forutset at samfunnet vi forsvarar, faktisk respekterer desse rettane. Dersom samfunnet misbrukar makta si eller fører krigar utan heimel i Folkeretten, så fell det etiske grunnlaget bort. Moralsk sett må vi spørje om det å ta liv nokon gong kan rettferdiggjerast? Menneskeliv har ein eigenverdi som ikkje kan målast i nytte eller politiske mål. Slik vil det å ta liv bety å vere villig til å bruke andre som middel for å oppnå eit mål. Samstundes kan det finnast situasjonar der det å ikkje gripe inn, til dømes ved å la eit overgrep (mot statar eller enkeltpersonar) skje, også er eit etisk svik. Då kan det å verne andre med våpenmakt, i siste instans, vere ei moralsk plikt. Så er spørsmålet kven det er som avgjer kva som er verdt å krige for? I demokratiske land må slike beslutningar kome gjennom fri samtale, der alle stemmer vert høyrde. Det er ikkje nok at staten krev lojalitet, den må også forsvare og overbevise om nødvendigheten av handlingane. Dette er universelt, både når det gjeld skattar og avgifter, og å be/tvinge nokon i krig. Dersom ein skal døy for eit samfunn, så fordrar det at ein har tru på det samfunnet, og at det står for verdiar ein kan forsvare med samvitet, og i ytterste konsekvens livet. Verneplikt og militærmakt må ha ei klar forankring i rettferdighet og demokrati, og i vårt tilfelle er det konstitusjonelle grunnlaget nedfelt i Grunnlova §119. For å avslutte med det trådstartar spør om, så er det å døy for fedrelandet er ikkje ei plikt, men eit personleg og etisk val. Det krev ein gjennomtenkt refleksjon over kva slags samfunn ein vil støtte, og kva grenser ein er villig - eller ikkje er villig - til å krysse, sjølv i krig
- 73 svar
-
- 5
-
-
-