Sjølv om Sverige har nærast dobbelt så mange menneske buande i landet sitt som oss, så er ikkje det ei unnskulding. Dei har selskap som Machine Games, DICE, Avalanche Studios, Paradox og Massive Entertainment som har servert AAA-spel opp gjennom åra. Om vi tek land nærare vårt folketal, så har Danmark IOI som står bak Hitman-spela og Playdead som står bak Limbo. Også Finland då... Der er det så mykje å ramse opp at det ikkje er noko vits. Ein kan håpe at Noreg gjer det betre på spel-fronten ei gong i framtida men nett no er ståa skuffande.