Gå til innhold

Bountymann

Medlemmer
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Bountymann

  1. Tusen takk for kjapp og god hjelp @Janvik. Etter å ha leita resultatlaust etter ein knapp for HW offloading i det grafiske brukergrensesnittet måtte eg ty til litt googling og fann denne artikkelen. Eg følgde instruksen gitt der:

    configure
    
    set system offload ipv4 forwarding enable
    set system offload ipv4 gre enable
    set system offload ipv4 pppoe enable
    set system offload ipv4 vlan enable
    set system offload ipv4 bonding enable
    
    set system offload ipv6 forwarding enable
    set system offload ipv6 pppoe enable
    set system offload ipv6 vlan enable
    
    set system offload ipsec enable
    
    commit ; save

    Fekk melding om at den med "bonding" ikkje var ein kommando, og at offload for VLAN på IPV6 ikkje kunne skruast på med PPPoE påskrudd, men lagra øvrige kommandoar, og har no fått same hastighet nedstrøms Pro Curve som eg får rett i heimesentralen. 

    @ColdIce: Takk for tipsa. Eg meiner berre å ha lest at Altibox på eit eller anna vis skapar trøbbel for dei som hoppar over deira heimesentral, men veit det ikkje. Kan jo forsåvidt sette den i bru-modus, men er usikker på om det gir meg nokon verdi. Forutan utfordringa med hastighet, har alt fungert greit. Har to fastmonterte (i vegg) nettkablar til hybel frå teknisk rom og fem faste nettkablar til resten av huset. Ein av desse går til ein trådlaus ruter som står litt meir gunstig plassert enn heimesentralen til Altibox. Har i tillegg to faste nettkablar til huset som blir brukt til TV-ar og som eg har kopla rett i heimesentralen til Altibox. Korleis kan eg sette opp EdgeRouter slik at den blokkerer trafikk mellom subnet?

     

     

  2. Hei,

    Eg har Altibox fiber 500/500 Mb/s med mediakonverter og Altibox sin "FMG" heimesentral. Heimesentralen står ikkje i bru-modus. Bak heimesentralen har eg ein EdgeRouter LITE som har konfigurert to VLAN. Så har eg ein HP ProCurve 1810G-8 som er kopla i EdgeRouter LITE, kor eg har to portar på eit VLAN som går til hybelen og fem portar på eit anna VLAN som går til huset. 

    Når eg koplar meg rett i heimesentral får eg hastighet 500/500, men når eg koplar meg til portane i HP ProCurve får eg berre 160-170 Mb/s hastighet. Nokon tips? Har lite peiling sjølv og veit ikkje kor eg skal begynne.

    Helsing Øystein 

×
×
  • Opprett ny...