Gå til innhold

Arne K

Medlemmer
  • Innlegg

    38
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Arne K

  1. Hydrogenbilar har hatt dei same insentiva som elbilane like lenge. Så vi behandlar naturlegvis nullutsleposbilane likt. Ein elbil med 1 person gjer same transportnytte, og har lik ulempe som ein hydrogenbil med 1 person i. Dermed er det ikkje rimeleg at den første ikkje får køyre i kollektivfeltet og må betale meir i bompengar enn den andre.

    Så same insentiv til same tid for alle typar nullutsleppsbilar.

    • Liker 1
  2. Selv om man stoppet alle kjøretøy i hele verden, vil det ikke ha noen særlig effekt på co2-nivået; Av de 800 største fraktskipene, forurenser ett enkelt av dem ...like mye som det alle kjøretøy i hele verden gjør på et år - på en enkelt tur fra Asia til Europa. Siden hvert enkelt skip rekker 4 slike turer i året - rekker de nevnte 800 skipene å forurense like mye som 3200 ganger det alle kjøretøy forurenser i året. ERGO; Alle kjøretøy i verden forurenser mindre enn 0,03 prosent av den menneskelige forurensning. Med det bevist, kan man maksimalt fjerne 0,03% av den menneskelige forurensing, ved å få alle kjøretøy over på elektrisitet - og da, kunn dersom alle elbilene lades med "grønn energi"!

     

    Nei. Det er fullstendig feil at eit stort frakteskip slepp ut like mykje CO2 som alle bilar i verda gjer på eit år. Viss det skulle vere sant måtte skipet brukt like mykje drivstoff som alle bilane i verda.

     

    Sanninga er at all bilane i verda slepp ut langt meir CO2 enn alle skipa i verda til saman.

    • Liker 8
  3. Slik blir din elbil-fremtid

    Har du kjøpt elbil for å slippe unna bompenger, moms, parkeringsavgift og fergebillett? Da kan du snart få deg en ubehagelig overraskelse

    Ikke rop hurra alt for lenge, verken fordelene om skattefri\kjøring i kolitivfeltet eller gratis parkering er neppe folkerett.

    Heller ikke gratis ladning, så etter 2020 kan elbil bli dyrt i bruk.

     

    Det er lenge sidan det var gratis parkering over alt, og gratis ferje har det aldri vore.

     

    Men no har dei endeleg implenentert vedtaket om max. 50% takst i bomstasjonar, offentleg parkering og ferjer. Det er det ingen planar om å endre i overskueleg tid.

     

    Dei som er dumme nok til å kjøpe eksosbil i dag må vere klar over at dei må betale dobbelt av elbilistane så lenge dei har bilen.

    • Liker 7
  4. Tesla og tilsvarende biler trenger forholdsmessig mye strøm tilgjengelig.

     

    Det stemmer ikkje. Det er kor langt bilane køyrer i løpet av ein dag som er avgjerande for kva effekt dei treng, og ikkje storleiken på batteriet.

     

    Og det må gis en garanti for at ikke borettslaget må ta kostnaden når det er for lite strøm tilgjengelig i området.

     

    Det vil vere svært sjeldan at det er for lite straum tilgjengeleg. Ladesystem som vert innstallert i fellesgarasjer kan ha lastbalansering med resten av byggningsmassen, slik at overskotskapasitet f.eks. om natta kan utnyttast til lading.

  5. Det er blank løgn at elbiler ikke har behov for oljeskift! Tesla må skifte girolje hver 15 000 km, og det er både dyrere og hyppigere enn vanlige biler. [\quote]

     

    Her kjem du med ein blank løgn. Olje på DU skal skiftast kvar 80.000 km.

     

    Tesla har dessutan 20.000 km serviceintervall.

     

     

    Tesla har også store og dyre problemer med drive unit[\quote]

     

    Skift ut "har" med "hadde".

    Med min første DU merka eg slakk etter 20.000 km, brummande ukyd etter 50.000 km og den såkalla sirkelsaglyden etter 75.000 km. DU skifta på 80.000 km.

     

    Har no køyrt 167.000 km, altså 87.000 km med ny DU utan å merke noko som helst problem eller ulyd med motoren. DU-tråden på elbilforum har også dødd ut for lenge sidan.

     

    og batteriene må skiftes mellom 100- og 150 tusen kilometer.

    [\quote]

     

    Blank løgn igjen. Min har køyrt 167.000 km på orginalt batteri. Kontaktor vart skifta utan at batteriet måtte byttast no i sommar.

     

    Dette har vært gjort i ALLE langtester av Tesla jeg har lest!

    [\quote]

     

    Då har du ikkje lest mange. Tesloops Model X90D har passert 500.000 km på orginalt batteri.

    • Liker 1
  6. Det er vel ikke grønn energi som kommer inn gjennom ladepluggen? Har ikke vi solgt mesteparten av vår grønne energi til Europa? Grønne sertifikater? Vi kan vel ikke selge strømmen vår to ganger?

    Passer nok dårlig i forurensings regnskapet!

     

    Det er vel berre å kjøpe opphavsgarantiar for straumen det, så kan Hurtigruta også marknadsføre seg med nullutslepp. Opphsvsgarantiar er svært billige og vil ikkje utgjere nokon stor kostnad.

     

    For det norske utsleppsrekneskapet har opphavsgarantiar uansett ikkje noko å seie. Det skal utslepp frå norsk elproduksjon brukast, og den ligg i følge NVE på 16g CO2-ekvivalentar pr. kWh.

    • Liker 6
  7. Vent til avgiftene kommer, da vil nok trenden snu. Eneste grunn til at folk kjøper elektrisk i dag er pris. Se bare hva som skjedde i danmark.

     

    Elbilpolitikken i Danmark tener som døme på korleis ein IKKJE skal gjere der. Eg reknar med at norske politikarar har fått med seg konsekvensen av avgiftsauken i Danmark, og det gjer nok at det er mindre politisk vilje til å innføre avgifter på elbilar no.

     

    Det ser også ut til at fleire av dei partia som var med på det danske vedtaket, no er i ferd med å snu. For det var nemleg ikkje meininga av elbilsalet skulle minke.

     

    "Radikale Venstre har meddelt regeringen, at partiet agter at træde ud af aftalen, »hvis der ikke snart kommer nye boller på suppen. Og vi taler om uger, ikke om måneder,« som Martin Lidegaard formulerer det."

     

    "Jesper Petersen (S) mener i tråd med Radikale Venstres Martin Lidegaard, at afgiftsniveauet på 20 procent skal fastholdes, »indtil der er så meget gang i elbilmarkedet, som vi er blevet stillet i udsigt af Skatteministeriet, da vi lavede aftalen."

     

    https://www.information.dk/indland/2017/02/falder-antallet-elbiler-danmark-0

  8.  

    hele veien til Trondheim

     

    Nok en gang er Nord-Norge ekskludert. Jeg vil dermed boikotte YX og vil ikke fylle bensin på deres bensinstasjoner her oppe.

    No er det på gang ein utbygging av ladestasjonar i Nord-Noreg (desverre ikkje Finnmark). Men på grunn av lite kundegrunnlag er denne utbygginga førebels heilt avhengig av støtte frå ENOVA.

     

    Dei nye "lynladarane" er ein rein komersiell utbygging, og vil derfor måtte plasserast der utbyggarane ser det mogeleg i tene inn att investeringskostnaden.

     

    Men husk at dei nye elbilane også kan bruke eksisterande 50 kW hurtigladar.

    • Liker 2
  9. Ok. Så 150 millionar er nok til å rulle ut eit hydrogennettverk i følge NEL. Då foreslår eg at ENOVA løyver 150 millionar, og deretter avsluttar vidare støtte til hydrogeninfrastruktur.

     

    Så får det vere NEL og hydrogenbransjen sitt problem korleis dei skal få bygga fleire enn 10-15 stasjonar for denne summen :-)

     

    (Kven er det eigentleg Simonsen prøver å lure?)

    • Liker 3
  10. Det ser ut som hydrogenforkjemparane må til med dobbelt bokhalderi for å få reknestykket sitt til å gå opp.

     

    "Der presenterer Hyop et regnestykke som tar utgangspunkt i at 400 hydrogenstasjoner à 25 millioner kroner vil kunne betjene en flåte på 600.000 biler. En 50/50-deling av kostnadene mellom det private og offentlige gir ei regning på fem milliarder kroner på hver.

     

    – Dette beløpet utgjør omtrent det staten har vært villig til å avstå i form av avgifts- og momsfritak for de 10.000 første Tesla-ene."

     

    Men dei gløymer at Staten må vere villig til å avstå same beløp for dei 10.000 første hydrogenbilane som dei har vert villige til å avstå for dei første 10.000 Teslane. Og så må Staten *i tillegg* bidra med like mykje for fyllestasjonar, mens Tesla har byggd hurtigladestasjonar utan nokon direkte støtte.

    • Liker 7
  11. I utgangspunktet greit å betale for ladetid ,men da ville jeg i allefall sørge for å være alene på stolpen ,da det opplyses om at effekten går ned når to eller fler deler på samme punkt, og det dermed tar lenger tid å lade inn samme antall kWh

     

    Det er førebels berre Tesla som har effektdeling på hurtigladarane. Kvar superladar på 145 kW har to uttak. Den som koblar seg til først får det batteriet kan ta imot (opp til 120 kW ved tomt batteri) og den neste får det som er til overs.

     

    Men her er heller ikkje betaling for sjølve ladinga.

  12. Edit: de ladestasjonene jeg har besøkt så langt oppgir pris per minutt. Det er like forvirrende som meterpris på pølser. 

     

    Tidsprising er den beste og mest rettvise måten å ta betalt for hurtiglading.

     

    Kostnaden for straumen er ein forsvinnande liten del av kostandane ein hurtigladeoperatør har. Det er effektpris og investeringskostnadar som utgjer brorparten av kostnadane. Så om ein bil står ein halv time og ladar frå 80% til 100% og dermed blokkerar ladaren, så skal den betale like mykje som ein som ladar 0% til 80% på den same halvtimen, sjølv om sistnemte får mykje meir energi.

    • Liker 2
  13. Lurar på om ikkje Opel kjem med ein ny diesel stasjonsvogn neste år, med ekstra stor tank, slik at ein kan kjøra Trondheim - Stockholm t/r utan å måtta fylla. Det er jo klart vinnaren her!

    Andre fordelar med den typen er at det går svært raskt å fylla på framdriftsbasis, samt at den har god plass og tilhengarfeste. :-)

     

    Men eg har høyrt rykte om at denne Opelen må innom noko som vert kalla ein bensinstasjon for å fylle energi. Eg trudde Opel var komt lenger i 2017. Dei leverar trass alt ein bil som kan fylle energi mens den står parkert for natta, og då ver det temmeleg håplaust å kome med ein ny bil som ikkje kan ladast heime.

     

    Det er desverre ein "showstopper" for meg, uansett kor bra bilen ellers er.

    • Liker 9
  14.  

    Hvorfor skal bakkene tas ut av ligningen? All erfaring jeg og andre har som elbilsjåfører er at merforbruket opp blir til nullforbruk og til og med produksjon av energi på veien ned. Starter man og ender turen på samme høye i terrenget blir forbruket omtrent som flatmark .

    De erfaringene jeg har med Leaf og undersjøiske tunneler gjør at jeg vil påstå at utsagnet minner og møkk fra okse.

    Min erfaring med Tesla og undersjøiske tunellar er at Øyvind Lundes påstand stemmer godt. Gjennomsnittsforbruket før og etter tunnelen er omtrent likt. Det gjeld også om eg ikkje har køyrt så veldig langt før tunnelen.

  15. Tesla har lansert en uferdig og farlig autopilot bare for å få publisitet, og dere i TU biter på. Alle andre bilfabrikker har minst like gode systemer, men bare Tesla er så uansvarlig at de lanserer det.

     

    Viss nokon har lansert eit uferdig og farlig system, så er det Mercedes.

     

    Berre les denne samamlikningen mellom Autopilot (Tesla) og Drive Pilot (Mercedes).

     

    http://www.thedrive.com/tech/4591/the-war-for-autonomous-driving-2017-mercedes-benz-e-class-vs-2017-tesla-model-s

    • Liker 1
  16. Eg sendte ein epost til Statnett for nokre dagar sidan, for å prøve å få eit svar på fenomenet med at straumen går i sirkel NO3->NO5->NO1->NO3. No går straumen til og med frå NO3 til både NO1 og NO5, trass i at prisen er 50% høgare i NO3 og magasinfyllinga i NO3 er langt under normalen for årstida. Det er noko veldig rart her. Statnett har ikkje svart.

     

    Eg trur eg fann løysinga på "mysteriet" i presentasjonen til Toril Christensen (BKK Produksjon) på nasjonalt kraftsystemmøte 31. august i år.

     

    Årsaka er at grensene til NO3 nyleg er utvida i samband med 420 kV lina Ørskog-Sogndal snart er klar. Men sidan linja ikkje blir sett i drift før seinare i haust, så kan ikkje nok kraft i sørenden av NO3 flyte nordover, og må overførast til NO5 i staden.

     

    http://statnett.no/Media/Nyheter/Nyhetsarkiv-2016/Nasjonalt-kraftsystemmote-2016/

×
×
  • Opprett ny...