Gå til innhold

Earendil

Medlemmer
  • Innlegg

    2 558
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Earendil

  1. Skulle starte opp iTunes ein dag, men plutseleg fekk eg ei feilmelding om at iTunes hadde eit problem og måtte lukkast. Dette var eit problem som gjentok seg heile tida og som forhindra meg frå å starte opp iTunes. Etter litt søking fann eg ut at dette må ha ei samanheng med QuickTime på maskina mi, eg prøvde å avinstallere det, men uten hell. Eg får ei feilmelding om at det har kome ein feil på avinstallasjonen, og den må derfor avsluttast. Er det nokon her som veit korleis eg kan avinstallere QuickTime, slik at det er mogleg for meg å gje ein komplett reinstallasjon av QuickTime + iTunes? Å kjøre gjennom installasjonsfilene for å reparere eventuelle skadde filer hjelp dessverre ikkje.

     

    OSet eg køyrer er Windows XP.

     

    Edit: Problemet har sannsynligvis kome som eit resultat av at eg nylig installerte ein kodekpakke som også inkluderte .MOV-filer og liknande. Eg har avinstallert pakken, men det løyser fortsatt ikkje problemet.

     

    Edit to: Eg fekk no avinstallert QuickTime og iTunes ved hjelp av Windows Install Clean Up. Etter det installerte eg dei to programma på nytt, men dette heller løyste ikkje problema mine, eg kan fortsatt ikkje opne iTunes eller QuickTime. Kva skal eg gjere?

     

    Edit tre: Fekk løyst problemet sjølv, det var ikkje tilstrekkeleg å fjerne filene med Windows Install Clean Up, så eg fjerna alle filene i systemet tilknytta iTunes og QuickTime manuelt, og re-installerte programma. Dette løyste problemet mitt.

×
×
  • Opprett ny...