Gå til innhold

Earendil

Medlemmer
  • Innlegg

    2 558
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Earendil

  1. Så de eneste som kan få slike pass må være diplomater og dermed ha diplomatisk immunitet. Eller finnes det forskjellige "grader" av immunitet kanskje?

     

    Du må vere ansatt som diplomat for å ha ein rettsleg immunitet. Det er ingen gradsforskjellar av denne immuniteten, som er absolutt. Dette sjølvsagt med unntak frå straffeforfølging frå diplomaten sitt heimland.

  2. Ja, NSB kan - om dei ser det som ynskjeleg - nekte deg oppgradering til NSB-komfort. Dette kjem av den private autonomien NSB har som sjølvstendig rettssubjekt. Du har ikkje noko rettskrav på oppgradering og dette er ikkje noko som vil bli handheve ved domstolane.

     

    Edit: Det er heller ikkje naudsynt å ha nokon sakleg grunn. Eit slikt krav må i så fall kome frå NSB sine interne retningslinjer som dei står frie til å vike frå.

  3. Kjapt spørsmål her, reknar med at det er fleire her som er erfarne innan bookingsystemet til SAS. Eg har nyleg bestilt meg Economy Flex-billettar slik at eg faktisk kan tjene poeng, i staden for å få 25% av poenga på flyturen. Likevel har eg her havna i billettklasse W, som er lavprisklasse Economy non-flex og som då fører til at eg kun får 25% på turen. Nokon som kjenner billettklassereglane til SAS? Det virkar jo litt merkeleg om ein vilkårleg skal kunne havne mellom f.eks. M og W, sjølv om ein har betalt det same.

     

    Har nokon erfaringar med dette?

  4. Hei, kjære forummedlem!

     

    Har akkurat skaffa meg ein HTC Desire (som eg hittil er strålande nøgd med), men eg har problem med å kople denne til det trådlause nettet heime. Misforstå meg rett - eg kan kople telefonen til nettet - men det ser ut som at den ikkje er i stand til å overføre data. Dette på trass av at telefonen ikkje meld frå om nokon problem med tilkoplinga. Det merkelege her er at det ser ut som at telefonen bestemte seg sjølv for at dette skulle skje, eg kan ikkje hugse å ha endra nokon instillingar som skal kunne påverke det trådlause nettet.

     

    Nyttar ein Airport Express som basestasjon og Android 2.2 på mobilen, om det skulle hjelp. På førehand takk for hjelpa!

  5. Kjapt spørsmål, kan ei hevde ein allmenning ved vanlege hevdsreglar etter hevdslova? Etter må dette skje ved grunnlag av alders tids bruk? Etter førebeida til hevdslova, Rådsegn 6. s 15 ser det ut som at hevd av allmenning ved vanlege hevdsreglar ikkje er utelukka.

     

    Frigata: Eit slikt omfattande tiltak vil vel krevje løyve frå kommuna?

  6. Dette er jo ein heller kurant sak? Vedtektene sei at billetten skal liggje synleg for kontroll. Det er då kjøpar av billetten som har ansvaret for at denne skal klårt liggje fram slik at eventuelle kontrollørar kan sjå denne. Dette vil vere ditt ansvar og parkeringsselskapet kan ikkje lastast fordi at du sjølv ikkje vil setje i verk tiltak for å gjere denne synleg nok.

  7. Vi kan la alternativet "uturvande" ligge, da det tar sikte på ulemper som påføres unødvendig. Det avgjørende er da om musikken er "urimelig" høy.

    "Uturvande" kan også nyttast fordi føresegna legg seg på tilfeller der ein ikkje har gjort tilstrekkeleg for å redusere ulempene eller skada, jf. Rt. 1969 s. 757. Likevel vil kanskje "urimeleg" vere best å nytte, då ein kan ta med kva som er "venteleg etter tilhøva på staden", jf. § 2, tredje ledd.

     

    Ein kan vanskeleg fastsette ei nøyaktig grense for kor høg musikken din kan vere, men dei beste grunnane talar for at her må ein nytte normal folkeskikk, samtidig som at naboen må finne seg i eit visst bråk.

  8. Noen som vet om Exfac er veldig krevende? Hørte snakk om muntlige høringer og det som verre var allerede første uka?

    Ex. Fac. er latterleg lett ved jussen på UiB, du surfar greit gjennom det med rundt to timar jobbing per dag. :) Universitetet har sjølv lagt opp til at alle skal gjennom kurset, så det er ikkje noko stress.

  9. Held på å lære fransk eg også, så slenger inn nokre lenkjer her.

     

    http://www.rfi.fr/lfen/statiques/accueil.asp Besøk "the news in simple french", genial kveldslektyre for å få litt fransk input. :)

     

    http://www.acapela-group.com/text-to-speec...ctive-demo.html Vidare er denne lenkja fantastisk for å vite korleis uttalen på enkelte ord og setningar er på fransk.

×
×
  • Opprett ny...