Gå til innhold

StrangeWorld

Medlemmer
  • Innlegg

    104
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av StrangeWorld

  1. Fast & Furious 6 (Bluray)

     

    http://www.imdb.com/title/tt1905041/

     

    The Rock i filmen blir bare ekstremt kleint og harry for min del, og slutten er jo bare et meningsløst urealistisk fjas.

     

    Svak terningkast: 3

     

     

     

    Omfg ja! Slutten var berre så teit. Skikkelig urealistisk, lizzmm...... Men seriøst; slutten var det beste med heile filmen. Resten saug, mildt sagt. Horribelt keisam. Heile problemet er jo nettopp at den gjøken av ein regissør tar F&F-universet alt for seriøst.

  2. Pain & Gain. Bays nyaste er eit gigantisk gjørmebad i det den Hollywoodklassiske regissøren i vill kokainrus badar seg i alle formar for trash og dårlig smak. Her pøsast det på med patriotiske, mildt-sagt-horrible-og-überkleine voice-overe dei stereotypiske pappfigurane av nokon karakterar konstant lirer ifrå seg. Jesus, kvasikristen moral og den amerikanske drøymen hyllast utan pause eller mellomrom. Bileta er pompøse som berre faen, ei samansmelting av Bays klassiske musikkvideo-look og ein arthouse-aktig kunstfilmrunkande utsjånad med Spring Breakers preg. Og veit du kva, eg elskar det. Heile filmen er eit einaste kaos av latterlige figurar og ei suppe av absurde situasjonar. Men for ein gong skuld så kjenst det både parodisk, ironisk og satirisk. Bay kan umulig meine noko av det her seriøst, i så fall er han dette millenniumets svar på Ed Wood. Og uansett kva du måtte meine om den ironiske bevisstheita til Pain & Gain, kan du i alle fall ikkje nekte for at filmen er to timar med knall underholdning. Humoren treff kanskje ikkje alltid like godt, men bortsett frå det er dette ein prakteksemplarisk actionfilm som dyrkar halvnakne modellar og slow-mo overdrivingar til det ekstreme. Pain & Gain er dessutan ein helt sprø, samt surrealistisk film utan form for begrensningar. Den nyttar seg til og med av eit par artige metagrep, sånn innimellom. Og til slutt, summerast denne kaotiske kollasjen av ein briljant underholdningsfilm opp med eit herlig-upolitisk-korrekt bodskap ala: det einaste desse bodybuilderane gjorde feil var at dei ikkje jobba hardt nok aka at dei var for dumme til å oppnå all den fabelaktige lukka den amerikanske drøymen har å tilby. Ahh, Michael Bay ass <3

  3. Mellom anna sett Ghostwatch, som eg syntest var ein genial sjangerfilm. Ein slags definisjon på skrekkfilmen som konsept, der studioet representerer tryggheten ved sjangeren, medan tv-opptaka frå spøkelseshuset handlar om oppsøkinga av frykt. Alt av horror-sjangerens sterke trekk blandast saman; filmen er koselig, men samtidig skummel. Det simple konseptet blir nøkkelen til den vellukka oppbygginga. Vendingane gjer opplevinga ei intens nerve, i det usikkerheten rundt skilje mellom paranormal aktivitet og realisme stadig er eit faktum. ”Kunsten å holde tilbake” kunne ikkje vore demonstrert på ein betre måte…

     

    Også sett Sightseers. Den var flott. Filmspråket er originalt og smålig eksperimentelt. Vondskapen boblar under overflata. Mørk humor i form av blodsprut og brutalitet blir brukt som bakteppe for filmens eigentlege handlingsramme. For eigentleg er det ein film om forhold. Ein temmelig pesemisstisk, men likeså både vittig og bra ein.

     

    Såg The Jungle Book igjen og. Koselig. Visuelt pent, sjølv om klippinga til tider står fram som ein smule hakkete. Karakterane er sjarmerande. Bodskapet om ansvar og tilhøregheit ein smule klassisk, men tilgivelig med tanke på sjangeren… Ein underholdande reise gjennom jungelen.

     

    The Departed skriv seg inn i rekka av Scorceses visuelle og filmhyllande 2000-talls verk. Temmelig overflatisk, men definitivt velfortalt, velregisert og engasjerande. Sjølvsagt latterlig at dette skulle vere regissørens Oscarvinnande film, men bra er den likevel. For undervurder ikkje den narrative uforutsigbarheita som blir prestert her. Den saknar eg ofte i slike klassiske sjangerfilmar.

     

    Skjoldbjærgs Insomnia er eit prakteksempel på ein vellukka norsk sjangerfilm. Eit klassisk noir-konsept blir nytta, med tåkefylt nordisk natur i bakgrunnen… Spennande er den også.

     

    American Pie er ei splitta oppleving for min del. Faktisk aldri sett den første filmen før no… Ein film som definitivt er veldig klissete, stereotypisk og eigentleg latterlig sjølvmotseiande. Likevel så… uh… så fungerer den som ein slags guilty pleasure, i det eg definitivt kosar meg, skremmande ofte… Eg syntest også den (til tider i alle fall), fangar ungdomskultur på ein ganske okey måte, utan at eg skal genierklære den noko særlig for det.

     

    Nr. 2 er heller ikkje så dum… Eller, litt dum er den for så vidt, men eg syntest den fungerer heilt greitt som oppfølgar. Det er framleis gøy, liksom… Humoren og situasjonen trekkast lengre, sjølv om den første filmen til tross fungerte betre som ungdomsfilm. Og sjølv om også denne blir veldig overflatisk og stereotypisk til visse tider, er det noko i korleis den skildrar ungdomstida og det å leve i enkeltaugneblinken. Det å setje pris på ting, osv osv… Ein slags positiv energi eg beundrar ein smule.

     

    Gjensyn med The Naked Gun. Ein time og tjuefem minuttar med reint tull. Ikkje heilt feil på ein sliten dag. Full av artige referansar og stikk til samtida.

     

    Sideways var fin. Den fangar fleire veldig menneskelige augneblikk. Treffer ofte. Payne er veldig avslappa i regien. Splitt-screen bruken er kul. Eit par artige filmreferansar pakkast inn i ein elles deilig og kjølig dramakomedie.

     

    Decounstructing Harry var også god. Veldig nybølgje inspirert, som igjen gjer den til ein leikent og ambisiøst fortalt film.

     

    The Discreet Charm of the Bourgeoisie var ei artig satire over overklassen, der bileta og situasjonane blei fylt med symbolikk. Klasseinndeling og fordomar tas på kornet.

    • Liker 3
  4. Gåten Ragnarok har eit greitt potensial, men ender opp som eit gigantisk antiklimaks. Heile filmen er ei uinspirert, bleik og keisam kopi av den ultraklassiske Hollywood eventyrfilmen, ei smørje av tusen og éin klisjear klistra saman av eit ynkelig tynt plott. Den ubrukelige faren av ein arkeolog som alltid skuffar ungane sine og som aldri blir trudd når han kjem med fantasifulle påstandar (som sjølvsagt er sanne)… Nigga please! Dialogen er dessutan så elendig og ubrukelig som den kan få blitt, og Bjørn Sundquist spelar sjølvsagt ein bitter nordlending.

     

    Eigentleg burde ein kalle dette eit kulturelt meisterverk, sidan den klarer å kleise saman det verste av klisjear og stereotypar frå både norsk og amerikansk filmkultur.

     

    Men, det filmen heller er, er eit totalt feilspora steg for norsk film. Blind kopiering utan noko som helst form for sjarm eller humor. Totalt blotta for eventyrlyst og glede. Like tom som eit Michael Bay manus.

     

    Nei, fy faen ass…

    • Liker 4
  5. Pioner er amatørmessig satt saman i form av rotete klipp og ufokusert og usikkert kameraarbeid. Historia er interessante nok på papiret, men når manusforfattarane pakkar den inn som eit klassisk og erketypisk Veum-mysterium, mister det heile all form for verdi og substans. Aksel Hennie er framleis Noregs minst interessante og mest overflatiske og eindimensjonale skodespelar.

     

    Likevel, er framleis hovudproblemet kor forbanna feig og lite ambisiøs filmen står fram som. Sett bort ifrå eit par halvkule undervatnsscenar, er dette farlig tamt. Slutten er klein, men her turte i det minste Skjoldbjærg i smøre tjukt på prega av ein viss risikoverdi. Det sakna eg i resten av filmen.

     

    Heathers presterer mange artige ”spot-on” situasjonar gjennomsyra av skarp og syrlig ironi. Overdrivingane er herlig, men etterkvart blir filmens utydelige grense mellom drøym og verkelegheit eit problem. Historia raknar totalt, og mot slutten forsvinn også store delar av ironien. Likeså full av mange sterke enkeltaugneblikk, som gjer det heile til ein minneverdig high-school satire.

     

    Cassandra’s Dream er eit underholdande spennings- og –karakterdrama om materealismens overflatiske aspekt og dekonstruering av menneskelige verdiar. Yupp…

     

    The Hobbit: The Desolation of Smaug irriterer framleis, men er likevel ei forbetring av Jacksons førige, smålig langtekkelige og overdrivi utdregne Hobbit-film. Actionsekvensane er langt meir engasjerande og spennande, med eit nødvendig eventyrlig preg som drivkraft. Samtidig blir klisjeane frå LOTR-trilogien berre tydligare og tydligare, som gjer filmen eit repetivt preg. Men eg tok meg sjølv i å kose meg då, det skal Jackson ha.

     

    Snake Eyes er skamdeilig, visuell onanering på sitt ypparste. Leiken som få, i form av ei lekker splitt-screen sekvens og eit perfektsjonistisk auge for detaljar. Klipp, struktur og regi er rytmisk. Historia overflatisk og simpel, men nettopp derfor det utsøkte konsept for De Palmas leikne filmformidling. Slutten patetisk, men hei… kven faen bryr seg?

     

    Sånger frå nandra våningen er ei pesemistisk og grå samanslåing av ulike byråkratiske og depressive situasjonar i dagens moderne, vestelige samfunn. For nei… dette er ikkje grå og nitrist kommunisme ala Aust-Berlin pre 1989. Dette er grå og nitrist marknadskapitalisme som viser til eit samfunn der pengar og makt har fått større og større verdi. Der lykke definerast utan omtanke, når tomheitskjensla eigentleg berre blir større og større. Alt dette formidla gjennom herlig absurd symbolikk og mørk og treffande humor. Booyah!

     

    The Wild Bunch viser valdelig og umenneskelig kynisme i ein mannsdominert vesten der makt og styrke kontrollerer. Dessverre og til tross, er likevel store delar av historia uinteressante og tam, der ein aldri kjem inn i karakterane.

     

    The Skin i Live In er ein mesterlig konstruert fabel om kjønnsroller.

     

    Sliding Doors er teit, overflatisk og sjølvmotseiande, men likevel søt.

     

    Naboer er vellukka kva angår psykologi, men stilmessig ein usmakelig ”rip-off” av Lost Highway.

     

    Upperdog er irriterande tafatt.

     

    Mrs. Doubtfire er ein klassisk og trygg Colombus familiekomedie med nok sjarm, varme og humor til at ein kan kose seg.

     

    Elysium fungerer greitt som spenningsfilm. Politisk er den tom og temmelig verdilaus.

     

    Carnage er eit herlig og ultrapesemistisk karakterdrama om dagens forbrukarsamfunn.

     

    The Kid With the Bike er avslappande og kjølig, samt vakkert optimistisk og definitivt menneskelig.

    • Liker 5

  6. conformist_rby5d.jpgDuel-300x200.jpg


    antichriststill1.jpgrobinh02.jpg



    Last Action Hero


    Underholdande sjangerblanding og Hollywood satire. Når filmen prøver ei meir seriøs tone dummar den seg litt ut, men elles er ein film med Arnold som Hamlet aldri feil.



    Rope


    Som ein kvar Hitchcock film er den forbanna hyggelig. Knall stemning i form av ei rekke artige og interessante karakterar samla saman i ei sjarmerande leilegheit med tydelig studio utsjånad. Den mørke humoren er herlig.



    Il Conformista


    Ser heilt aldeles nydelig ut, fargebruken og kameraarbeidet er perfektsjonert til ytste nivå. Filmen er dessutan brilliant satt saman og fortalt.



    Duel


    Herlig enkel og sterkt regissert.



    The Way, Way Back


    Fin. Den har aldri hastverk, kjenst sjeldan påtatt på verken humor- eller –dramafronten og bærer eit behagelig og rolig preg over seg. Publikum matast ikkje med teskjei, som gjer at filmen ender opp med eit par gode poengteringar. Vendinga mot slutten er teit og overflatiske og stereotypiske aspekt skinn av og til igjennom, som øydelegg for elles temmelig gode karakterar. Likeså: eg koste meg.



    Cat People


    Med eit lavt budsjett bak seg, gjorde Jacques Torneur smarte, små og enkle grep, som resulterte i effektiv spenningsoppbygging og høgst stemningsfulle sekvensar. Likeså er filmen ekstremt tom, på litt godt, men mest vondt. Eg liker dens simpelhet, verken musikken er pompøs eller dramatikken overdriven, som gjer filmen ekstra kjølig. Men som heilheit raknar det litt og tomromma oppstår midtveis.



    The Legend of the Drunken Master


    Ein del tid kastast bort på mykje merkelig og unødvendig tull og nonsens. Sett bort i frå det, er den når dei presise kung-fu kampsekvensane skinner til, temmelig feit.



    Rumble in the Bronx


    Deilig å sjå ein Chan film med litt høgare budsjett, som gjev oss strammare regi, sterkare kameraarbeid og mindre fjas. Men dette har også sine bieffektar, i det ein ikkje slepp unna litt klassisk, amerikansk familiedrama ala føleri og kliss. Elles ein veldig underholdande film i form av leikne stunts, engasjerande actionsekvensar og store øydeleggingar.



    Pusher


    Eit dogmeprega, dokumentarisk kamera føljer menneskelige og samansette karakterar gjennom Danmarks narkoundergrunn. Engasjerande er den også.



    Liv & Ingmar


    Temmelig interessante, dog ein smule rotete smurt saman og litt langtekkelig mot slutten. Elles fin utforsking av komplisert kjærleik.



    Antichrist


    Storslått og overdrivi Tarkovsky estetikk møter Triers skittenrealistiske karakterdrama om angst og seksuelt begjær i klassisk Bergman format. Det smørjast på med herlige pompøse sekvensar, samtidig som kjønnsroller og sex utforskast. Horrorsjangeren blir praktfullt brukt som bakteppe.



    Beauty and the Beast


    Ei sterk emosjonell kraft, til tider gotisk setting og fargebruk, samt sjarmerande bikarakterar driver dette klassiske eventyret framover. Av og til vipper animajsonen over til å bli ein smule sukkersøt og overveldande, med det kan eg leve med.



    Treasure Island


    Kaotisk, futuristisk eventyr, der effektiv oppbygging av mystikk driver filmen framover, men punkterast av antiklimatiske vendingar og avsløringar. Filmen er til tider både artig, spennande og engasjerande, men problemet er at den manglar den indre sjarmen og gløden ein disneyfilm burde ha. Dei overbrukte effektane kjenst humørlause og bærer eit grått og trist preg over seg. Den eventyrlige stemninga blir dekonstruert av ufølsamt maskineri og unødvendig actiononani.



    The Little Mermaid


    Flotte teikningar med ei passe grim og mørk, men samtidig koselig historie til.



    The Adventures of Robin Hood


    Høgst gøyalt og veldig sjarmerande eventyr satt i vakker technicolour med sterkt og klassisk kameraarbeid. Den mister litt piffen utover tho…



    Raiders of the Lost Ark


    Den perfekte blockbuster i det alle ledda og sjangergrepa er praktfullt balansert. Humoren sitter, actionsekvensane er engasjerande, eventyrstemninga klassisk, karakterane sjarmerande stereotypiske sjangerfigurar og nostalgien hyggelig. Dette er korleis den perfekte Bondfilmen hadde sett ut, om den nokon gong hadde blitt laga.



    Adaptation.


    Artig og leikent om skrivesperre, der den unngår å bli ein egotripp ved å leggje til ei interessante parallellhistorie om ulukkelighet og narkotika. Metagrepa er artige.



    The Lives of Others


    Bra. Kunne godt vore ein tanke mindre standarisert, men samtidig kler den grå, type klassisk-godt-handverk-stilen filmen.



    Europa


    Visuelt leiken og engasjerande.



    Body Double


    Må innrømme denne sak ein smule ved gjensyn. Den glir liksom ikkje like godt som Blow Out og Dressed To Kill. Av og til dabbar interessa litt av. Men likevel og framleis ein ultrasleazy, overdrive Hitchcock inspirert, klassisk, men ekstra cheesy De Palma thriller. Titteltekstfonten i opninga gjev eit tydelig teikn om Body Doubles homage til b-skrekkfilmar og ei generell kjærleik for grøssarsjangeren. Enkeltsekvensar er nydelige, der spesielt kjøpesenterscena må trekkast fram. Filmen blir utover meir og meir smaklaus, i det den trekker oss ned i pornoindustriens trashy undergrunnsverd, satt til fengande 80-tallsmusikk. Body Double er ein metafilm, om den fortapte skodespelar. Men den handlar også om besetelse og fantasering, i Vertigo stil. Atmosfæren er så drøymande. Så falsk og glitrande. Sjå på kyssescena på stranda. Ein parodi på hollywoods kliss ja, men også ein scene full av energi. Den eksploderer.


    • Liker 5
  7. Sett M. Night Shinga-ling-dongs nyaste, After Earth. Her fungerer ingenting. Regien kunne knapt vore slappare, dialogen er like stiv som pikken til Rune Øygard når han ser ei jente på under 17 og plottet så tynt og tamt at det setter Rob Zombies manusskriptar i eit godt lys. Dessutan er heile konseptet for filmen ei gigantisk sjølvmotseiing. Her får me presentert ei kvasi-moralsk-global-oppvarmings-moralleksjon, samtidig som karakterane i filmen dyrkar klassisk, amerikansk patriotisme. Men er det ikkje menneskets nasjonalromantiske og egoistiske tankegang som er grunnen til at me øydelegg vårt eige livsgrunnlag då? Og kven i helvete sa at Jaden Smith kunne spele? Han overgår jo lett far sin i stereotypisk og flatt skodespel utan like. Kanskje problemet ligg i at Shyamalan tar seg sjølv alt for seriøst? Han innbiller seg dessverre at han kan skape drama og kjensler ut av denne syltynne suppa, som er med på å gjere filmen meir keisam enn den nyaste Fast and the Furious filmen på endelaus repeat.

    • Liker 2

  8. Only God Forgives – Nicholas Winding Refn


    only-god-forgive1s.jpg



    Eit gigantisk antiklimaks, som til slutt skapar eit stort, bredt og uendelig tomt spørsmålsteikn. Joda, Refn skal ha for originaliteten, både stil, form og rytme oser av ei eksperimentell og nyskapande stemme, og kva den visuelle identiteten angår er den ikkje noko anna enn kunst for augo. Det er ein modig film definitivt, som bryter med all forventing, knekker sjangerklisjeane totalt saman og oppnår ein type uforutsigbar og intens nerve i vendingane.



    Men… Refn har laga nok ein film som kjenst litt som ein sirkel som aldri tar slutt. Kvar er enden på det heile, undrast eg. Endelaus utforsking og utdjuping av overflatiske premisser. Lause trådar fangast stadig opp. Det er sikkert masser av symbolikk her, men tomheita rår frå første til siste minutt, og kva er vel ein metafor utan innhald?



    For kva i helvete handlar eigentleg Only God Forgives om? Eller, det var eit dumt spørsmål, for det trur eg ikkje ein gong Winding Refn sjølv er sikker på. La meg omformulere… ”Kva er det eigentleg Refn vil med denne filmen?”, trur eg heller me seier.



    Spiritualismen møter ateismen. Verda har blitt skilt. Aust og Vest. Kulturtradisjonane er ulike og skapar dei store forskjellane. Only God Forgives breier om stor, interessante og viktig tematikk, men klarer aldri å utforske den. Alle dei ulike ledda blir berre hengande som lause, usikre og ujevne trådar.



    Eit kaotisk og brutalt univers styrt av makt og egoisme blir konstruert. Overdrivi og kynisk vald går hand i hand med kjenselslaus og ufølsam seksualitet. Dei sterke utnytter dei svake. Eit klasseprega, liberalistisk samfunn styrt av maskulin dominans.



    Er filmtittelen ironisk, i det den viser vondskap i søken etter tilgiving? Sjå på verda, kor urettferdig og jævlig den er, seier kanskje Refn. Sjå på menneska. Også kjem du her og forventar Guds evige tilgiving? Ein av filmens sterkaste sider er korleis den på overflatisk vis utforskar sine eigne stereotypiske trekk.



    Her spelar valden ei sentral og viktig rolle. Totalt malplassert, grensar av og til nesten til det komiske. Refn er flink på valdsskildringar. Han får den så umenneskelig og ufølsam som den burde vere.



    Likevel var det dette med det heilskaplige intrykket då. Eit eller anna boblar under overflata i Winding Refns nyaste verk. Av og til er han inne på noko, det skal han ha. Framleis kjenst han usikker. Til slutt går han seg vill i sitt eige tematiske kaos og filmen blir ei slags ironisk og lite sjølvbevist oppvisning i søken på eigen identitet. Only God Forgives tydeliggjer så alt for godt kor lite kontroll Refn eigentleg har. På ein måte verkar det som han vil det skal vere slik, å skape ei slags open utforsking av kjensler og karakterar. På den andre sida verkar han desperat. I det han til slutt i rulleteksten dedikerer filmen sin til Alejandro Jordovsky, står han ikkje fram som noko anna enn den wannabe filmsnobben han er.


    • Liker 3
  9. Femme Fatale – Brian De Palma

     

    Fantastisk. Som De Palmas magnum epos, der Hitchcock referansane kryssast, splitt-screen sekvensane dominerer og sleazen kontrollerer det sjølvbeviste og leikne universet. Og det er nettopp det, De Palmas ekstremt beviste grep og strukturerte stilart, som driver filmen framover.

     

    Femme Fatale handlar om stereotypar. Streng, menneskeskapt rolleinndeling i dagens moderne samfunn. Spelereglar. Kjønnsroller. Femme Fatale presenterer ei rekke ultraoverflatiske karakterar, men den gjer det med stort medvit, fleire lag ironi og stor overdriving.

     

    Filmen spiller dum. Under overflata er den både intelegent og interessante. Den spiller på sleaze. Smaklaushet. For å vise menneskets overflatiske dimensjonar, rekonstruerer den identiske karaktertrekk og situasjonar. Den prøver aldri å late som om den er smart. Kjenst aldri pretensiøs. Aldri påtatt.

     

    Ta eit døme: Banderas karakter skal få tak i ei dame. Kva gjer han? Han spiller homse. Spiller på homotrekk. Patetisk, latterlig, overdrivi og med cheesy dialog og kleint skodespel definitivt. Men vent litt. Er det ikkje sånn det er då? Slik samfunnet fungerer?

     

    Me spiller alle roller. Konservativt og firkanta. Dekonstruerer det fridommen? Murar me oss sjølv inne?

     

    Aller mest handlar Femme Fatale om kvinner. Menn og kvinner. Mannfolka i filmen knytast til vald. Makt. Fysisk handling. Kvinnene til sex. Forførelse. Psykisk handling.

     

    Femme Fatale handlar om ”femme fatales”. Kvinner som spiller korta sine. Tar makt. Spiller på kropp. Bevist. For det fungerer. Så simpelt. Men likevel så sant.

     

    Samtidig vendes kjønnsmarkanden om i filmen. Kvinnene tyr til vald. Bryter reglane.

     

    Femme Fatale handlar også om film. Ein ekte metafilm. Om Hollwyoods stereotyper. Deira rollefordeling på film. Om ”femme fatalen”. Der maskulinitet møter feminitet.

     

    Likeså er dette nok ein visuell maktdemonstrasjon frå De Palma. Ein nøye planlagt og perfektsjonert konstruksjon. Den glir ekstremt godt. Så behagelig klipperytme. Kameraføringane så observante. Så stilsikker.

     

    Men slutten gir eit snev av håp. I det De Palma på brilliant vis rekonstruerer heile filmen, bryter menneska endelig ut av rollene sine og byrjar å sjå andre, viktigare verdiar. Dei blir meir menneskelige.

    • Liker 1
  10. Sikkert drøyt og teit og unødvendig av meg å byrje å reklamere for Diskuterfilm, men er det eit generelt hat mot forumet her inne eller? For DF sliter og trenger sårt nye medlemer. Og eg veit ikkje om det er slik at folk ikkje har høyrt om det eller ikkje vil høyre om det eller kva enn, men det er i det minste eit forum som er tre millionar gonger meir interessante enn filmforumet her. Beklager, men...

  11. In the Mood For Love – Kar Wai Wong

     

    Her er det bruddstykker som glimter til. Der kamera svever forbi tilveret. Der hardt lys og sterke kontraster fangar kjenslene som svever rundt i lufta. Menneska beveger seg så elegant. Som i ein perfekt koregrafert dans. Men heilskapleg kjenst filmen for… eh… fjern. Karakterane er for teatralske. Manglar ofte den naturlige menneskeligdomen. Dialogen er altfor standarisert. Stiv. Utan eit snev av tvil. Usikkerheten manglar. Av og til seier den noko, men er oftare med på å drepe interessa. Monologane om ekteskap er alt for overflatiske. Seier ingenting personlig. Manglar det indre. Har kunn det vanlige. Sluttsekvensen, der lyset skinner igjennom den poetiske sluttteksten, gjev meg lyst å tilgje filmen. Men når det mest spennande med denne affæren var å sjå speletida tikke mot ein ende, klarer eg ikkje det.

  12. Synecdoche, New York – Charlie Kaufman

     

    Å lage ein film som handlar om alt er vanskelig. Derfor har Charlie Kaufman laga ein film som handlar om eit teaterstykke som handlar om alt. Blir det enklare då? Får man satt ting meir i perspektiv? Sett alt utanfrå, som i grunn er det filmen handlar om.

     

    Kaufman er bittersøt. Både når han skriv og regisserer. Tona er depressiv. Dialogen melankolsk. Fargane bleike. Filmspråket hans er kaotisk. Ujevnt. Ustrukturert. Han fangar augneblikka. Setter dei saman. Ikkje nødvendigvis kronologisk.

     

    Denne mannen, som filmen omhandlar, er ein egoist. Besett av seg sjølv. Som me alle er. Han er tydelig oppgitt når kona hans ikkje lyttar til han. I det han snakkar om seg sjølv. Det som interesserer han. Kunn han.

     

    Problemet til denne mannen er at han innser ting for seint. I det han setter opp sitt såkalla livsverk, som eit resultat av ultraegoisme (men likevel kanskje eit klokt val, med tanke på at å vise ting frå sitt eige perspektiv kan vere det mest menneskelige og ekte ein kan gjere), ser han seg sjølv utanfrå. Han må stoppe opp. Studere. Forstå

     

    Synecdoche, New York er ein konstruksjon. Livet er som eit teaterstykke. Du har hovudrolla. Alt handlar om deg. Resten er berre bikarakterar. Mange statistar. Menneska rundt deg er kunn refleksjonar av deg sjølv. Resultat av dine kjensler. Du er heilt aleine. Einsam, uansett kva. Det er kunn deg.

     

    Det er vanskelig å skrive noko klokt om denne filmen, fordi den sjølv seier så mykje. Den fortel trist og pessimistisk om døden. Livet, som i grunn handlar om døden. Ventinga. Klokka som tikker. Det å overgje seg. Som Hoffmans karakter til slutt gjer. Det å la nokon andre kontrollere deg. Det å la livet flyte. Filmen handlar om kunsten å strukturere kaoset. Å ta kontroll.

     

    Eg beundrar slike filmar. Slike som denne. Og The Tree of Life. Slike som omfavner livet. Men der denne samtidig beskriv ein type tomheit.

    • Liker 3
  13. Halloween - Rob Zombie

     

    Fy faen til svulstig rævmøkk, ein totalt talentlaus drittfilm utan like. Ultrakeisam var den også. Fint og flott at Zombie prøver å vere eksperimentell og original (for visst det er noko han kan kalle den elles elendige remaken sin, så er det annleis), men å bruke over ein time på å overforklare eit ynkelig tynt konsept i ekstrem detalj i form av liksompsykologi og patetiske, stereotypiske, umenneskelige karakterar er alt anna enn interessante. Kva skjedde med mystikken? Zombies Halloween er som ein leksjon i korleis man ikkje skal lage skrekkfilm og kva feller ein kan gå i.

     

    Det eg i grunn undrar meg mest over, er kvar i all verden Zombie vil med denne filmen. Oppbygginga faller saman frå første sekund og med tanke på at Myers dukkar opp i kvart einaste bilete, er filmen alt anna enn spennande. Skildringa av den dysfunksjonelle familien er patetisk og kor mykje tid som kastast bort på dette er eit godt eksempel på Zombies manglande evne på å vurdere kvalitet. Den uendelige rekka mordsekvensar manglar nerve og ender opp som uinteressante og repetiv nedslakting som minner meir om produksjon av pinnekjøtt enn slasherscenar. Fargane er stygge og kameraarbeidet irriterande. Den bolleforma vetle ungen som speler Myers som liten, er alt anna enn truande. Dessutan er store delar av filmen slappare enn bingo på ein aldersheim.

     

    Av og til, i små augneblikk, kan ein nikke på hovudet og seie til seg sjølv: ”joda, der var Zombie inne på noko”, men sett bort ifrå det: makkverk. I det minste fekk filmen meg til å setje enda meir pris på originalverket, ein film som er så forbanna mykje betre at det i seg sjølv blir meir skummelt enn denne filmen. Grøss…

    • Liker 2
  14. The Changeling (1980, 107min, språk: Engelsk, land: Canada, regi: Peter Medak, sjanger: Horror)

     

    Min karakter: 7/10

     

    Mitt terningkast: 4

     

    Imdb: http://www.imdb.com/title/tt0080516/?ref_=fn_al_tt_1

     

    Rotten Tomatoes: http://www.rottentomatoes.com/m/changeling/

     

    Platekompaniet: http://www.platekompaniet.no/Film.aspx/DVD/The_Changeling/?id=OPTD1297

     

    Er altso den frå 1980, spøkelsessfilmen, ikkje den av Clint Eastwood frå 2008 som heiter Changeling (altso utan "the"). Er heller ikkje den frå 2006, og heller ikkje den frå 2002. Kortfilmen frå 1914 er det nok heller ikkje. Om det blir forvirring, så berre gje meg ein lyd, så ordner me opp i det :)

     

    Filmen? Joda, den var bra.

    • Liker 4
  15. Furious 6

    Eg krev ikkje mykje av ein slik film, med litt damer, ein fin haug bilar og nokre kule actionsekvensar kan eg stort sett seie meg nøgd. Men når den i staden for kaster bort halvparten av tida på ultraklein dialogutvikling tydelig skreve av ein tilbakeståande, ordblind barnehageunge og stereotypisk føleri rundt dei overflatiske, eindimensjonale pappfigurane av nokre karakterar ala ”hovudpersonen har blitt far, og dermed mjuk og følsam”, slit eg heller med å halde augo opne. Hollywood burde seriøst lære seg å gje meir faen. At Justin Lin tydeligvis innbiller seg at Fast & Furious universet er såpass artig og sjarmerande at det burde strukturerast på same måte som ein klassisk hollywwodblockbuster i Indiana Jones gata, er både flaut og skummelt på same tid. Nei, her burde heller filmens einaste verkelige høgdepunkt (tankssekvensen) og dei få augneblikka den gjorde det den heile vegen burde (å overdrive mest mogleg), fått meir tid. Tips til neste film: kutt vekk minst ein time av det ferdige produktet.

     

    Blow Out

    Praktfull! Igjen med spenning av øvste klasse, ein visuell ambisiøsitet som ikkje likner noko anna, ein dans med filmmediet, full av sjølvsikkerhet. Opningssekvensen skriker DePalma, seksualiteten bobler over før det brutale slår til. Kikkartematikken dominerer også denne filmen. Bruken av splitt focus er nydelig.

     

    Suspense

    Stumfilm frå 1913, som antageligvis inspirerte Hitchock. God spenningsoppbygging, leiken med tanke på tida, med mellom anna kul bruk av splitt-screen.

     

    For Your Eyes Only

    Opningsscena er forferdelig fjasette, men latterlig cheesy. Resten av filmen er deilig enkel: strippa for lange, overkompliserte overforklarande plottoppsummeringar i form av lange monologar eller tonnevis av duppedittar. God gammaldags action, ein smule tam av og til, men såpass full av gøyalheter at det er vanskelig å ikkje kose seg.

     

    Octopussy

    Også temmelig fjasete til tider. Underholdande, denne også.

     

    Greenberg

    Denne var flott. Minimal framgang og null form for pretensiøsitet gjer det heile så menneskelig. Fotoet er så ekstremt enkelt.

     

    The Birdcage

    Kunne godt vore meir teatralsk for min del, men elles moro. Ekstra moro med Gene Hackman som streng, kristenkonservativ politikker med nazitendenser.

     

    Manhunter

    Flott denne. Skytinga på slutten er teit og noko Mann kunne spart seg for, men samtidig såpass kult gjennomført at ein halvegs tilgjev mannen.

    • Liker 3
  16. Back to the Future – Robert Zemeckis

    tumblr_lzkq59QD6T1qmr448o1_r1_500.jpg

     

    Kulturonani og overdrivingsironi

     

    Den vellukka blockbusteren

     

    ”They sure don’t make ’em like this anymore”. Eller, med andre ord: Hollywood er på veg mot undergrunnen. I ein dekonstruksjon av seg sjølv, der humørlause effektstormar pesemiserer gleda og gløden ved filmen.

     

    Back to the Future er den perfekte underhaldningsfilmen. Formelen kunne ikkje vore meir riktig. Humoren er aldri påtatt, sjarmen alltid tilstade og sjangerblandinga mellom eventyr, romantikk, spenning og komedie praktfull i det våre kjære karakterar driver filmen framover gjennom deira fantastiske kjemi.

     

    Men, det som verkeleg gjer heile filmen, er den lidenskaplige kjærleiken for filmskapinga. Det ser man. Man ser at Zemicks og co har hatt det gøy. Og det smitter over.

     

    Kulturdetaljane

     

    Den balanserte blandinga og variasjonen er den vellukka oppskrifta. Aldri for mykje. Alltid akkurat passe.

     

    Men den perfekte blockbuster trenger også det vetle ekstra. Slik at den ikkje glir inn saman med alle dei andre filmane.

     

    Back to the Future er stappfull av detaljar og referansar. Både små og store. I opningsscena ser me at Lloyds karakter heng frå ein av klokkene. Twin Pines Mal blir til Lone Pine Mal når Marty i fortida kjører over ein av dei to trea. Dette er med på å gjere filmen tidlaus og gje den ein definitiv gjensynsgaranti.

     

    Men, viktigare, det som verkelig gjer Back to the Future tidlaus, er korleis den omhandlar kultur. Filmen vil aldri gå ut på dato, fordi den konstruerer korleis kulturen og samfunnet stadig er i forandring. Tidsperiode vitsane står i kø.

     

    Stereotypane

     

    Slutten er ironisk. Den ironiserer over menneskets overflatiske og stereotypiske trek. Det handlar om rollene me har i samfunnet. Rollene som bestemmer kven me er og kvar me høyrer heime. Rollene me sjølv har gitt oss.

     

    Alt blir snudd om. George mannar seg opp og overvinner Biff med makt. Dette snur heile livet hans. Før var han ulukkelig. Ekteskapet hans var ulukkelig. Så forandra fortida seg og snudde lykka i framtida om.

     

    Menneska er skapt for å dominere over kvarandre. ”Den eines brød, den andres død”. Nokon må ha det vondt for at andre skal ha det godt.

     

    Men, uansett, og først og fremst: Back to the Future er fantastisk koselig. Å reise gjennom filmens atmosfæriske univers i to timar (uansett kor mange gonger ein har vore der før), er ikkje noko anna enn ein rein glede.

    • Liker 4
  17. Captain America The first Avenger ( 2011)

     

    Grei, men selvfølgelig en mot alle. I tillegg likte jeg ikke at de hadde superkrefter osv. Ble litt kjedelig siden man vet jo han klarer det og det og alle andre er som dokker som blir knipset rundt. Også det supervåpenet var litt fail, men det er nok sånn det skal være innen den kategorien. Den hadde mange morsome repliker som jeg smilte til. Ellers å grei historie med enda en alternativ film om Hitler og Tysklands undergang.

     

    6/10

     

     

     

     

     

    Du likte ikkje at karakterar i ein superheltfilm hadde superkrefter? At du i tillegg innbiller deg at filmen handlar om Hitlers undergang, skurrer litt for min del. Men ein heilt elendig film, det var det.

    • Liker 1
  18. 15 overvurderte filmar




    The Omen: Den gamle ja, faktisk. Tam, uinspirert og veldig, veldig keisam.



    Cloud Atlas: Pompøst og pretensiøst karneval med Tom Hanks som utklendningsdukke.



    Max Manus: Karakterane er overflatiske, patriotiske stereotypar og dialogen überklein.



    The Avengers: Første timen er unødvendig, uinteressante og uinspirert overkomplisert overforklaringsrunk. Fleire av heltane er keisame.



    Sin City: Wannabe stilfull noir med elendig dialog.



    The Host: Amerikanisert, klisette og klisjéfylt, suppe-monster-drama



    The Grey: Dialogen er forferdelig, vendingane uinspirerte og Neeson speler ikkje noko anna enn seg sjølv. Fuckings middelmåtig.



    Drag Me to Hell: Slapp slapstick-horror-komedie



    Batman Begins: Eit horribelt kaos av elendig klipp ressulterer i heilt forfærdælige actionsekvensar. Også alle dei jævla one-lineresene, som kjenst totalt malplassert i Nolans elles mørke univers. Ikkje dårlig, berre ganske overvurdert.



    The Dark Knight Rises: Skuffande. Mykje unødvendig, tullette småpirk, eit par teite vendingar og ei veldig, veldig irriterande avslutting. Og fuck Anne Hathaway.



    Dacnes With Wolves: Fint foto, men elles temmelig erketypisk, klisette og påtatt føleri.



    Kon-Tiki: Heilt ok, men veldig hollywoodsk og aldri særlig interessante.



    Looper: Meh...



    Django Unchained: Litt for slapp og alt for tom.



    Fight Club: Ikkje så dum, men alt for opptattt av å narrativt briljere, som gjer at den blir ein smule slitsam til slutt.

×
×
  • Opprett ny...