Gå til innhold

Velmont

Medlemmer
  • Innlegg

    2 532
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Velmont

  1. Supert! ;D Eg gjekk i 3/3 tog!

     

    #1 Barnetoget, med Hetland VGS

    #2 Russetoget, hax hax hax! :D Me hadde mobilt anlegg og dansa og stod i.

    #3 Folketoget, Stavanger Mållag - moro! :D

     

    Det har vore ein kjempedag. Gratulerer alle saman. Ååh, 17. mai er ein koseleg

    dag altså ;)

  2. Men det jeg lurer på er hva som er flaskehalsen... At Firefox må rendre på nytt, eller at den må hente filene på harddisk. Lagrer Firefox rendringen i minnet, eller på HD? Bruker derfor Firefox mer minne med den featuren på enn av?

    Å rendre filene er flaskehalsen. Den bruker framleis caching til HD - men den cacher ikkje

    berre HTML-koden, den cacher sjølve renderingsbytecoden. -- Skal ikkje bruke noko

    særleg meir minne det nei, så lenge han cachar til hd. Men same kva, drit i minne -

    det går raskare! :D Minne er trass alt til for å brukast spør du meg.

     

    For å slå på (i nightly build):

    # Run Firefox and type 'about:config' in the location bar.

    # Right-click on the main content area.

     

      1. Select New

      2. Select Integer

     

    # Enter the preference name 'browser.sessionhistory.max_viewers' and click OK.

    # Enter '5' and click OK.

    # Shutdown and restart Firefox.

    # Take the feature for a test drive!

  3. Velmont: Ja, dagens Gecko er OLD! Kommer det med den save rendering-saken som default?

    Nei, det gjer den ikkje. Men eg slo han nett på sidan du spurde; og wow - det er jo

    dritkult! :D:D

    "Save rendering" er hva? :dontgetit:

    Back and foward caching. -- Den lagrar sidene i back-minnet slik at dei kjem opp med ein

    gong når du bruker «back» osb.

     

    Opera har hatt det lenge. No blir FireFox òg rask på den fronten.

  4. Velmont: Ja, dagens Gecko er OLD! Kommer det med den save rendering-saken som default?

    Nei, det gjer den ikkje. Men eg slo han nett på sidan du spurde; og wow - det er jo

    dritkult! :D:D

     

    Har du testet SVG ?

    Var det fyrste eg gjorde ;) SVG er jo kjempetøft -- noko kult med det er at dei blandar

    DOM, CSS, XHTML, Javascript og SVG! Kan jo gjere altslags smooth ting :p

  5. Ahh. No køyrer eg ein nightly build av Firefox. Heitter FireFox 1.0+, er denne

    som skal bli v. 1.1 - og eg må seie;

     

    Denne greia er mykje raskare enn den andre eg har! :) Herlig! :D Elles så

    er det native SVG-støtte, og det skal visstnok vere den nyaste geckomotoren.

     

    Den FireFox 1.0.x bruker er jo over eit år gamal! :-o

  6. Som sagt. Bruk private/public keys. Eg bruker ikkje passord for å logge meg på

    serverane osb! -- Det er endå sikrare - ingen keylogger vil kunne lese det,

    passordet blir ikkje sendt over nettverket osbosb.

     

    RSA/DSA ssh-keys. Framtida. :] -- (nei, eg har ikkje passord på keysene mine,

    eg bruker keysa av di eg ikkje gidder å skrive inn passord - heldigvis er det

    veldig sikkert sjølv utan passord, og kun èg har den private keyen...)

  7. Minner mykje om «Et sekund» av Johan N. Dyrstad. Men så er det vel ei ganske

    normal problemstilling òg då.

     

    Eit par plassar var filmen litt uklar - nokre fine bilete - nokre ikkje fullt så fine.

    Eg er einig med Durabont om sepiafargene i skogen, kanskje de ikkje har

    gjort det med vilje - men same kva, det ser ikkje særlig bra ut. Fikse litt på

    kvitbalansen på kameraet kanskje?

     

    --

    Fyrste bilete er fint, eg likte lyset der. Men, burde bruke stativ på det klippet.

    Så er det eit nærbilete av klokka, det er ikkje like bra. Kvitbalansen er endra,

    og hovudmotivet er sentrert i bilete - dessutan er det alt for mykje umotivert

    «headspace» i utsnittet.

    Videre har me «innzoominga» av klokka. - Vel, eg synest ikkje den klokka

    var særlig lett å sjå - det blir rotete, eg ser ikkje at det er ei klokke. Dessutan

    er biletet for mørkt her - eg antek at det er betre originalt, men komprimert

    ser det ikkje så bra ut.

     

    «stå-opp»-klippet har eit forferdelig utsnitt - og skal ein bruke slike «karakter-

    kjem-inn-i-biletet»-effekter så bør ein for all del ha stativ. Viss ikkje blir det

    berre teit. - Slik er det no. Dessutan er ikkje spelinga heilt bra der synest eg.

    Ut døra pan er grei. Inne i kjøleskapet er stilig og fungerer bra. «Oi, eg har

    gløymd sekken» er bra. Ganske rolig nærbilete av sekk, stativ her? Eller

    berre stødig hand?

    Ånei! Det var ikkje kjøleskapet det fyrste. Eg lurte på kvifor kjøleskapet byta

    side. Men det var visst berre eit vanleg skap ja. Det var litt uklart.

    Melk-greiene er bra, om enn - kanskje litt mange vide bilete? Og dessutan

    er båe kvitbalansen og «exposure» endra mellom dei to klippa der han heller.

     

    Gå-ut klippet liker eg ikkje i det heile tatt. Greitt nok når han går forbi linsa -

    men resten er heilt forferdelig spør du meg :p

     

    Så kjem den sepiafarga skogen. Gidd ikkje sei så mykje. Greitt nok.

    Blablabla, mykje av det same.

     

    Gutar i skogen. Hm. Ja. Fungerer jo. Om enn, virker ganske usannsynleg.

    Kvifor ser kameraten vekk, han vil jo få eit høgt smell rett inn i mobilen,

    dessutan ville det vore normalt å sett på når nokon skyt. Elles har me såpass

    vidt syn at me ville sett om det kom nokon springjande - om det ikkje hadde

    vore ein vegg eller noko foran. Men det er jo forsåvidt greitt nok - ein må

    gjere eit par kompromi på slike vanskelege ting.

    Eg synest òg at det som skjedde der kunne ha vore litt klarare.

     

    Ein anna ting eg lurer på er om dette viser 2 moglege utfall av dagen (helle

    melk og søle => bra, helle melk og drikke => dårleg), eller om det er 2

    forskjellige dagar (etter kvarandre). Eg heller mot det fyrste, av di de brukar

    same bilete på båe scenene utanom akkurat melka.

     

    -

    De blir betre og betre - dette er andre saker enn det dykk laga då dykk fyrst

    kom til forumet ;) Stå på :]

  8. Einig med: Paulsen. Det er heilt klart betre å fortsette på ein god ein, f.eks

    Ubuntu, og heller hjelpe til der.

     

    Eller de kan hjelpe til med å omsetje forskjellige program/spill til norsk.

    - Eg har ikkje lest heile tråden. Det er sikkert diskutert før dette med endå ein

    ny distro. Men eg forstår ikkje heilt vitsen nei. :9

  9. Eg prøvde det same ein gong. Men gav raskt opp... :p Det var av di eg køyrde

    Woody på maskina då, eg kom aldri så utruleg langt likevel.

     

    Men mitt QC fungerer fint på denne pcen. (eller gjorde, trur ikkje driveren

    kompilerer heilt reint med nyaste kernel..)

     

    Kvifor er eigentleg ikkje dei driverane med i kernelen? Plagsomt det der, måtte

    finne drivere andre plasser - det er sånn windows-mentalitet...

  10. Eg drakk 1,5l daglig (ja, eg veit det ikkje er mykje her på eit pc-forum, men andre «normale»

    folk har synest det var ein del) for nokre år sidan. Så sa ein fyr til meg at om eg ikkje drakk

    cola (var pepsi twist eg drakk så mykje av) i 3 månader, så ville eg ikkje like det lengre.

    Så eg ville motbevise han. Etter 3 månader smakte eg cola igjen for fyrste gong. - Men han

    fekk rett, eg likte ikkje Cola lengre. Det smakte ikkje godt - eg kunne ikkje forstå det; var jo

    det aller beste eg visste for berre nokre få månader sidan.

     

    - No boikotter eg òg Coca Cola Company av dei ideologiske standpunkta, - men eg slutta med

    cola før det. Dessutan liker eg jo fortsatt den andre brusen dei lagar, men kjøper han ikkje.

     

    Linux gjekk eg òg over til som piratkopierende (normal) windowsbrukar. Men eg fann ut

    at eg likte Linux betre, fungerte betre for meg. -- Men no, etter 2 år med Linux er eg blitt

    meir og meir «rein». Eg liker ikkje propitær programvare, og eg bruker heller opne ting

    som er litt dårlegare, mot å bruke vonde propitære program som driver på med patentar

    og andre onde ting. -- Eg ser at den frie vegen fungerer - så for å få farten opp på den,

    velgjer eg å stø han. Me treng folk som driv FOSS framover (eg er ikkje ein av dei, eg

    er meir minitilhengar :p ) - om alle hadde sagt «alltid velg det beste reint teknisk» hadde

    me for det fyrste aldri hatt Linux, og for det andre hadde det heilt sikkert drept innovasjon.

     

    Ein måtte ha laga det beste allereie for å kunne få fleire til å hjelpe til med prosjektet!

    Nei, takke seg til. Eg håpar alle saman stør FOSS-prosjekter i staden for propitære. Når

    ein støtter FOSS får ein trass alt noko tilbake!

  11. lurte derfor på om det var noe for meg som aldri har brukt annet enn windows

     

    ... og eg svarte: nei. - Hadde han skrive med «eg ynskjer å lære meg Linux

    skikkeleg». Då hadde eg sagt; «Ja, du kan godt bruke Slackware, men ta

    ein titt på ArchLinux i tillegg». Du kan fint prøve Slacware, det vil ikkje

    øydeleggje maskina di. Men ikkje kom å klag på GNU/Linux om du ikkje får

    noko til. - Les dokumentasjon og vit at du bruker Linux (sånn at du ikkje går

    rundt og seier, æsj, linux er ekkelt, må kompilere alt sjølv og blablablablaab)

     

    (mange som gjer nett det nemlig)

  12. Ja. 3G er vel eigentleg berre h264. Så då kan du mekke i vei med mencoder

    utan større problem.

     

    x264 er kodeken, du finner han på videolan sin heimeside.

    http://www.videolan.org/x264.html

     

    Det skal visst finnes ein win32-build, men eg aner ikkje kor/korleis. Er enklere

    å gjere slikt i Linux likevel ;) -- Leit litt rundt, kanskje du finner .

     

    Ah, dette ser ut som noko windows-greier: http://x264.nl/ <- prøv den.

    Du kan sikkert bruke http://virtualdub.sf.net til å mekke fila.

  13. Nei, slackware er teit for deg. Ærlig talt folkens, sjølv om eg brukar Arch Linux

    går eg ikkje hen å anbefalar det for gud og kvermann? Eg vil anbefale alle dykk

    som bruker Slackware til å prøve Arch, den er mykje herligare. Nett like «do it

    yourself», men meir oversiktlig og med verdens beste pakkehandterer «pacman».

     

    Til alle andre, som ikkje er «avanserte» anbefalar eg Ubuntu. Ærlig talt, prøv

    Ubuntu saman med Ubuntuguide. Ikkje start på Slackware. Kvifor gjere ting

    bakvendt? Eg bruker Ubuntu sjølv på alle pcar utanom hovudpcen (som eg

    liker å ha full kontroll over sjølv). :)

  14. Jeg henger meg på WonderBjarne sitt spørsmål... VI VIL HA MONITOR-MODE!

    *Rope med!*

     

    -- Ærlig talt, ipw2100 har jo monitorstøtte! Kvifor skal ikkje me med ipw2200 få!? :(((

     

    ----------

     

    Kjipe Intel, eg kjøpte jo deira kort (hadde originalt eit Realtek-kort) av di dei hadde ekte

    Linux-drivere.. Men gidd lameit firmware, dei burde berre gpl-e heile skiten.

  15. og det med at inkscape er bedre fordi det er lettere er vel som og si at windows er bedre en linux siden det er lettere? regner med du ikke er enig i den påstanden? og va mener du egentlig er så mye bedre og lettere i inkscape iforhold til illustrator?

    Hø? Linux er jo heilt klart lettere/enklere/betre enn Windows! -- Her ser du, forskjellige

    behov, forskjellige kompetansenivå, forskjellige utfall.

     

    For meg er Linux mykje enklare, for deg er Illustrator mykje enklare. Ja, Illustrator er

    meir kraftig, det har eg ikkje sagt noko mot. Men det er slike uttalelsar som er så teite:

    En logo skal lages i vektorgrafikk, og da er det adobe illustrator som gjelder.

     

    Javel? Då kan jo eg seie at alle *skal* ha ein stabil, kraftig pc som ein kan gjere masse

    tøft med, og då er det Linux som gjelder. For Linux er heilt klart betre *FOR MEG*.

     

    Slik eg ser det trenger denne personen lage _ein_ (1) logo, _ein_ (1) gong. Kvifor skal

    han måtte lære seg eit digert, vanskeleg program for å gjere dèt? Eller måtte betale

    masse penger? -- Nett som eg synest det er greitt at folk bruker Windows av di dei ikkje

    gidder å lære seg noko betre, og at det fungerer for dei - så burde no du kunne akseptere

    at ein kan lage vektor i andre program enn Illustrator. Dei har ikkje akkurat monopol på å

    lage vektor.

     

    Det beste for nokon er ikkje alltid det beste for andre. Dessutan synest eg ærlig talt at

    mitt forslag er litt meir realistisk for ein person som spør om korleis han skal lage ein

    logo på eit dataforum. Det er trass alt ikkje ein proff du skal gje råd til. (eg hadde aldri

    anbefalt Inkscape til ein proff, - Gimp begynner å kunne konkurrere med Photoshop, men

    Inkscape kan ikkje måle seg i forhald til Illustrator - men dei har *forskjellige mål*)

  16. Off. Gidd zealot. Adobe-hoder. Ærlig talt, alt Adobe lager er ikkje best kun pga.

    det er Adobe. Det er ikkje best i alle samanhenger heller. Til logo synest eg

    Inkscape fungerer mykje betre - rett og slett av di det er så mykje enklere.

     

    Det fungerer òg lettere for oss som ikkje jobber med vektor, og som kun

    trenger det av og til.

     

    Akkurat som å seie at ein *må* ha Windows for å kunne jobbe. Det er berre

    teit. Slutt å seie teite ting. Så phax, du meiner at alle saman på død og

    liv skal bruke Illustrator av di det er sett på som best av proffe brukare? Det

    er jo like teit som at alle skal kjøpe ferrari av di dei er raskast og finast.

    Alle trenger ikkje ein ferrari, av og til kan det vere rein sløsing.

     

    http://inkscape.org <- anbefalt.

  17. Den støtten er mykje i ting me aldri brukar, - Mozilla har betre støtte i det me

    brukar på verdensveven akkurat i dag - medan Opera har støtte for masse

    hax ting Mozilla snart for støtte for - men som ingen bruker endå.

     

    (Det har kanskje òg samanheng med at det er så få som stør det, menmen)

     

    Så difor kan eg godt forstå argumentet med at Mozilla er flinkere til å fylgje

    standarder på verdensveven (der ein bruker HTML og CSS1 for det meste,

    medan hax DOM og CSS2 berre er i startfasa!) (For å ikkje snakke om CSS3

    som ser kult ut, men *ingen* har implementert(Vel, det er gjort nokre forsøk

    i Mozilla trur eg))

     

    Dessutan er ikkje den lista heilt rett - det at FireFox ikkje har ein mailklient

    burde ikkje bli trukke for - ærlig talt, det er forskjellige designfilosofier.

    Andre eksempel er at FireFox trass alt har eigne develversjoner med støtte

    for SVG -- dei er ikkje tatt med i beregninga. Men, ja, eg veit det blir alt for

    omfattande om ein skal take med alt som er i devel ;)

×
×
  • Opprett ny...