Eg har sove mykje i bagasjerommet på Volvo V70. Gjorde nokre enkle tilpasningar for å få heilt flatt golv uten å dra med sitteputene i baksetet. Får litt ekstra plass til bagasje då.
Hadde nokre ekstra batteri i bilen fra før, så mekka litt slik at eg kunne ha kupevifta gåande på sakte tempo gjennom natta. Då var det frisk luft og duggfrie vindu sjølv om vi var to voksne. Det var ei veldig bra oppgradering for å sleppe å ha vindu åpent mtp. regn og ikkje minst sleppe å få bilen full i mygg. Det kan fort ødelegge søvnen og sove du dårleg har du på ein måte tapt før du begynte.
Hadde ei egen madrass til bilen, tilpassa litt fasongen og ei god dundyne slik at det ikkje var noko problem å sove godt sjølv om det var kaldt ute (5-10 plussgrader var ikkje noko problem).
Største utfordringa for meg som foretrekke stummande mørke er at det er så mange glassruter. Å sote dei hjelpe ikkje og det er faktisk veldig vanskelig å finne en plass uten noko form for lys. Når du ligge i bilen så blir gatelys omtrent som en lyskaster midt i trynet og bilen hadde ikkje en gang soltak/glasstak.
Til det så fant eg en ok patent, noko relativt stive isolaskonsmatter fra biltema kutta slik at det passa på innsida av rutene og limt på svart filt på begge sider. Fekk aldri ordna det på mange nok ruter, men var enkelt å montere og demontere og tar lite plass når dei ikkje er i bruk. Isolerar litt og så det er eit godt tips.
Toalett? Ein drite no ikkje annankvar time, så det er ikkje noko problem å svinge innom en bensinstasjon før ein tar kveld å får gjort det nødvendige.
Om en må tisse så er det jo berre å gå nokre meter ut i skogen å gjere det slik våre forfedre alltid har gjort det. Det er jo ikkje noko problem og strengt tatt minst like hygienisk som eit offentleg toalett.
Mat? Stormkjøkken med gassbrenner, det tar knappast plass i det heile tatt og er finfint til egg&bacon, pannekaker, diverse fjordland osv. Varma ein fjordland i vannbad har du allerede varmt vatn til oppvasken.
Vatn på flaske til handvask, oppvask, tannpuss osv. Det skal vere litt primitivt, det er ein del av sjarmen 😊
Ellers er det litt klaustrofobisk å kle seg om og flytte seg rundt i ei stasjonsvogn men når en først har lagt seg ned er det eit hav av plass. Bagasje flytta en enkelt fram i framsete når en skal sove. Men vi er ganske atletiske så det passar nok ikkje for alle kroppstypar.
Dusje kan ein gjere over alt, campingplassar eller truckstopp er gode fasilitetar for slikt.
Som nyforelska og barnløs/barnefri så er det ei veldig fin ferieform. Kan varmt anbefalast. Om mannen eller dama er for prippen så er det kanskje feil menneske. En bør uansett prøve og så finst det jo hotell nærmast over alt om det skulle vere noko problem.
Sammenligna med bubil, campingvogn eller campingbuss er det veldig lettvint å komme seg rundt uten restriksjonar og det er veldig billig.