Gå til innhold

ingvaraaberge

Medlemmer
  • Innlegg

    100
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av ingvaraaberge

  1. Ulv er ikke det samme som de groteske kjøttetende monsterne som man ser på skrekkfilm. :roll:

    Dersom ein skal halda seg til populærkulturelle referansar her: Uleven i skogen er ikkje som Lilleulv, heller.

     

    Kanskje lurt å frigjera se frå ulven som kulturfenomen (Rødhette SToreulv, Lilleulv osv.) og forhalda seg til ulven som naturfenomen i staden.

     

    Ulven i skogen drep sau, han kan truga menneske, og han kan drepa menneske, men han kan alt etter situasjonen også vera ufarleg.

    • Liker 1
  2. Hvorfor ikke ta stilling selv til det som faktisk står i Talmuden enn å dra til jødestyrte wikipedia for å få deg en "quick fix" ?

     

    Me er i så fall to om ikkje å ta stilling sjølv...

    At Wikipedia er jødestyrt kunne eg jo tenkja meg at du meinte, og for all del, det er nesten alltid jødar involverte der intellektuell verksemd på eit visst plan føregår. Det er trass alt eit folk av Nobelprisvinnarar.

     

    Ein finn ein del sitatlister frå Talmud på nettet, men syrgjeleg dårleg dokumenterte. Dei som lagar desse listene er ute etter å sjokkera, ikkje etter å setja lesaren i stand til å undersøkja ting sjølv. Elles ville eg gjerne ha hatt referanse til kva utgåve av Talmud sitatet er henta frå, bind og sidetal. Gjerne også ei forklaring av kontekst. Eg var innom Universitetsbiblioteket ein gong og spurde etter Talmud. Dei var ei heil lita bokhylle med bind!

    • Liker 3
  3. Det er sant, men Talmuden er fortsatt en bok for jøder og danner grunnlaget for det vi kaller jødedom.

    Sitat Wikipedia:

     

    Accusations against the Talmud include alleged:[36]

     

    1.Anti-Christian or anti-Gentile content[37]

    2.Absurd or sexually immoral content[38]

    3.Falsification of scripture[39]

    Many of these criticisms, particularly those by antisemitic critics, are based on quotations that are taken out of context, and thus misrepresent the meaning of the Talmud's text. Sometimes the misrepresntation is deliberate, and other times simply due to an inability to grasp the subtle and sometimes confusing narratives in the Talmud. Some quotations provided by antisemitic critics deliberately omit passages in order to generate quotes that appear to be offensive or insulting.

  4.  

    Folk tar jegerprøven, kjøper dyre våpen og ammo, blir medlem av et jaktlag og kjøper seg jaktrettigheter fordi de liker å drepe dyr. Så ekelt er det, men de tør ikke å innrømme det så istedenfor kommer de med ...

    Ingen tvil om at jegrar likar å drepa dyr. Og kva så? Er det noko meir umoralsk enn at du og eg betaler eit slakteri for å drepa dyra for oss?

  5. Makt korrumperer, derfor er det viktig at Obama får litt konkurranse. Sier ikke at jeg ikke heier på Obama men noen må også holde han i ørene iblant.

    Obama sine dagar er nok over i 2012. Han har mista evna til å engasjera. Det einaste som kan berga Obama er ein veldig klønete valkamp frå republikanarane si side.

     

    Folk sit her i landet og heiar i aust og vest på amerikanske presidentkandidatar, men eg trur me skulle tenkja litt gjennom kven me er: Det er faktisk amerikanarane som vel president, ikkje me. Det er lett å tru at Noreg er verdas midtpunkt, men så er ikkje tilfelle. (Journalistar er faktisk av og til dei verste i så måte.)

     

    Nobelkomiteen er faktisk endå verre: Nobels fredspris til tre topp-demokratar (presidentar/visepresidentar) dei siste åra, i den tru tydelegvis, at med dette skulle vesle Noreg greia å styra utviklinga i amerikansk politikk.

  6. Eg tenkjer på to ting:

     

    1. I denne filmen trykkjer Federal Reserve opp pengar etter eige innfall, men er det ikkje ein statleg pengepolitikk som står bak kor mykje pengar som vert sette i sirkulasjon?

     

    2. Her i landet, og i ein del andre land, har me ein statseigd sentralbank, sjølv om Noregs Bank rett nok i si tid var privat.

     

    3. I filmen får me fyrst vita at Federal Reserve låner ut pengar til bankane for at dei kan låna dei vidare til kundane, men etterpå er det kun snakk om at det er regjeringa som låner pengar av Federal Reserve. Kva er rett her?

     

    4. Veksling mellom ulike valutaer er ikkje eit tema i denne filmen (for amerikanarar er verda stort sett = USA), men det som det ofte er mest snakk om når det gjeld valutaer, er jo deira forhold til kvarandre.

     

    5. Ein bør hugsa på at gull er i og for seg ingen realverdi, det er berre eit litt meir stabilt bytemiddel enn papirpengar. All økonomi kviler til slutt på realverdiane, som er varer og tenester.

  7. Du er enig. Så flott. Da kanskje du skjønner hvorfor det er en dårlig ide å la de som får sin "moralske" veiledning fra en slik bok styre nasjoner de selv ikke har tatt noen del i å bygge opp?

    Dette stemmer ikkje heilt. Jødar har på mange ulike måtar teke del i oppbygginga av dei landa dei gjennom tidene har butt i. Faktisk er det jo nettopp det dei har vorte kritiserte for ofte: Jødane tek del i samfunnslivet og påverkar det dermed.

  8. Og må ta til betraktninig angående Ron Paul han har en hær mot seg, mye disinformasjon finnes, vær kritisk, har ingen formening om han også er freemason eller ei. Og det er interne konflikter der og kan være en av de gode frimurerne.

    Hø, er ikkje Youtube ufeilbarleg lenger, no? Sett på maken, disinformasjon på Youtube, liksom???

  9. Denne videoen var interessant. Ver så snill å kommentera videoar i staden for å berre linka dei opp, folkens!

     

    Den ideen som Ron Paul forsvarer i dette intervjuet er primært prinsippet om USA ikkje som eit land, men som ein allianse av 50 sjølvstendige land, kvar med sine lover og sin politikk.

     

    Likevel har han også prinsipielt visse syn på kva som burde vera tillate og kva styresmaktene ikkje burde blanda seg opp i, prinsipp som er like relevante i den enkelte delstaten som på føderalt hald. Her er Ron Paul meir liberal enn eg kan vera med på å forsvara. Dersom prostitusjon er lovleg, kva med barneprostitusjon, incest osv? Ein stad må ein setja ei grense juridisk. Same meiner eg om narkotika, men amerikansk narkotikapolitikk er nok i stor grad ein vits per i dag.

     

    Men om eg usamd med Ron Paul på nokre punkt, så er han eit fantastisk friskt pust i amerikansk politikk. Han er ein intellektuell person, han grunngjev sin meiningar, han er velartikulert, fantastisk å høyra på. Eg trur framleis verkeleg at han er den presidenten USA hadde trengt, men aldri kjem til å få.

    • Liker 2
  10. Snodig at også på Skepsis-forumet er det ein del folk som likar å ytra seg utelukkande ved videopostingar.

     

    Det seier vel litt om kva nasegrus forhold ein del folk har til videoar på Youtube. Videoar på Youtube er sjølve sanninga med stor S, ein treng ikkje tenkja, fordøya stoffet, formulera det med eigne ord. Det einaste ein treng å gjera er å linka opp videoen som seier alt.

    • Liker 4
  11. Jeg ville aldri stemt på en president som støtter kreasjonisme (og fornekter evolusjon) og ikke vet forskjellen på den dagligdagse ordbruken av ordet "teori", og definisjonen av en vitenskapelig teori.

    Er det ikkje feil å leggja meir vekt på kva slags biologiske enn politiske teoriar han trur på?

  12. Dette er ikke korrekt. Med OPS er begge parter ansvarlige for at prosjektet skal gå i havn og ikke bare byggherren. Om det blir overskridelser så vil det svi for begge parter, mens om resultatet blir motsatt så vil man fordele "overskuddet" på begge parter. Det er i kontraktørens interresse å gjøre en best mulig jobb raskest mulig siden det vil bli billigere for begge parter.

     

    Med OPS er sannsynligvis sjansen mye større for at man også unngå situasjonen nå med kladdebygging, og utlysninger av flere små parseller slik en lang hovedvei blir delt opp på flere kontraktører, med det resultat mange små forsinkelser og overskridelser.

     

    Jeg ønsker OPS velkommen, vi trenger en effektiv utbygging av landet idag, og slik ting gjøres idag har ikke visst deg å være bra nok. Jeg anbefaler deg å lese om erfaringene man har gjort med tidligere OPS prosjekter, og erfaringene jeg har lest har lest har vist deg å være stort sett positive, ikke alltid like billigere men åpenheten og smidigheten i prosjektgruppa har vært med på å gjøre prosjektene til en suksess.

    OK, eg innrømer å ha gjeve litt upresise opplysningar om kva dette går ut på.

    http://no.wikipedia.org/wiki/OPS

    Ser at det står her at det er dei private som tek på seg risikoen.

  13. Jeg kan styre meg for lokale ordninger som forbyr uteservering etter klokka ett. Det er egentlig bare irriterende.

     

    Tidsbegrensninger for når en kan kjøpe alkohol i butikk er også irriterende, om enn ikke katastrofalt.

     

    Ellers §135a i straffeloven og overdreven regulering av narkotikabruk.

    Finst det regulering av narkotikabruk? Eg trudde det var forbode med unntak av når nakotiske stoff vert utskrivne av legar?

  14. Til trådstarter: Du må gjerne fortelle litt mer om disse obligasjonene. Hvem utfører byggingen og vedlikeholdet med dette systemet?

     

    Obligasjonar er ein måte for staten å låna pengar i den private marknaden. Den som låner staten pengar får i byte ei garantert rente.

     

    I grunnen er det absurd at ein så rik stat som vår skulle trengja å låna pengar, men det er vitterleg ein måte å trekkja inn privat kapital frå marknaden på. Det meste i ein oljeøkonomi er absurd uansett. Det påståtte målet med OPS er jo å trekkja privat kapital inn, og grunnen til at vår rike stat skulle ha behov for det, er at ein ikkje vil varma opp økonomien for mykje.

     

    I og med at obligasjonar ikkje er noko anna enn eit lånesystem vil det altså vera det offentlege som har ansvaret for korleis pengane vert brukte. Det vil likevel kunna frigjera midlar til infrastrukturinvesteringar utan å måtta ta av oljepengane.

×
×
  • Opprett ny...