Gå til innhold

OlavEmil

Medlemmer
  • Innlegg

    21
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Ny bil på tunet, tid for ny runde med lys. Snart eit tiår sidan sist, så det er plutseleg mykje meir å velje mellom.

     

    Noko begrensa av kamera, sensorar og dritt, men eg har konkludert med at eg trur det skal funke med ein LED-bar over skiltet og to runde ved sidan av skiltet i WRC-formasjon. Har landa på Lumen Helios DX20 over skiltet, og trur det skal funke bra. Er eg på jordet der?

     

    Når det gjeld dei runde slo eg til på Purelux 9110 UNLIMITED Gen3. Tanken var at baren vil gje meir enn nok breiddelys, og at to billige Pureluxar med maks fokus framover kunne stå for lengden. Men så byrjar eg å fryse så smått på føttene. Eg ser jo at Purelux ikkje eksisterar nokon annan plass enn på Valostore, som eg heller aldri har høyrd om før, så då må vi anta at det er snakk om rebrand kinavare. Eller? Nokon som har faktisk erfaring eller nok kunnskap til å seie noko om desse ut frå spesifikasjonane utanom dei som har skrive reviews på Valostore? Eg bestilte brakett saman med lysa, dei er komne, og butikken har fysisk adresse i Noreg, så eg er ikkje redd for den biten, kun (lys)kvaliteten på sjølve lyktene. God returfrist enno.

     

    Så, når ein først byrjar å grave seg ned med kaninene, får ein jo lyst på meir og betre. Eg ser at Lumen Cyclops CX9 kjem på dagssal i Black week, og vil tippe den kjem til å koste ca 2000,-. Berre marginalt lågare specs enn Pureluxen, men etablert merke. Ikkje noko ulempe at den er E-merka, sjølvsagt, men ikkje eit must (er jo uansett ulovleg om ein skal bruke heile lykta). Vil kvaliteten på Lumen gjere denne til ein betre lykt? Tenkjer då i all hovudsak lysmessig. Vil den vere nok betre til at den er verdt dobbel pris? Nokon som har erfaring med denne?

     

    Eller burde eg finne noko heilt anna? (Har ikkje råd til Lazer Sentinel 9 Elite 🥲)

     

    PaladinNO?

  2. Har det skjedd noko med produksjonen og tilgangen? Fekk plutseleg melding om at kortet eg bestille på komplett 17/9 (11 minutt etter lansering) er på veg i posten. Eller har eg berre vore heldig? (om ein kan kalle det det å få varen lever eit halvt år etter bestilling 😄

    • Liker 1
  3. JFM skrev (11 timer siden):

    Ringte Elkjøp for status på mitt 3080 Tuf "non-oc" bestilt i oktober.

    De vet enda ingenting. Kortet "kan" plutselig dukke opp. "Vi velger å håpe på at det kommer i februar" var noe av det første de sa. 

    Litt senere i samtalen så de "Tror nok du får kortet i løpet av første kvartal" 😂

     

    Edit: fikk også denne linken fra dem: https://www.elkjop.no/cms/rtx-info/rtx-levering-og-lager/

    Eg ventar òg på same kort, bestilt 17. september. Nett no er forventa levering i juni. Så Elkjøp kan velje å håpe så mykje dei vil, men levering i februar kan du nok gløyme 😄

  4. Kryptodebunker skrev (35 minutter siden):

    Det er Asus som ikke levere TUF ikke-OC til Komplett er det så vanskelig å forstå? 😂 👍 

    Vær sur på Asus ikke Komplett. Komplett betaler ikke mer for de kortene de bestilte i september. Men Asus vil mye heller selge 3080 OC til ny pris enn å produsere alle ordrene på 3080 Ikke-OC til gammel pris. 

    Nei, ikkje vanskeleg å forstå i det heile tatt. Med "dei" meinte eg sjølvsagt produsenten, ikkje Komplett. Og eg er ikkje "sur" på verken Komplett eller produsentar, det blir eg først om det endar med kansellert ordre. Men greitt å vite at Komplett òg har låst innkjøpspris på bestillingstidspunktet, om det er tilfelle. Då får vi håpe ikkje Asus bestemmer seg for å slutte å produsere akkurat dette delenummeret for heller å kunne selje kort med eit anna delenummer til høgare pris. 

    • Liker 1
  5. baggiebridges skrev (På 11.2.2021 den 23.03):

    Om du ønsker et 380 eller 3090 kort sett deg på liste der de har dette.

    Som eks hos EVGA, fikk tilbud om 3080 etter 2 uker på liste. 6 timer på og akseptere, siden jeg ikke aksepterte gikk kortet til noen lenger ned i køen. Kortet ville eventuelt blitt sendt innen 2 dager etter aksept/betaling.

    Som noen har sagt her før. Vil en virkelig ha et 3080 eller 3090 gjennom normale kanaler klarer man det innen  rimelig tidsaspekt. 

    Forstår ikkje heilt kva du meiner her. Kva liste er det her snakk om? Og korleis kan desse bli plassert foran alle dei som framleis ventar på korta dei har bestilt, betalt og bekrefta alt på lanseringsdag? 

  6. Det hadde du sleppt om du i staden berre svarte ja eller nei på det veldig enkle spørsmålet "kan du stadfeste at mot kort blir sendt ut i løpet av 4 - 6 dagar?". Men svaret på det er eit openbart og rungande NEI, noko kundebehandlarane sjølvsagt ikkje har lov å seie når det står JA på nettsida. Kundebehandlaren har då valet mellom å lyge direkte, eller å prøve å unngå heile spørsmålet ved å berre sitere nettsida utan å stadfeste nærare, og så prøve seg på ein spansk ein ved å seie "no har eg svart på spørsmålet ditt". Når dei så treff på nokon med meir enn tre hjerneceller, blir dei raskt ståande fast i ein slik runddans som over. 

     

    Kan òg leggje til at mitt Asus 3080 TUF som vart bestilt på lanseringsdag 17/9, med gjennomført betaling registrert i nettbank 1503, men ikkje stadfesta av Komplett før 1511, per no har "forventa" levering 3. juni. Er det verkeleg sånn at dei enno ikkje har klart å levere dei første 11 minuttane med ordre på tre kvart år, eller må eg rekne med at ordren min er ein dud, og at dei berre skyv og skyv til eg avbestillar? Prisen på det aktuelle kortet er gått opp med 30% sidan eg bestilte, så det er vel neppe særleg interessant for Komplett å nokon gong levere denne ordren. 

    • Liker 3
    • Innsiktsfullt 1
  7. Dette er eit kjempespel, med gode utfordringar. Det er òg ekstremt realistisk til sitt bruk, køyretyet oppfører seg og brukar akkurat like mykje plass som ein ekte semitrailer. Har ein det minste interesse for store køyrety, eller lyst til å få ei kjensle av korleis desse er å manøvrere, er dette spelet :) .

     

    Torrent kan du drite i, forresten. Her er det publisert ein demo du kan spele så lenge du vil, vil du ha tilgang til resten, betaler du dei 150 kronene det kostar. Viss ikkje får du klare deg utan.

     

    http://www.scaniadrivergame.com/en/

    • Liker 2
  8. "Privatlivets fred". Forbanna tøysesnakk.

     

    Flott tiltak. Eg kan ikkje sjå noko negativt med eit automatisert system som kan avsløre ulovlegheiter i trafikken, eller andre stader. Noko av det dummaste eg høyrer er alt maset frå datatilsynet og FrP-folk som syt og grin over overvåking straks det er snakk om noko som helst teknisk som kan hjelpe, anten det gjeld kriminalitet, tryggleik eller andre ting.

  9. Det er en morsom test, men ikke akkurat forferdelig relevant for norske forhold, kanskje? Jeg synes testene avisene har foran hvert valg er mer nøyaktige med hensyn til parti, når de også tar i betraktning partiprogrammer og ikke bare ideologi.

     

    Dette er jo ikkje ein test for å sjå kva norsk parti du bør stemme på. Dette er ein test nettopp for å sjå kvar i det politiske landskapet du høyrer til, og då går jo det nettopp på ideologi, ikkje på partiprogram. Så er det jo ein annan sak at altfor mange stemmer stikk i strid med sin ideologi, fordi dei heng seg opp i einskildsaker, eller til og med korleis einskildpersonar innan eit parti opptrer i media. Og ganske enkelt fordi dei ikkje har peiling på politikk.

    • Innsiktsfullt 1
  10. r2d290: Det kjem an på korleis den trearma rundkøyringa ser ut. Går det ein arm til høgre og ein til venstre, eller ein rett fram og ein til venstre, stemmer det. Går det ein til høgre og ein rett fram, er det feil. No er vel ikkje wikipedia kjent for alltid å ha orden på all fakta...

     

    A-Jay: Det har du sjølvsagt rett i, og det er nok difor det i dei fleste slike tilfelle er merking som viser at ein skal liggje i venstre felt når ein skal rett fram. Likevel, er dette ikkje tilfelle, skal ein ikkje lage sine eigne regler. Det hjelper ikkje å skrive "alle andre gjer det" på eit eventuelt skadeskjema.

  11. Er du i gang no?

     

    Klatring er ein super aktivitet, og som folk seier, utandørsklatring er fantastisk. Når det er sagt, er det greit å byrje innandørs, og lære det grunnleggjande. Når du etterkvart går ut, vil det følest som om du skal lære å klatre heilt på nytt.

     

    Når det gjeld styrketrening, så er klatring i seg sjølv den beste treninga du får. Eg har aldri trent noko, men dei musklane du treng, får du av klatinga (og det er utruleg kva musklar du bruker / får òg).

  12. Som C-angel seier, du skal ALLTID liggje i høgrefelt om du skal rett fram. Dette gjeld faktisk sjølv om det ikkje er nokon utkøyrsle til venstre. I dei tilfella vil eit eventuelt venstrefelt kun vere for dei som skal snu i rundkøyringa. Det einaste som kan endre på dette, er om vegmerking på asfalten og / eller skilt plassert over felta, seier noko anna (skilt kjem over vegtrafikklova i autoritetspyramiden).

     

    Eit anna poeng som kan vere verdt å merke seg, er at ei rundkøyring har to felt dersom det er plass til to bilar i breidda, sjølv om det ikkje er noko oppmerking. For dei som held til i Bergen aust, kan eg difor opplyse om at ein skal liggje til høgre når ein skal rett fram i rundkøyringane i Indre Arna, og ikkje til venstre, slik dei fleste gjer.

  13. Eg må seie meg nøgd med dette. Koordinatane mine vart:

     

    Economic Left/Right: -6.38

    Social Libertarian/Authoritarian: -0.51

     

    politikk.jpg

     

    Kunne kanskje vore litt meir autoritær, då eg er godt nøgd med at staten har kontroll på kva som blir gjort i samfunnet, og meiner at fridom til å gjere kva ein vil, til tider går altfor langt, og blir utnytta til det ytterste / misbrukt (t.d. ved ytringsfridom).

     

    Slik norsk politikk er i dag, stemmer eg Senterpartiet. Det forutset likevel at situasjonen er som no, at SP samarbeidar med SV, altså mot venstre. Den dagen SP planlegg regjering med Venstre og KrF, må eg tenkje på nytt (trass i at eg er kristen).

  14. Hei.

     

    Eg prøver å leggje til eit bilete i ein HTML. Denne skal ikkje brukast på internett. Eg har lese den eine instruksjonen etter den andre, og alle seier det same. Likevel får eg det berre ikkje til.

     

    Her er det eg har skrive inn:

     

    <html>
    <body>
    	<center><img scr="images/image1.jpg" alt="Test" /></center>
    </body>
    </html>

    Og resultatet ser slik ut:

     

    testae.jpg

     

    HTMLen har eg laga i ei mappe som ser slik ut:

     

    85325255.jpg

     

    Biletet eg vil ha, ligg i ei undermappe, og er ein .jpg:

     

    imgidq.jpg

     

    Kva har eg misforstått?

     

    Takk for all hjelp.

×
×
  • Opprett ny...