Gå til innhold

OlavEmil

Medlemmer
  • Innlegg

    21
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Ny bil på tunet, tid for ny runde med lys. Snart eit tiår sidan sist, så det er plutseleg mykje meir å velje mellom. Noko begrensa av kamera, sensorar og dritt, men eg har konkludert med at eg trur det skal funke med ein LED-bar over skiltet og to runde ved sidan av skiltet i WRC-formasjon. Har landa på Lumen Helios DX20 over skiltet, og trur det skal funke bra. Er eg på jordet der? Når det gjeld dei runde slo eg til på Purelux 9110 UNLIMITED Gen3. Tanken var at baren vil gje meir enn nok breiddelys, og at to billige Pureluxar med maks fokus framover kunne stå for lengden. Men så byrjar eg å fryse så smått på føttene. Eg ser jo at Purelux ikkje eksisterar nokon annan plass enn på Valostore, som eg heller aldri har høyrd om før, så då må vi anta at det er snakk om rebrand kinavare. Eller? Nokon som har faktisk erfaring eller nok kunnskap til å seie noko om desse ut frå spesifikasjonane utanom dei som har skrive reviews på Valostore? Eg bestilte brakett saman med lysa, dei er komne, og butikken har fysisk adresse i Noreg, så eg er ikkje redd for den biten, kun (lys)kvaliteten på sjølve lyktene. God returfrist enno. Så, når ein først byrjar å grave seg ned med kaninene, får ein jo lyst på meir og betre. Eg ser at Lumen Cyclops CX9 kjem på dagssal i Black week, og vil tippe den kjem til å koste ca 2000,-. Berre marginalt lågare specs enn Pureluxen, men etablert merke. Ikkje noko ulempe at den er E-merka, sjølvsagt, men ikkje eit must (er jo uansett ulovleg om ein skal bruke heile lykta). Vil kvaliteten på Lumen gjere denne til ein betre lykt? Tenkjer då i all hovudsak lysmessig. Vil den vere nok betre til at den er verdt dobbel pris? Nokon som har erfaring med denne? Eller burde eg finne noko heilt anna? (Har ikkje råd til Lazer Sentinel 9 Elite 🥲) PaladinNO?
×
×
  • Opprett ny...