Spørs om ikkje nokon har konkludert med at det er ønskeleg å tene pengar på serien.
Sjølv om det ikkje er heilt politisk korrekt så er det dessverre slik at alle jar underliggande fordommar, jamfør artikkelen om forsking på kva slags Barbie dukker barn ville leike mest med. Det skuldast heilt sikkert 100 år med dårleg representasjon i media, men det er desverre eit faktum at det er fleire som finner gjenkjennelege verdiar hos kvite og attraktive mennesker, som vel igjen også er mykje av grunnen til at Sophie Turner i det heile tatt er skodespelar. Hadde nok ikkje vært like lett å kome dit ho er i dag om ho ikkje var pen. Det hjelp ikkje å berre være god skodespelar om du ikkje får jobbane på grunn av utsjånaden.
Uansett, at ho ser ut som Laura Croft når ho kler seg ut som karakteren er ikkje veldig rart, det er mange som kan cosplaye ovetbrvisande. Eg er heilt sikker på at i 95% av scenene så kjem ho til å være kledd annaleis. Det som eg synes er forfriskande med denne tolkinga er at serieskaparane går tilbake til røttene og velger ein britisk og relativt ung skodespelar.
Sjølv om den fyrste Tomb Raider filmen var bra for sin tid, så var det også større forskjell mellom spel karakteren og Angelina Jolie, enn det er mellom Sophie Turner og rollekarakteren frå spela, både nårndet gjeld nasjonalitet, alder og hårfarge.
Anbefaler Sløseriombudsmannens gjennomgang av den barbie forskningen. Den er ikke basert på fakta slik som man forventer av forskning.