Gå til innhold

bamse87

Medlemmer
  • Innlegg

    269
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av bamse87

  1. Var innom på Biltema i dag og fekk skifta til modellen som var hakket større, men det gjekk ikkje bedre.

     

    Men i juleferien har eg tilgang oppvarma og lyse lokale, så eg får prøve igjen da, er sikkert noko eg gjer feil. Skal gi tilbakemelding når eg har fått det til, for det skal eg nok før eller seinare :)

  2. Takk for svar :)

    Når det gjeld dekkdimensjon, så skal det stemme ja. 185/65-15 står på både dekk og kjetting.

     

    perpyro:

    "Start ved å tre den ene enden av wiren bak dekket slik at du har kjettingen bak dekket og wireendene på fremsiden.

    Nå løfter du wirene opp på baksiden av dekket og låser de sammen på toppen."

     

    Allerede her er det bom stopp. Eg trer wiren på baksida av hjulet, for så å løfte begge endar opp mot toppen av hjulet. Men uansett kor høgt eg løftar opp, er det ikkje snakk om at dei to endane kan møte kvarandre, det er ca. 20 cm igjen uansett kor hardt eg strammar.

  3. Eg kjøpte meg nyleg Biltema hurtigkjetting, tenkte det kan vere greit å ha i bilen. I dag skulle eg prøve å få dei på (greit å prøve før du står bom fast i ein bakke :p ), men det var enklare sagt enn gjort. Wire'en som skal leggast bak dekket og hektast sammen, virka rett og slett til å vere nærmare 20 cm for kort. Har prøvd litt diverse (tom. å feste på framhjulene), men den er og blir for kort.

    Spørsmålet er rett og slett om kjettingen verkeleg er for liten, eller gjer eg noko alvorleg feil?

     

    Takk for alle svar :)

  4. Først av alt kan du sjekke om inntakssikringa har 2,3 eller 4 sikringar/modular. Då har du kartlagt om du har 2 eller 3 fasar, evt. om du har 3-fasa TN-nett. Det vanligaste er dei to førstnevnte.

    På kursfortegnelsen i skapet står det i ein del tilfelle kva for slags fasar kursen er fordelt på.

    Om det ikkje står oppført der må du nesten ta av deksel inni skapet, men dette er absolutt ikkje anbefalt om du ikkje er elektrikar.

  5. Dette har eg også lurt på.

    Kva i all verden er det som gjer at ein må halde seg innan samme sikringsskap? Så sant det ikkje er montert eit slags HF-filter ved inntakssikringen (som i alle fall ikkje er normalt å ha), ser eg ingen grunn til at det ikkje skal kunne fungere "gjennom" fleire sikringsskap. Derimot kan det nok bli ein smule begrensa kor godt signal ein vil få fram dersom det er langt mellom dei forskjellige skapa.

×
×
  • Opprett ny...