Gå til innhold

bamse87

Medlemmer
  • Innlegg

    269
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av bamse87

  1. Hei

    Har etter innflytting i ny leiligheit kun tilgang til trådløst internett, eg har altså ikkje tilgang til den trådløse routeren. Pga. eg skal koble til eit par stasjonære pc'er, blu-ray osv. treng eg eit produkt som kan konvertere det trådløse nettet til kabla nett.

    Har sett på litt diverse, men Komplett.no's kundeservice har anbefalt meg D-Link DIR-655, denne skal visstnok kunne brukast i bridge-modus, og det er vel det eg skal trenge til denne konverteringen?

    Problemet er at eg i spesifikasjonane ikkje kan finne informasjon som bekreftar dette. Kundeservicen til Komplett har sikkert rett, men er det nokon her som kan bekrefte at dette stemmer?

     

    Takk for alle svar :)

  2. Har prøvd litt diverse no...

    Prikkane minner vel i grunn litt om sånt ein ser på filmane på kino.

    Skrudde av det eg fann av støyreduksjon og sånt, både på tv og spelar, ingen merkbar effekt i alle fall. Men prøvde også å spele ein vanleg dvd, da merka eg ingenting spesielt til prikkane, så det er tydeleg at det kun skjer med blu-ray filmar.

  3. Enig med Mr.A. Mest sannsynleg er det kun snakk om innstillingar. Sjekk også innstillingar på pc'en, for å sjå om den sender ut 5.1 eller kun stereo.

     

    I staden for å skrive at du vil ha raskt svar, bør du heller ha eit bedre og meir beskrivande navn på tråden din. Folk får definitivt ikkje lyst til å svare raskare når dei ser slikt, det er mest til irritasjon. Det er heller ikkje lett å skjønne kva problemet er, berre ved å lese navnet på tråden.

  4. Hei

    Ved avspeling av blu-ray filmar er det ofte ein del kvite/lyse prikkar på bildet. Mest når det er lyse bilder, som f.eks landskap i solskinn o.l. Aldri ved svart skjerm, f.eks rulletekst.

    Er det noko feil med spelaren, eller er dette heilt vanleg på blu-ray filmar?

    Blu-ray-spelaren er av type Samsung BD-P2500, tv'en er av type Samsung LE-40A559.

     

    Takk for alle svar :)

  5. Hei igjen

    Har no flytta inn, og i alle posane med diverse kabelrot fann eg igjen ein gammal router av typen Zyxel Prestige 660HWT.

     

    Eg ser i oppsettet at den kan brukast i bridge-modus. Det er vel nettopp det eg har bruk for? Derimot får eg feilmelding når eg prøver å sette den opp i bridge-modus, eg får meldinga "Make sure your device is connected to a telephone jack using the included phone wire."

     

    Er ikkje poenget med bridge-modus å ta inn eit trådløst signal, for så å koble til f.eks stasjonær pc? Eg skal vel ikkje koble til telefonledning da?

  6. Ja, dette er kabel berekna på innendørs bruk, men forlagt i røyr er den relativt godt beskytta mot fukt.

    Men:

    Eg kan naturlegvis ikkje garantere det 100%, men eg har sjølv brukt denne typen kabel utendørs, spikra på husvegg i 4-5 år, uten problem (har derimot ikkje sjekka hastigheit). Om du kan forlegge den i røyr er det uansett ingen problem å skifte denne ut om eit par år om det skulle bli problem. Cat7 eller cat7a er svært kostbar kabel per d.d.

     

    Hadde eg vore deg, hadde eg lagt Cat5 eller Cat6 i røyr, da har du moglegheit til å skifte denne ut til fiber når dette blir billigare (truleg i løpet av få år).

  7. Skal nok gå fint å legge den i "rødt ruglete plastik rør" ja :) Du skal kunne bruke heilt standard nettverkskabel, kabeltype må du naturlegvis tilpasse hastigheit du skal ha på nettverket (CAT5/CAT6).

     

    Berre pass på å unngå å legge den veldig nærme sterkstrømskablar som måtte ligge i jorda frå før, pga. magnetfelt som kan forstyrre nettverkskabelen, og reduserte hastigheiten over nettverket.

     

    Edit: ser at det ikkje var direkte billig hos Elfa. Om du skal ha 100 Mbps nettverk, og du brukar litt kabel i ny og ne, kan du alltids kjøpe ein slik, så har du ei stund ;)

  8. Hei

    Skal snart flytte inn i ny leiligheit, der eg dessverre kun har tilgang til trådløst nettverk.

    Har ein stasjonær pc og blu-ray-spelar som begge må ha kabel-tilkobling til nettverket, og treng då ein løysning på dette :)

     

    Har sett at f.eks. denne kan brukast som repeater, og lurte da på om eg også kan koble til den stasjonære pc'en med vanleg nettverkskabel?

     

    Er det nokon som kan bekrefte eller avkrefte dette? Evt. andre produkt som gjer jobben bedre?

    Takk for alle svar :)

×
×
  • Opprett ny...