Gå til innhold

hakontdal

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hakontdal

  1. Når ein lokal Windows-brukarkonto loggar på lokal PC og lagrar skrivebord, dokument, innstillingar, etc. i lokal Windows-profil...

    Q: Tar man med seg alt dette over til ein ny Windows-PC på nokon lur måte?

    Ved bytte av iPhone, tar man backup til iCloud og så gjennoppretter til ny mobil.
    Sikkert tilsvarande for Android, også?

    Men med Windows, då?
    Kan man "oppgradera" pålogginga til å logga på ein Microsoft-konto i _skya_ og så logga på den nye PCen med same MS-konto?
    ...og ha tilgang til profilen sin via skya, på den nye PCen?

  2. Opp med ei hand om du har, eller har hatt, Stadia.
    "Problemet" med Stadia i dag, er at du ikkje kan spilla "det du vil".
    Eg opplev platformen som veldig avgrensa med eit ganske marginalt utval.
    Nesten ingen av spela du tenker at du har lyst til å spela, ligg der.
    Ingen norske spel. Ikkje Flåklypa, f.eks.
    Joda, det er mange spill der, men ikkje så mange at du treng søkefunksjon ;-)

  3. Hei, folkens!

    Eg har løysinga (per april 2021):

    1 - Lag deg ein regel som gjer om eit namn, domene, teneste til eit unikt passord du kan hugsa. Du lagar din regel som "konverterer" "facebook" til eit passord. Kanskje det blir "1122fa&%FFf", basert på f og a frå Facebook og faste 1122 og &% som alltid er med. Då blir "dnb" konvertert til 1122dn&%DDd, etc. Dette "passordet" brukar du som eit personleg salt.

    2 - Bruk ei passordteneste som Bitwarden, etc. Ha eit eige, langt og unikt passord med fleire ord (som ein setning med personlege skriveleif). Bruk 2FA, etc (gjerne YubiKey, etc.). Lagre *ALDRIG* passordet til, eller infomrasjon om passordet til Bitwarden (eller kva du går for)-kontoen _i_ passordtenesta! Bruk passordtenesta til å generera og lagre unike lange passord for alle siter du brukar.

    3 - Passordet til siten er ein kombinasjon av det som er lagra i passordtenesta og ditt personlege salt. Du bestemmer om saltet skal før, etter eller på ein fast plass inni passordet (kanskje etter dei tre første symbola i passordet frå passordtenesta.

    Dette er tungvindt, ja.

    Så lenge du skal bruka løysinga med personleg salt, kan ikkje passordtenesta automagisk logga deg inn. Men den kan fylla ut passordet _for deg_.

    Før du loggar inn, må du tasta inn saltet ditt.

    Eksempel: Sei at du har lagra passordet JSiX1yjshxmhSGgtLW9Kzy1aeiHuAT for din Facebook-konto, at du gjekk for personleg salt etter dei tre første symbola, og at du gjekk for løysinga i punkt 1. Då fyller passord-tenesta inn passordet for deg, og så skriv du inn 1122fa&%FFf bak den 3. karakteren i passordet.

    Ditt Facebook-passord skal mao. vera: JSi1122fa&%FFfX1yjshxmhSGgtLW9Kzy1aeiHuAT

    Løysinga fungerer veldig godt om du må bytta passord.

    Så lenge ditt personlege salt forblir det du har bestemt deg for, kan resten av passordet endrast korti som helst, utan at det bryt med innloggingsrutina di.

    Dette er forresten ikkje løysinga for "folk flest", men for deg som tenker at det er *GALSKAP* å bruka passord-tenester fordi det gjer deg sårbar.

    Lykke til!

  4. Eg oppdaterte til v2.19.51 som blei lansert i dag.

    Det som er nytt, er: "You can now see stickers in full size when you long press a notification."

    Ingen detaljar om at noko viktig var fiksa.

     

    Inne i WhatsApp på mobilen kan du ta Innstillinger -> Hjelp og sjå heilt i toppen. Står det 2.19.51 der?

     

    Info om korleis du oppdaterer WhatsApp på ulike mobiltelefonar:

    https://faq.whatsapp.com/en/general/26000019/?lang=nb

     

    WhatsApp for Windows og Mac OS er i v0.3.2848

    På whatsapp.com fins det ingen info om kva som er gjeldande versjon av dei ulike WhatsApp-programma. Om du kan hjelpa å masa på utviklaren om å vera snill å publisera dette, vil det vera til stor hjelp!

  5. Det viktigaste av alt er vel støtte for automatiske oppdateringar?

    Fira av produsentane her, hadde produkt som blei ramma av VPNFilter.
    Utan automatiske oppdateringsfunksjonar, vil veldig mange av desse forbli i dagleg drift, utan å at feilen blir retta.

     

    Forbrukarutstyr som dette må kunne retta feil automatisk, når produsenten kjem med kristiske oppdateringar.

     

    Tek.no kan nermast sverta og diskvalifisera produkt som ikkje oppdaterer seg automatisk som standard.

    Produkta må gjerne la brukaren skru av funksjonen, men det _må_ stå på som standard.
    Akkurat som all remote management-funksjon må vera avslått.

    Brukaren må ikkje få tilgang til å bruka standardpassord, osb, osb.

  6. Då kom det telefon frå ein teknikar hos GrønnKontakt.

    Ringtrafoen skal vera ganske liten. Kanskje 5 x 2 cm stor.

    Det er magnetar som blir klemt rundt inntakskabelen.

    Går det 1-fas til ladaren, er det ledarane i den fasen som får ringtrafo på seg. Det blir altså montert 2 stk.

    På kvar ringtrafo sit ein liten kabel som går til ein liten boks som blir montert inne i sikringsskapet.

    Frå boksen går det ein ethernet-nettverkskabel som går ut av sikringsskapet i lag med kraft-kabelen og fram til ladeboksen.

    Teknikaren var usikker på om dei to kablane gjekk i same rør og om det var nok med eit 20 mm k-rør eller om det burde gravas ned eit 40 mm rør for å få plass. Dette var detaljar som installatøren fiksa, og dei var villig til å samarbeida med lokal installatør om det var lang reiserveg til næraste avtaleinstallatør.

     

    På spørsmål om det kjem ein oppdatert versjon som hentar last-data direkte frå den nye straummålaren, sa han at dei ikkje hadde dette og at det kanskje kom seinare.

     

    Det går fint å seriekopla fleire GrønnKontakt-ladarar.

    • Liker 1
  7. Kult at det var ei ku som svarar ein brunost (y)
    Eg har fyrt avgarde eit spørsmål til GrønnKontakt, og etterpør info, bilete evt. datablad på ringtrafoen.

     

    Vidare spør eg om moderne målarar vil gjer ringtrafoen overflødig.

    Det skal vel vera mogeleg å kopla 3.-partsutstyr til straummålaren og henta ut relevant data om gjeldande straumlast.

    Så kanskje neste versjon ikkje treng ringtrafo, gitt at boligen har moderne straum-målar?

  8. Kva for ein ruter har automagisk firmwareoppdatering ut av eska?

     

    AmpliFi HD (som er nevnt i kommentarar her) har oppdateringsinfo på skjermen i ruteren.
    Praktisk!

     

    Alle rutere som skal monteras i heimen til "vanlige" forbrukarar, _må_ faktisk kunna oppdatera seg sjølv.

    Det er heilt urimeleg å foreslå at brukaren skal sjekka dette "på riktig tidspunkt" sjølv, og det er heilt usansyneleg å foreslå at ein ruter er feilfri og trygg mot alle framtidige hackerangrep.

    • Liker 1
  9. Takk for svar og tips om Amazon (y)
    Eg har eit Sandberg-adapter i sølv-farge, som typisk yter godt under 100 Mbps

     

    Og så har eg eit Realtek-adapter som det står "USB3.1 Gigabit lan" på. Kvit sak med ulike fargar på lysdiodane (Act, Link og Power). Den klarar 300/300 Mbps. Unnataksvis kan den smella opp i 700+ men som oftast kun på utgåande trafikk. Inngåande, er sjeldan oppe i 350 Mbps.

    Ingen av dei er stempla med modellnummer.

     

    Eg har sett litt på det Belkin-adapteret som apple.no peikar mot, men om heller ikkje det taklar 1000/1000, så må eg finna noko betre :-)

    Ein moderne stasjonær Windows-PC med i7, SSD, 16 GB RAM, etc. når 950/950 på denne gigabit-linja, så eg stolar på at eg ikkje har flaskehalsar lenger opp i systemet, ja. Og MBP-maskina har vert oppe i 900 Mbps på trådlaus tilkopling, så eg er ganske sikker på at det _er_ USB-C-adapteret som ikkje heng med.

  10. for noe tull.

     

    Hovedpoengen med krypto er å slippe unna bankene.

    Bitcoin er IKKE anonymt i det heletatt! Allt ligger i kjeden som ikke går an å manipulere. Mye mye mye mere transparent en bankoverfoeringer.

     

    Eg forstår at når Bitcoin-adressa som det blir betalt til er kjent, kan ein sjå kor mykje pengar som blir overført der. Men kan ein vidare følga desse pengane og sjå kva dei blir brukt til å kjøpa?

     

    Altså - at når ein kriminell har skaffa seg x Bitcoins (synleg i den katalogen), og så kjøper seg f.eks. ein bil for dei same Bitcoin-pengane, er det då sporbart at pengane gjekk til bil-selgaren?

  11. Hva å sammenligne openoffice 4.1.5 mot libreoffice?

     

    For vi vet før docx støttes i libreoffice ikke i openoffice, der er kun doc på grunn av pantenter.

     

    Du ville hatt ei lista som dette mellom OO4.1.5 vs. LO6.0.0?

    https://wiki.documentfoundation.org/Feature_Comparison:_LibreOffice_-_Microsoft_Office

     

    Blei forresten positivt overraska over at LO6 støttar gamle MS Works, mens katastrofalt nok manglar MSO2016 dette.

    • Liker 2
  12. Det var ingen som hadde svart på denne?
    Eg veit ikkje korleis du skulle fått dette synkronisert, men det høyres ut til å kanskje tukla med tryggleiken til systema.

    Om du ikkje vil gå på kver maskin, bør du bruka fjernstyring eller remote desktop.

     

    Eg brukar TeamViewer, men den kommersielle lisensen er kanskje litt dyr.

    Eit godt alternativ (ved kommersiell bruk) er Chrome Remote Desktop.

    Det fins også fjernstyring i moderne OS som Windows, Mac og Linux.

    Elles fins det veldig mange løysingar for privat bruk, men då bryt du vel lisensreglane, om du brukar det på jobb.

  13. Her er eit lite Windows-program som sjekker responsen til DNS-servere:

     

    https://www.grc.com/dns/benchmark.htm

     

    Du kan leggja til ulike norske DNS-servere i lista, og sjå om det fins andre som er raskare enn den du brukar i dag. Som oftast vil Google og OpenDNS vera treigare enn ein lokal ISP sin... Men som Svein Are er inne på, er det ofte sekundær-DNS som er raskast, fordi "alle andre" brukar primær...

  14. Hei.

    Litt off topic, kan jeg spørre hva du skal bruke autohotkey til? Alltid gøy å høre hva slikt brukes til, kanskje jeg kan også bruke slikt i min jobb.

     

    Godt (og relevant) spørsmål!

    Her er noko:

    • Signaturar og tekstar som ofte blir repetert (som TextExpander).
    • Kommandoar via CLI/Terminal som er lange og kanskje vanskeleg å hugsa
    • Web-baserte verktøy der ein må fylla ut noko i eit felt, trykka tab to gongar og så skriva inn telefonnummer, for så å trykka tab fira gongar til og enter-tast. Perfekt å effektivisera sånt via "makro". I alle fall når du gjer dette meir enn 20 gongar per dag. Då blir du lei av å skriva.
    • Styra ting som lyd opp, neste låt, pause, når du har eit klikke-klakke-tastatur utan medietastar

     

    Når løysinga fungerer godt, og ein stolar på den, ser eg for meg å testa ut litt avansert bruk, også.

    Laga makroar eller skript som hentar ut verdiar i eit felt, går over i Excel og limar inn, flyttar markøren til neste felt, går tilbake og hentar verdien frå neste i lista, osb...

     

    Kanskje det fins diskusjonstrådar her der folk diskuterer kva dei har brukar AHK (eller tilsvarande) til?

  15. På jobb treng eg småscript og macroar som gjer det enklare og raskare å jobba.

    På heime-PCen brukar eg PhraseExpress Freeware for "Personal use only", og den funker ganske bra.

    Men når arbeidsgjevaren min ikkje vil ut med $49.95 for 1 års lisens, ser eg etter alternativer.

     

    AutoHotkey utpeikar seg som eit godt alternativ, men...

     

    post-202788-0-56403700-1506410814_thumb.png

     

    https://www.virustotal.com/#/file/64d391b2e42b022d5adc1bb5b342f5b631e347cce1bbe027945a6f0a6a664af2/detection

     

    Kan eg stola på at programmet ikkje inneheld virus eller uønska kode?

  16.  

     

    Kan jeg sette hjemmesentralen i Bridgemode (passiv wifi)?

     

    Jeg bruker egen router utenom og det fungerer helt greitt selv om Altibox sin ikke står i Bridge modus.

    Men da klarer du ikke å nå dine "servere" fra internett via Altibox via din router ? Det blir som NAT på NAT. Du snakker om den nye Altibox løsningen ?

    Q22 fungerer fint med bridge.

    Men NRK-app og funksjonen Bestill (som du når med Altibox-fjernkontrollen) fungerer ikkje. Du kan likevel sjå TV, radio, programarkiv, opptak/PVR, filmar og seriar.

     

    Så om du _må_ ha bridge, vil _mesteparten_ likevel fungere.

     

    Skal du ha *alt* til å fungera, så _må_ du skru av bridge.

     

    Om du kun skal nå dine "servere", kan du portforwarda via Mine sider. Du kan også laga ein DMZ til f.eks. 192.168.10.10 og så har du din eigen ruter med fast WAN-IP: 192.168.10.10

     

    All trafikk frå Internett vil då nå ruteren din, og så kan du ha ditt eige LAN bak ruteren (f.eks. 10.0.0.1/24 eller 192.168.1.1/24). Då er det du som styrer alt av portforward, brannmurreglar, gjestenett, foreldrekontroll, delt lagring/printer på USB, osb, osb.

     

    Obs!! Berre ikkje kopla LAN-sida bak ruteren din og LAN-sida bak heimesentralen i lag. Dei to LAN-a må vera separert (y)

×
×
  • Opprett ny...