Gå til innhold

hakontdal

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hakontdal

  1. Stussa litt på setninga "alle simulatorer er feil".

    Kanskje dei gjer eller har feil, men at simulatorane _er_ feil, høyres rart ut i mine øyrer.

    Dei tre mantraer handlar altså om at "alt" som kan feila, vil kunna feila.

    Maskiner, programvare og simuleringar vil feila.

    Og at dette blir framheva som viktig, handlar vel om at det er fort å gløyma det. Det er fort å ta for git, eller stola blindt på at ein maskin, ein programvare eller ei simulering vil fungera.

     

    Mennesket i universet vil også *alltid* bli øydelagd.

    Då gjeld det å reprodusera i tide ;-)

  2. Som kakarlsen nevner, Whitefox kommer også i ISO. Bruker Whitefox med ISO-layout og MX Blue på jobben (til de fleste av kollegaene mines store skrekk).

     

    Intressant!

    Eg kunne faktisk tenkt meg eit ferdigbygd WhiteFox (eller NightFox), men det måtte vert ISO.

    Layout kunne (for min del) vert uten merker (som Das Keyboard Ultimate).

     

    ..men for å kjøpa dette må eg støtta Kickstarter eller venta... hmm...

     

    Spørsmål: Fins det små (TKL/Compact) mekaniske tastatur (med brytarar som tilsvarar ca. MX Brown eller Blue) å få kjøpt i norge? Med ISO eller UK-layout.

  3. Gull har fortsatt verdi i en strømløs verden.

    Keiserens nye kæsj? Ikke like verdifull da.

    Først må ein kjøpar vera villig til å gi noko for gullet.

    Sånn sett har tom. bæsj "verdi" i ei verd utan straum.

    Og om nokon er villig til å "kjøpa" eller "gi noko for" bitcoins som skal overføras til dei etter at straumen og bitcoin-systemet er tilbake, så har vel tom. virtuelle ting ein slags verdi, ja?

     

    Skulle eg kjøpt gull i ei verd utan straum, hadde eg anten hatt behov for gullet til noko, eller så hadde eg sett på det som ei investering. Ei investering, der eg trur at eg kan omsetja gullet på eit seinare tidspunkt.

     

    Verken du eller eg kan tvinga nokon til å villa "investera" i gull.

    Så når dei som ønskjer å "investera" i BC gjer det av fri vilje, så må dei vel nesten få lov..?

     

    Men eigentleg hadde eg lyst til å kommentera at eg syns samanlikning mellom verdi av BC og gull var tullete og delvis useriøs.

  4. Kan vi få inn detaljar om korleis dei ulike modellane fungerer ved oppdatering?
    For meg er det langt meir viktig at dei kan oppdatera seg automatisk, enn om dei har 180 Mbps eller 210 Mbps i eit gitt rom.

    Eg har sjølv testa AirTies si løysing, og lært nokon småting som kan vera verdt å ta med:

     

    "Hovud-sendaren" må koplas til ruteren.

    Om dei andre også vert kopla til ruteren, må den støtta Jumbo frames.

    Det same gjeld om du koplar kabel frå ein switch til AirTies-aksesspunkta. Då må switchen støtta Jumbo frames.

    Det er ein 2-ports switch på kvar AirTies, og denne støttar Jumbo frames.

    Så om du kablar dei i "serie", så funker det.

  5. Hvordan står altibox sin wifi pluss løsning seg i forhold til disse? Verdt å teste?

     

    Altibox sin Wifi Pluss har ikkje støtte for MESH eller "client stearing", men det skal visst komma i ein oppdatering. Om du heng på ein svak Wifi Pluss og mobilen/dingsen ikkje sjølv vil gå over til den sterkaste sendaren, må du ta Wi-Fi av og på.

    Litt tungvindt, men til å leva med..

     

    Ein fordel med Wifi Pluss, er at oppdateringar skjer automagisk.

  6.  

    Om du lagar eit knakande godt Wi-Fi-nett som er gratis for alle, vil mange/alle bruka det. Dei vil bruka det meir og meir, og til fleire og fleire ting. Resultatet blir uansett at løysinga blir overbelasta, og kvaliteten til slutt blir elendig.

     

    Så ei eller anna form for avgrensing i bruken, _må_ til.

     

    Eg vil påstå at 3G/4G fungerer såpass godt her heime, fordi "alle" har ei GB-grense dei må følga med på. Om "alle" hadde brukt 3G/4G utan å tenka over mengden, ville mobildatanettverket blitt ubrukeleg for alle.

     

    Eg har hørt rykter om at når det er (for) stor belastning i eit nett, så kan kapasiteten utvidast. Det har visst skjedd fleire gangar gjennom historia.

    Riktig.

    Men trådlause nett har ikkje ubegrensa kapasitet.

    Om du forsyner sendarane med fiber, og plasserer dei tettare, blir kapasiteten høgare.

    Om du retningsstyrer antenne, og reduserer sendingseffekten, så kan kapasiteten til ein sendar nå brukarane som er i ein mindre sektor, og med kortare avstand.

     

    Men tom. då, vil "for mange" brukarar som brukar for mykje kapasitet, kunne "overbelasta" eit trådlaust nett. Men det fins løysingar for lastbalanse, så med nok pengar, kan ein koma ganske langt.

     

    Og då endar du med eit gratis (?) by-nett som alle vil bruka, og då er byen blitt ein gratis-ISP. Kanskje EU til slutt må gje bøter då, for kandibalisering av eksisterande marknadar? :-p

  7. Om du lagar eit knakande godt Wi-Fi-nett som er gratis for alle, vil mange/alle bruka det. Dei vil bruka det meir og meir, og til fleire og fleire ting. Resultatet blir uansett at løysinga blir overbelasta, og kvaliteten til slutt blir elendig.

     

    Så ei eller anna form for avgrensing i bruken, _må_ til.

     

    Eg vil påstå at 3G/4G fungerer såpass godt her heime, fordi "alle" har ei GB-grense dei må følga med på. Om "alle" hadde brukt 3G/4G utan å tenka over mengden, ville mobildatanettverket blitt ubrukeleg for alle.

  8. Skal Skatteetaten sikre seg mot noe slikt, må Skatteetaten innføre site-wide HSTS eller noe lignende, og det er jo totalt unødvendig for en slikt nettside, det blir som å kreve innlogging med bankID for å kunne lese artiklene på Digi.

    For min del, hadde det vert heilt klart best om skatteetaten.no hadde brukt HSTS. Og for den del, kunne digi.no også med fordel tilbudt https. Eg ønskjer i størt mogeleg grad å kunna stola på at det eg les på sida til ein aktør, er uendra, og utan at eg treng å forklara meg for deg, så ønskjer eg at ingen andre har innsyn i kva for statisk informasjon eg les på sida til skatteetaten.

    • Liker 2
  9. Syns det er hakket verre at Skatteetaten fortsatt kjører ukryptert. http://www.skatteetaten.no/

     

    Veldig rart!

    Eg tenkte at kanskje HTTPS Everywhere frå EFF.org skulle løysa dette, en nei.

    Så prøvde eg å sjå på chrome://net-internals/#hsts men heller ikkje der kom eg i mål.

     

    Om du går til https://skatteetaten.no og er på https, kan du trykka "Personvern og sikkerhet" nedst på sida. Vips er du over i http://skatteetaten.no og om du ikkje oppdagar det, vil andre kunne ha innsyn i kva du les på skatteetaten si side. Ikkje bra!

     

    Dette burde løysast! :-(

  10. Forstår jeg anmelder riktig sier han det ikke finnes en av/på knapp?

    Stemmer! Touch ID-lesaren er også ein knapp.

    Det fungerer å skru maskina *på* ein avslått maskin, ved å trykka på Touch ID-knappen (som Apple også omtalar som "av/på-knappen").

    Men du kan diverre ikkje skru maskina *av* med denne kneppen.

     

    Apple omtalar knappen som av

    Hurtigtastane for å setja maskina i dvale eller setja skjermen i dvale, fungerer heller ikkje :-(

     

    Men du kan tvinga maskina av, ved å holda Touch ID-knappen inne i fem sekund. Då får du melding om at du "..slo av maskina fordi det oppsto et problem" ;-)

     

    Holder du inne Touch ID-knappen i fem sekund når du står i påloggings-skjermbiletet, blir du tvinga inn i "gjennopprett pålogginspassordet", men om du ikkje gir opp, går det å komma seg ut av det, tom. utan at du _må_ skifta passordet.

     

    Apple seier at det er sånn vi vil ha det, og vi godtek ;-)

    • Liker 1
  11. La oss krysse fingrene for denne, selv om det blir _enda_ et adapter:

    http://www.tek.no/artikler/enda-et-magsafe-alternativ-dukker-opp-pa-kickstarter/364063

    Eg støtta Kickstarter-prosjektet ZNAPS i juli 2015.

    Magnetkontakten er stadig nærare å skulle bli sendt.

    Kanskje det berre tar 1,5 år til, og så har eg den i posten? ;-)

     

    Apple har utvikla to utgåver av MagSafe, så teknologien er kjend. Spekulerer dei i at vi brukarar har alt for sjeldan service på MacBook-maskinene, etter at dei kom med MagSafe? ;-)

    • Liker 1
  12. Eg fekk min MBP13m/touch på fredag, og er veldig einig med det Anders skriv. Du skriv godt og har fått med veldig mange gode moment. Artikkelterningkast seks :)

     

    Eg skulle ikkje ha ein Pro-maskin, men erstatta den seks år gamle MBA13 m/2GB RAM!!. Ønske om Touch ID gjor at eg ikkje valgte den minste modellen, og så langt er eg nøgd med maskina.

     

    Småpirk: Klikkelyden i styreflata var overraskande plagsom, så eg har for lengst aktivert "tap-to-click". Tastaturet har også mykje klikkelyd, men det får gå.

     

    Ein ting eg ikkje trur du fekk med, er escape-tasten. Den er flytta opp til Touch Bar (kontrollstripe). Då kan du ikkje kvila fingen på Esc-tasten og trykka ned akkurat på ønska tidspunkt. Er du borti Esc-tasten, _har du trykt_.

     

    Eg savna Ctrl+Shift+Power (Ctrl+Shift+Eject) for å låsa skjermen (tilsvarar Win+L). Så etter tips i den her artikkelen, fekk eg bytta ut Siri-ikonet med låseknapp.

     

    Absolutt _ikkje_ småpirk: Magsafe er borte!! Krise! Den dagen maskina deiser i gulvet, eller et knekker kontakten, blir det banning og skuffelse.

    • Liker 1
  13. Pakk ned sensitive filer med over snittet brukbart passord i 7-zip. Det er det en enormt stor tidkrevende prosess å bruteforce uten at du sitter på en ekstrem mengde med distribuert datakraft eller har som hobby og lage spesialiserte chipper i store kvanta ala bitcoinminere.

    Men kvar gong du oppdaterer dataene dine, og re-komprimerer med samme passord/krypteringsnøkkel, så skal endringa kopieras til skya, ja?

     

    Det er neppe veldig tidkrevjande å knekka dette, om angriparen sit på store mengder av "versjonar" av din krypterte og re-krypterte 7-zip-arkiv. Eller?

  14. Inteno kvalifiserer så vidt som søppel, hvorfor skal de absolutt blande routing med modem?

     

    Fordi kunden vil ha det enkelt, og fordi fleirtalet av kundar ikkje ser forskjeld på modem, ruter, brannmur, switch og aksesspunkt.

     

    Men du? Kva for alternativ er det som ikkje er søppel?

    Såg ein snutt her om dagen, der ein "ekspert" kasta Cisco sin brannmur i søpla, fordi det var den einaste plassen den kunne duga til noko. Kva for utstyr er det som faktisk held mål?

×
×
  • Opprett ny...