Gå til innhold

mynock

Medlemmer
  • Innlegg

    132
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av mynock

  1. Arkham Horror høres litt "hardcore" ut, men, tror nok jeg kommer til å gå for det. At det tar litt tid gjør forsåvidt ingen ting. Brukt mang en kveld (og natt) med D&D back in the days. Så gjengen er vel egentlig vandt med mye regler hehe. Var bare det å få tid til å sette seg ned en kveld og spille. :p

    Veldig "hardcore" er det ikkje. Det er riktignok ein del reglar, men ingen av dei er veldig kompliserte. Dessutan er det svært mange kort og brikker med i spillet, men dette ser eg på som ein positiv ting. Kvaliteten på brikker, brett osv. er forøvrig svært høg med mange flotte illustrasjonar.

     

    Spelet i seg sjølv er veldig moro, men det er absolutt best med 4-5 deltakarar som er konsentrert om spelet. I alle fall til ein har lært seg korleis det funkar. Heile poenget er at spelarane skal jobbe saman for å hindre grusomme kosmiske krefter frå å bryte gjennom til vår verd. Ein flyttar seg rundt i byen Arkham, samlar utstyr, har encaounters, sloss mot mostre og utforsker andre dimensjoner.

     

    Vanskelighetsgraden varierer, men med bare grunnsettet skal det gå heilt greit for nybegynnere å vinne spelet etter et par forsøk. Eg vil i alle fall gå god for det. Har fått veldig mange timar med moro ut av Arkham Horror!

  2. White Wolfs World of Darkness er vel på mange måtar som skapt for eit MMO. For det første er det jo allereie eit rollespel; eller fleire rollespel. Det gir mykje gratis når det kjem til karakterbygging og karakterutvikling.

     

    Verda har mange fraksjonar; der magikare, vampyrer og varulver er dei mest framtredande - ved sidan av vanlege mennesker. Det er òg etablert konflikt mellom fraksjonane, samtidig som kvarr fraksjon har "sine eigne" fiender. Plenty å basere PvE- og PvP-konflikt på mao.

     

    Dessuten finst det haugar av bakgrunnsmateriale å bygge verda rundt for utviklarane. Karakterar, stadar, organisasjonar, andre merkelege vesen osv.

     

    Det skal bli spanande å sjå kva dei legg opp til som spelbare karakterar. Vampyrar og varulver er eit must. Magikarane bør òg med. Hadde òg vore fint om menneska, gjerne i form av Project Twilight-settinga får vere med.

  3. For meg er dette meir interessant i forhold til onlinespel og aller mest dei store MMO'ane. I einspelarspel trur eg det er for mange andre faktorar som speler inn: save/load, å velje det beste for karakteren/det med best belønning, ingen tar eigentleg skade av dine handlingar/npc-ar er ikkje folk.

     

    I mmo'ar er det ei anna historie: Her spelar du i lag med andre i ein anonymm, sosial setting. Det gjer tydelegvis at enkelte slepp seg laus på ein heilt annan måte enn dei gjer til dagleg, på skule, jobb ol.

     

    Eg håpar i alle fall det, for mengden av folk som finn glede i å plage andre er tiltider skremmande stor. I ei fri PvP-verd ala det Age of Conan leverer er det f.eks. mange som finn glede i å slakte karakterer langt svakare enn seg sjølv om og om igjen.

     

    Dette har så vidt eg veit ingen positiv, spelmekanisk effekt. Du tjener ingenting på det. Alt du oppnår er å plage andre, og då truleg glede deg sjølv på ved å gjere akkurat det.

     

    Eg er ikkje i tvil om at folk som driv med dette har sider dei ikkje får utløp for i dagliglivet, bla pga. dei sosiale normer og tildels lovar som styrer samfunnet vårt. Så ja, folk kan nok heilt sikkert vise sider ved seg i spelverder, som dei held unna det verkelege verda.

  4. Testa demoen i går og fekk lyst på meir. Trur folk som ser for seg dette som ein vri på FPS-sjangeren må tenke seg om ein gang eller to til. Mine assosiasjonar gjekk ganske fort til Skate. Slik eg ser det handlar Mirror's Edge om å finne vegen, sjå løysingar og komme på flyt.

     

    Ja, forstår av anmeldingane at det er vanskeleg å finne flyten og å meistre spelet, men det gjer det jo berre meir tilfredsstillande når ein får det til. Nett som med eit vanskeleg triks i Skate eller liknande spel.

     

    Er lønning denne veka og det ser ut til at det blir nytt spel òg - sjølv om eg som mange andre allereie har mange på vent allereie.

  5. Spent på å sjekke ut denne patchen, ja. Får kanskje gankere til å tenke seg om to gonger før dei jaktar low-levels på stader desse held seg. Samtidig får dei som verkeleg vil spele ond ei større utfordring og meir meining i det.

     

    Justering av crafting er òg bra. Kanskje alkymien blir litt greiare å ha med å gjere.

     

    Blei det opne nye områder med denne patchen eller venter vi framleis på den biten?

  6. Der er jo instances som Black Castle og Sanctum of Burning Souls...

    Istedenfor en hel Instance som gjerne tar 3 timer(Black Castle), så er dette en 10-15 minutters greie for å bryte opp grindinga.

    Forstår kva du meiner og er tildels einig. Samtidig er det alltid litt småkjipt å halde på med ei historie/oppdragsrekke på eigehand, som til slutt går over til eit gruppeoppdrag når du berre vil bli ferdig og ikkje finn ei gruppe. Ei veldig stor greie kan det jo uansett ikkje vere.

     

    Ellers er ein jo ikke nødt til å gjere heile instancer som Black Castle på ein gong, sjølv om grupper gjerne blir danna med det som utgangspunkt.

  7. Det er utrolig få "Elite" quests i AOC, man har "Chicken handler" og en camp bak Black Castle, det er de eneste jeg kommer på i farten. Elite questene er kjekke å ha innimellom, bryter opp all grindingen men en skikkelig fight.

    Der er jo instances som Black Castle og Sanctum of Burning Souls. Proppfulle av elites. Eller tenker du på quests du kan gjere på eigehand? I så fall ville eg ikkje tenkt på leiren bak Black Castle - gutta der gir i alle fall mine karakterar bank om eg prøver meg aleine...

  8. It wouldn't bring Black Isle back. So if you don't mind, I'm going to stop here and have a drink at the café of broken dreams.

    Fyren har helt sikkert flere gode poeng. Eg har ikkje prøvd spelet enno og kan ikkje sei noko om det. Det er derimot liten tvil om at han ikkje var spesielt positivt stemt i utgangspunktet og at han eigentleg berre vil tilbake til "the good ol' days".

  9. Om folk i Bergen ikkje har fått det med seg så solgte DVD-galleriet (eller er det playcom?) på Galleriet LittleBigPlanet i på tirsdag. Såg ut til å vere nok av spel igjen når eg var innom og plukka opp mitt.

     

    At vi må vente på serverne får bare vere. Det gir oss i alle fall sjansen til å få litt tak på editoren før vi laster opp nye brett ;)

  10. Galt kan det nok heilt sikkert gå, men kombinasjonen BioWare/Lucasarts lovar godt. Det gjer òg dei konsepta utviklarane så langt har snakka om (video hos Gamespot). Om det blir ein knallsuksess er likevel ikkje godt å sei.

     

    KOTOR-fansen utan erfaring frå andre MMO-spel kjem til å ha skyhøge forventningar og vil bli skuffa. Nett som alle som venta på AoC og trudde det skulle bli noko ala Oblivion eller NWN. Dei kjem også til å klage høgast av alle.

     

    Suksess for eit MMO har i dag endt opp med WoW som standard. Det er heilt håplaust slik eg ser det. Med WoW traff Blizzard blink så til dei grader og til riktig tid. Eg trur det vil gå lang tid før vi ser noko liknande igjen.

  11. Den store fordelen spelet vil ha over gode gamle SWG er at dei kan implementere jediar utan å rote med historia. "Alle" kan spele jedi utan at ein treng ergre seg over at dei vandrar åpenlys rundt i gatene, som Imperiet eigentleg skal kontrollere. Heile speluniverset vil vere åpnare for tolkning frå både Bioware og spelarane si side.

     

    Den største ulempa er at denne perioden manglar dei kjente fraksjonane, karakterane, skipa, køyrtetøy og tildels stadane frå den klassiske perioden. Det kan fort ende opp som eit generisk sci-fi-spel med jediar.

     

    KOTOR-spela var gode, men eg syns aldri dei heilt klarte å fange den rette Star Wars-stemninga. Kanskje i dei dramatiske høgdepunkta som involverte jediar, men resten av verda satt aldri heilt som ho burde. Små områder og stadig loading bidrog heller ikkje positivt, men det reknar eg med blir annsleis når spelet no utviklas for PC.

     

    Eg er veldig spent på kva dei kan få til og kva som vil få plass i spelet. Reknar ikkje med det blir like omfattande som SWG i si tid var, men håpar dei lar seg inspirere av noko derifrå.

     

    Det eg no vil vete er:

    - Vil det vere artig og spanande å spele noko anna enn jedi?

    - Kva rasar kan vi spele?

    - Korleis bygger dei verda: store åpne planetar eller mindre og meir komprimerte soner?

    - Får vi romskip og kamp/oppdrag ol. i rommet ved oppstart?

    - Blir det satsa på ein spelardriven økonomi ala SWG?

  12. Sidan Vampire the Masquerade: Bloodlines har eg tenkt at Fallout fint kunne fungert med eit liknande system. Troika viste oss at rollespelsjangeren kan gjøres bra også med eit FPS-perspektiv. Isometrisk 3d og turbasert kamp er på ingen måte eit must.

     

    Har tru på at Fallout 3 blir moro. Det blir nok ikkje det same som originalen, men om puristane skulle fått det som dei ville hadde Fallout 3 aldri blitt utvikla og med den produksjonskvaliteten det no har fått. Det er sjølvsagt ingen garanti for eit genialt spel, men eg vil heller ha eit nytt Fallout-spel som prøvar å utvikle serien, tar i bruk dagens spelteknologi og gjer noko nytt framfor eit spel slavisk lagt opp etter 1 og 2. Dei spela har vi allereie og dei er høgst spelbare den dag i dag.

     

    Glede seg til 31. oktober!

×
×
  • Opprett ny...