Gå til innhold

mynock

Medlemmer
  • Innlegg

    132
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av mynock

  1. Syns ikkje dette er så merkbart no. I starten var det rimelig mange versjonar av Tortage på kvar server, men no til dags er det vel sjeldan at det er så mange forskjellige instances - om noken. Kan ikkje sei det plagar meg.

     

    Har litt meir i mot sonene, men det er ikkje eit stort irritasjonsmoment det heller.

  2. Det er i alle fall ikkje tvil om at du er ein god klovn om du gjer akkurat det.

     

    Forøvrig er det mykje som er mogleg, som Funcom nok kunne finne på å slå ned på. Generell trakassering av enkeltpersoner f.eks. For ikkje å snakke om forskjellige exploits. Ein ting er kva som er hardkoda i spelet, noko anna er Funcoms regler og retningslinjer.

     

    Når det er sagt: Har ingen erfaring med Mor'Di. Speler ikkje på den serveren.

  3. Spore er eit godt forslag.

     

    Ellers vil eg oppfordre deg til å introdusere ho for Civilization. Slo i alle fall til som bare det her i gården.

     

    Ikkje er det voldelig ala FPS og dei typiske rollespela heller, sjølv om det potensielt er nok av kriging. På dei enklare nivåa er motstandarane uansett mindre aggressive. Sivilisasjonsbygging og oppdaging blir fokus i starten og den biten er veldig lett å like.

  4. Som vanlig på slike lister er det relativt nye spel som dominerer. Rett nok er topp tre eldre spel, men klassikarar som Pong og Space Invaders manglar. Sjølv om ATARI sine konsollar meir eller mindre er utdødd i dag, har dei likevel vore svært betydningsfulle, skulle ein tru.

     

    Kva konsoll kom originale GTA til forresten? Hugser det bare som eit PC-spel.

  5. Call of Cthulhu: Dark Cornes of the Earth er vel verdt å nemne. Skummel stemning og "hoppe i stolen"-øyeblikk. Dessutan brukar det ikkje heilt vanlege effektar svært effektivt. Tok det fram igjen nyleg og klarte faktisk å bli sjøsjuk på båten. Kanskje ikkje berre positivt det, men i alle fall smått imponerande.

     

    Ellers må vel originale Alone in the Dark på lista.

  6. Det skal bli veldig spanande å sjå kva dei får til med dette spelet. Universet passar strålande for denne typen spel. Det er mykje godt stoff å bygge på, klare fraksjonar og plenty med rom for nytt innhald.

     

    Star Wars-lisensen trur eg, etter erfaringane med SWG, kan svinge litt begge vegar. Det gir sjølvsagt mykje merksemd og stor interesse rundt spelet. Mange vil "leve" i Star Wars-universet.

     

    Samtidig er det eit velkjent univers, som svært mange meiner svært myke om. Det gir ein del rammer og reglar utviklarane må halde seg til, for å unngå dei store hylekora. Dei vil nok komme uansett, men der er gradar. Vi Star Wars-fans er veldig glad i universet vårt og vil kjempe for det med nebb og klør ;) No er rett nok perioden spelet er lagt til langt "friare" enn den klassiske perioden filmane dreiar seg om, og då spesielt episode 4-6.

     

    Samtidig kan Bioware få ei liknande utfordring som den Funcom fekk med Age of Conan. SW The Old Republic vil truleh tiltrekke seg svært mange fans av KOTOR-spela. Mange av desse vil vere utan erfaring frå tidlegare MMO'ar og forventer at dette nærast skal bli KOTOR 3, berre endå betre. Desse kan fort bli skuffa, som alle datarollespelentuasiastane som flokka seg til AoC i den tru at dette var eit norsk Oblivion eller Neverwinter Nights.

     

    Sjølv er eg litt skeptisk. Eg har trua på Bioware som spelutviklar, men eg er nok ein av dei få som ikkje syns dei har levert til toppkarakter når det dreier seg om Star Wars-universet. KOTOR var eit veldig bra spel, men det gav meg aldri rette Star Wars-kjensla. Til det har dei flytta seg for langt frå den Tale of the Jedi-settinga eg først blei kjent med.

  7. Men det spillet som nok er min favoritt akkurat nå, er Agricola. Det er noen hakk mer komplisert enn Settlers of Catan, men det er innen samme sjanger. Det dreier seg om å få ressurser for å bygge opp en bondegård med åkrer, dyr og bygninger samtidig som man må passe på å ha nok mat til hele familien. Jeg vet det ikke høres så morsomt ut når jeg bare skriver det sånn, men med en gang man begynner å spille blir man helt grepet av den intense kampen om de viktige ressursene.

    Har høyrt godord om dette spelet før, men klarar ikkje å la meg fascinere. Det høyres rett og slett kjipt ut. Men eg innser jo samtidig at sånn har det nok vore for dei fleste som har endt opp med å teste spelet og dei er alle like begeistra. Men igjen: Den spanande knivinga om ressursar for å bygge opp ein gard og fø familien sin...?

  8. Har tenkt litt på denne og det er eigentleg få spelskurkar som umiddelbart dukkar fram som spesielt sjelsettande.

     

    Serevok frå Baldur's Gate er nok ein av dei meir minneverdige. Og så vil eg nemne Montezuma frå Civilization IV. Kanskje ikkje alle ser på han som ein klassisk bad guy, men meir slitsom og rabiat motstandar er der vanskeleg å finne.

     

    Det openbare favoritten kom forøvrig til meg mens eg skreiv no: LeChuck! Frå Monkey Island-spela. Ingen over, ingen ved sida.

  9. Det viser gjerne at vi gamere har eit ganske godt grep om kva som er verkeleg og kva som er spel. For oss er det så innarbeida at det som foregår på skjermen er spel og moro at vi har vanskeleg for å ta det på alvor. Treng riktignok ein kontrolltest for å sjekke at vi ikkje hadde prøvd oss på noko liknande om vi faktisk var i ein brennande bygning. Frivillige? :p

     

    Zombieverneutstyret var forresten flott. Skjoldet er kanskje det beste. Kniven burde hatt eit lengre skaft, men hagla er vel grei å ha så lenge du har ammo.

  10. De gikk aldri ut med tall, men alt over 1 million ville bli regnet som en stor sukess.

     

    Hørte rykter om at et tall under 100 000 ville bli regnet som en fiasko, men dette er vel bare rykter.

     

    I ett intervju før launch sa Gaute at de ville de si seg fornøyd og at spillet var en suksess med 250k, fikk de kun 100K spillere ville de ha dreti seg ut.

     

    Så de har vel igrunn dreti seg ut, men spillet blir bedre og ser ut til å være mange som lurer på å teste igjen så potensialet er der.

    Tja, spelet har vel neppe stabilisert seg på ein meir eller mindre fast brukarmasse enno. Salget ved oppstart var jo skyhøgt, derettet kom frafallet og no spørs det om ikkje det kjem til fleire spelarar igjen. Vi kan uansett bare spekulerer i antall abonnentar.

     

    Vil tru at Funcom gjer opp status etter at spelet har vore på lufta i rundt eitt år. Om det då ikkje er meir enn ca. 100 000 som speler Age of Conan har dei feila. Eg trur derimot spelet vil klare å etablere seg på eit nivå som gjer det lønsamt å halde fram.

×
×
  • Opprett ny...