Gå til innhold

Bonnskij

Medlemmer
  • Innlegg

    433
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Bonnskij

  1. Tihi, meg? :p

    Kun på første året enno, så eg stiller ikkje kjempesterkt.

     

    Men eg kan no prøve. Klarte ikkje å laste ned meir enn halepartiet på biletet. Trur halefinna er heterocercal. Type som du finn i hai, så eg seier ein eller annan skatesort. Ser ut som utgangshøla for gjellene er på toppen av fisken, så det vil vere ein annan indikator. Men det blir eit lite skudd i mørket.

    Tek utdannelsen down under, så om eg får noko tropisk klarer eg meg kanskje litt betre :blush:

     

    Kult bilete forresten.

  2.  

    Nei da, Jesus Kristus er her bare imøtekommende. Uskyldig blod er noe alle vil ha, men ikke helt tør innrømme, da det avslører en svært primitiv side av enn selv.

     

    I alle dager... Du må jo vere spik spenna gærn. Uskuldig blod er ikkje akkurat noko som står på mi ønskeliste. Det står vel heller på lista til religiøse fanatikerar og psykopatar. Uansett kva kategori du fell under så kan du pokker ikkje vere heilt frisk med ein slik uttalelse.

    • Liker 6
  3. Ser fram til å sjå bilda du har teke med s95'en. Har desverre ikkje råd til eit nytt kamera heilt enno, så eg får ikkje teke fleire bilete på ei stund, ettersom kameraet mitt mista livet på 17 meter utanfor Mabul.

     

    Her er vertfall nokre av bileta eg tok med mitt rundstykkeforma Canon utanfor Mabul og Sipadan før kameraet tok kvelden:

     

    IMG_0456.jpg

    IMG_0457.jpg

    IMG_0468.jpg

    IMG_0515.jpg

    IMG_0519.jpg

    IMG_0556.jpg

    IMG_0563.jpg

    IMG_0634.jpg

    IMG_0640.jpg

    IMG_0641.jpg

    IMG_0549.jpg

    • Liker 1
  4. Blei ny tur på Great Barrier Reef for vel halvannan måned sidan no. Eg og fruen hadde store planer om å bli medlemmer av den mindre berømte 30 meters klubben, men manetsesongen var fortsatt i gong, så den flotte manetdrakta + våtdrakt gjorde det heile litt komplisert. I tillegg var det bra kjølig i vatnet (til GBR å vere), og det gjorde ikkje saken noko betre.

     

    Reiste ut tre dagar med CDC, og hadde dei fleste dykka blandt flotte korallgrotter på Moore reef. Noko grumsete vatn i starten og revet hadde teke eindel skade etter den største syklonen i manns minne down under (som eg forøvrig sov glatt igjennom etter eit glas whisky for mykje)

    Utsynet kom seg etter kvart, og inne i grottene var det krystallklart, og der var både longfinned batfish og den største Titan triggerfish eg nokon gong har sett! Samt eit par havskilpadder her og der på revet.

     

    I mellom dykka chilla vi på dekk med kapteinen, og blei på slutten av opphaldet tilbudt å vere med som frivillige ei vekes tid. 3 dykk om dagen, mat og seng mot at vi tok oppvasken og redde senger. Skulle gjerne takka ja, men studier kjem desverre litt i vegen. Det får heller bli til neste år.

     

    Ser fram til å få fri no, men det blir desverre altfor lenge til. Det er ikkje tvel om kva neste studiepausen skal brukast til. Det blir ei gratis veke på verdas største korallrev!

     

    Nokon andre som har gode dykk å rapportere?

  5. Men det er kun de som tror på Jesus som sin frelser, de kristne, som får utbytte av Jesus' offer. Så hvordan kan du si at han har dødd for hele verden?

    Døperen Johannes om Jesus Kristus > Se, Guds lam, som bærer bort verdens synd!

     

    agnus_dei_ghent.jpg

     

    Hey! Ein sau! Kor er den New Zealandske tarmfresen?

     

    Som ein liten digresjon... Veit de kva det "barbariske" nordeuropa hadde før ein viss brutal romersk keiser ved navn Constantine bestemte seg for å kristne Europa med vald?

     

    Likestilling var det ikkje det? Lkestilling mellom mann og kvinne til og med. (sorta kinda)

     

    Forresten... Sauen din er lekk...

  6. Kanskje noko eg kan svare på til ein viss grad her. Det er heilt normalt å gå for den mest negative konklusjonen i slike tilfeller. Riktignok høyrest panikkanfalla dine vel sterkare enn kva er normalt Therawyn, men eg fekk meg ein liten aha opplevelse i fjor når eg tok eit psykologifag (nei, eg er på langt nær nokon psykolog eller psykologistudent) Læreren sa at alle hopper automatisk til ei negativ forklaring dersom ein person ikkje møter opp, svarer på telefon, etc. Eg gjekk og for ei negativ forklaring dersom det tok lang tid før dama eg var glad i svarte på ei melding. "Er eg for pågåande, vil ho ikkje snakke med meg, er ho med ein annan..." (Her snakker vi forresten omtrent så lang avstand du kan få til med mndre du bur på månen) og sjølvsagt var det alltid ei naturleg forklaring på det heile.

    Det var uansett godt å vite at det er eit problem dei fleste har til ein viss grad, og at eg ikkje er paranoid og unormal. Det kan sikkert vere vanskeleg å takle, eg aner ikkje korleis ein skal gå fram med slikt. Men forhaldet eg har med dama no er så godt som overhovud mogleg, og eg tenkjer ikkje lenger i dei baner. Eg stoler hundre prosent på ho. Det handler vel om å klare å tillegge noko ei meir positiv (og sansynleg) forklaring enn kva som faktisk er naturleg å gjere.

  7. Fann ut av det. Den blir altså ein hyperregulator over 1/2 konsentrasjon av sjøvatn. Men nytt spørsmål. Nokon som aner korleis eg kan få tak i meir informasjon vedrørande phylum sipuncula? (Og gjerne kva den har med osmokonforming å gjere) Det er altså ein peanut worm... Eit lite dyr som knapt har blitt via ein kort paragraf i zoologi bibelen min.

  8. God morgon. Eg held på å skrive ein rapport vedrørande osmoregulering og (av mangel på det norske ordet) osmoconforming, i to forskjellige artar. Den eine er ei vinkekrabbe, medan den andre er eit tilfeldig dyr frå phylum Sipuncula, som eg ikkje aner kva er. Uansett, så står eg fast i diskusjonsbiten. Når kroppsveska til vinkekrabba har specific gravity omtrent likt vatnet den lever i, når sjøvatnet er utvatna til ein konsentrasjon mellom 1/4 og 1/8 (specific gravity: 1.001-1.004) Når då konsentrasjonen av sjøvatn blir auka til 1/2 (specific gravity, rundt 1.008) auker specific gravity på kroppsveska til vinkekrabba til rundt 1.035, kor den forblir, sjølv ved ein auke i sjøvatnkonsentrasjonen til 1 og 1/4.

    Vinkekrabba er altså ein osmoregulator, men indikerer resultata at den er ein effektiv hyporegulator eller ein effektiv hyperregulator?

     

    Beklager rotete forklaring, men eg håper det er nokon som kan hjelpe meg å kome fram til svaret.

  9. Høyrest litt morsomt ut med "USA (første til å oppdage månen)

     

    Litt sånn 50-60 år sidan. "Dumdidum.. *ser opp. Oh shit! Whats that yellow thingy in the sky??" "Dunno, no-one else has mentioned it. Guess it's ours"

     

    Jaja, eg skjønnar leifen :tease:

     

    Elles vil eg anta at det blir førstemann til mølla prinsippet som gjelder. Sjølv om det er ein skrue som juridisk sett eiger månen og resten av solsystemet, så vil jo det aldri godtakast reint praktisk. Kanskje kolonisering av månen blr eit samarbeidsprosjekt på tvers av statar.

  10. Vel, for å svare på det siste spørsmålet:

     

    Takket være vitenskapen og mangel på gudstro, så lever eg ikkje i konstant frykt for ein guddommeleg skapning som er i stand til å dømme meg etter døden, for kva eg har gjort, eller kva eg har tenkt.

    Eg lever mitt liv til det fulle, vel vitande om at det er det einaste livet eg har.

    Etter at eg blei fullstendig overbevist om at det ikkje er nokon gud der ute, så har eg ikkje sett på døden som noko å frykte. Det er simpelten terminering av min bevisstheit, og like lite som eg hugsar noko frå dei milliardane av år eg ikkje var født, så vil eg heller ikkje ha nokon minner frå den evigheita eg ikkje eksisterer.

     

    Meininga i mitt liv er mi eiga, ingen guds og ja, eg er svært lukkeleg :)

    • Liker 3
×
×
  • Opprett ny...