Gå til innhold

hihihi

Medlemmer
  • Innlegg

    54
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hihihi

  1. 2-rader (torader), er eit durspel ja, forskjellig tone på inn- og uttrekk på same måte som munnspel. Sjølv spelar eg trekkspel, og vil anbefala deg å gjera det same. Det er òg ein fordel å læra notar med ein gong, då det igrunn ikkje fins nokre spesielle andre alternativ anna enn gehør, som kjem av seg sjølv seinare uansett.

  2. På topp tronar nok "Gudfaren" av Mario Puzo.

     

    Etter det så vert det "Pan" av Knut Hamsun.

    ikke verst at knut hamsun som en av vår tid største forfattere blir feid over ende av mario puzo;P

    Så er det òg heilt forskjellige typer bøker, grunnen til at "Gudfaren" kjem på fyrsteplass på mi liste er handlinga. Men viss ein t.d. skal setja beskriving av natur og typar høgast, kjem då "Pan" høgast. Så ein kan vel seia at dei deler seieren ;)

  3. Ikkje ei tradisjonell bok, men eg fører det opp allikevel

     

    Bok: Terje Vigen

    Forfattar: Henrik Ibsen

    Forteljar: Helge Jordal, med band

    Varigheit: 39 minutt

     

    Handling:

    Det velkjente episke diktet om livet til sjømannen/losen Terje Vigen. Alle har vel i det minste høyrd om dette verket. Sterkt Fortald/sunge av Helge Jordal, med musikk som følgjer handlingskurva, aldeles glimrande å sitja å høyra på!

     

    karakter: 6+

  4. God dag!

     

    Eg har gått eit år elektro vg1, der etter eit år maritime fag vg2, og reiser no til sjøs som matroslærling. Det er absolutt til å anbefala, og så lenge du har brukbare karakterar, og endå viktigare lite fråver og god orden er det ikkje problem å få arbeid. Eg ser det er litt fokus på dette med turnusen, det er ikkje for meg noko problem, eg går 6/6 i sommarhalvåret og 8/8 i vinterhalvåret, men tida fyk når ein er til sjøs. Men skulle no turnus vera problem kan ein berre byrja på ferja med 2/2 ordning, verre er det ikkje.

     

    Tydeleg at du har bestemt deg for å verta styrmann, men hugs på vegen til styrmannsjobben er lang. Fyrst er det vidaregåande i to år, der etter to år i lære, så to år på teknisk fagskule og til slutt kadettida.

     

    Eg vil seia du gjer eit godt valg viss du velgjer ein karriere til sjøs, etterspurnaden er stor og valga er mange.

  5. Artig diskusjon dette, kjekt å sjå at båe sider kjem med gode og konstruktive argument. Denne diskusjonen her ser ut til å vera ein evig kamp der ingen nokonsinne kan verta best. Eg kan faktisk vera einig med det enkelte seier, sidemål burde vera valfritt, det hadde nok dempa diskusjonane rundt målsaka kraftig. Det "ordtaket" til Norsk Målungdom; Legg om til nynorsk - elles er du ein NOLDUS!", er etter mi meining eit heilt idiotisk utsegn, og det gjer meir vondt enn det gjer godt.

     

    Ein ting som provoserar meg er når ein skriv korrekt nynorsk på eit forum, og får beskjed tilbake om å ikkje skrive dialekt, då er det nokon som burde setje seg litt inn i det norske språk. Ein annan ting er dei idiotiske utsegna til enkelte nynorsk-fanatikarar, som seier bokmål er dansk, bokmål vart fornorska frå dansk for så lenge sida, at det no er heilnorsk. Viss begge partar i diskusjonen kunne dempa seg litt, trur eg ting hadde gått mykje betre.

  6. Vil anbefala deg å ha 1-2 meter med kjetting frå ilen(moringa?), for deretter ta tau resten opp til blåsa. Det er ein fordel å spleisa tauenden som går i koplinga mellom kjetting og tau. Viss staden båten din ligg er vindutsatt vil eg anbefala deg å laga ein tyngre ile, sjølvsagt avhengig av sjøbotn o.l.

    Hvorfor skal du ha kjetting i bunnen da? Dette er mye mindre holdbart, og jeg kan garantere at kjettingen vil ryke før tauet...

    Når det er stor forskjel på flo og fjøre er det bra med ei kjettingslingse på botn som regulerar betre og held blåsa meir stabil. Ser ikkje heilt problemet med at det berre varar eit par år, kjetting er fullt mogleg å byta ut etter dei to åra.

  7. Vil anbefala deg å ha 1-2 meter med kjetting frå ilen(moringa?), for deretter ta tau resten opp til blåsa. Det er ein fordel å spleisa tauenden som går i koplinga mellom kjetting og tau. Viss staden båten din ligg er vindutsatt vil eg anbefala deg å laga ein tyngre ile, sjølvsagt avhengig av sjøbotn o.l.

  8. Hei godtfolk! :)

     

    Tar opp denne igjen. Jeg skal ha nynorskprøve i morgen, og sliter met et viktig aspekt når det gjelder sidemålet og håper noen som skriver på vårt vakre, opphavelige nynorsk kan hjelpe - eller andre. Det gjelder bøyninga av "gjere".

     

    Heter det "eg vil gjere det slik", eller går for eksempel an å skrive "å køyre slalåm gjer eit kick"? Når skal jeg bruke gjer, gjere, gi eller gje?

    gjøre - gjør - gjorde - har gjort = å gjera - gjer - gjorde - har gjort

    gi - gir - gav - har gitt = å gjeva - gjev - gav - har gjeve

     

    men det er min måte å skriva det på, om det er korrekt eller ikkje er eg sanneleg ikkje sikker på.

  9. Når en person snakker, høres nynorsk bedre ut. Men nynorsk er et tungvindt språk å skrive på og derfor konkluderer jeg alltid at det er et drittspråk. Men når det gjelder folk som snakker på nynorsk går det vel egentlig over på at det er en dialekt i og med at det er få som snakker sånn....?

    Nynorsk som talemål er det svært få, om nokon, som har. Det finnes derimot mange dialektar som har grunnlag i nynorsk. Same gjeld for bokmål, men eg trur det er fleire som talar etter ordboka der.

    Nynorsk er eit skriftspråk, så det er det ingen som snakkar. Næraste ein kjem nokon som snakkar nynorsk er vel i nyhendene. Poenget med nynorsk var å få eit skriftspråk som stod meir i stil til dialektane på vestlandet enn kva "det danske skriftsprog" gjorde. Å seia at det er mange dialektar som har grunnlag i nynorsken vert feil, då det er nynorsken som er basert på dei ulike dialektene. Bokmålen er meir basert på kva som var korrekt i tidlegare tider, det vil seia slik danskane skreiv. Så lyt det namnast at knud knudsen var bokmålens svar på ivar aasen, han fornorska bokmålet betydeleg.

  10. Etter kva eg har høyrd vert det frå august i år påbode med båtførarprøven for alle.

     

    Når det kjem til dette med kystskipparsertifikatet meinar du sikkert fritidsbåtskipparsertifikatet(D5L). Då er begrensningane 50 brt. , det er inga begrensning på verken motorstorleik eller lengde.

     

    Viss man har D5L, eller høyere, trenger man båtførerbeviset da også, eller?

    Nei, når du har D5L treng du ikkje båtførarbeviset

     

    Det var godt å høre, men jeg vet at noen av mine kolleger har støtt på problemer når de skal leie båt. Utleieren forlanger et eller annet bevis på at man har peiling på det i å ferdes i båt. Da hjelper det lite å komme med et D1-sertifikat, som betyr at man kan være skipper på alt fra Askeladden til supertanker. En annen sak er jo dette med forsikring, jeg vil anta at man får redusert premie når man kan slenger et eller annet bevis eller sertifikat på bordet. På en annen side bør jeg vel greie båtførerbeviset på stående fot, ellers bør jeg vurdere min stilling :!:

    jo, sant som du seier, men viss du har mob-båtkursbevis får du i alle fall leiga :p Er nok strengt tatt ikkje noko stort problem å ta båtførarprøven, men det er det at ein lyt gjera det som vert problemet :p

  11. Etter kva eg har høyrd vert det frå august i år påbode med båtførarprøven for alle.

     

    Når det kjem til dette med kystskipparsertifikatet meinar du sikkert fritidsbåtskipparsertifikatet(D5L). Då er begrensningane 50 brt. , det er inga begrensning på verken motorstorleik eller lengde.

     

    Viss man har D5L, eller høyere, trenger man båtførerbeviset da også, eller?

    Nei, når du har D5L treng du ikkje båtførarbeviset

  12. Ein ting er sikkert, du tener bra på å vera skipselektrikar. Det er òg stort behov for skipselektrikarar på markedet, så jobb er heller ikkje så stort problem å få, så lenge du passar fråvèret og har brukande karakterar i programfaga + gym og engelsk. Som skipselektrikar kan du òg vera installatør på land, men meiner det er ein viss periode av friperioden du ikkje har lov å jobba, meinar det er 1 veke eller noko slikt. Men du lyt vera instillt på å arbeida mykje, vanleg arbeidstid for dagmann er 12 timar.

×
×
  • Opprett ny...