Gå til innhold

hihihi

Medlemmer
  • Innlegg

    54
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hihihi

  1. Jeg liker personlig FTP bedre fordi det er flere bord i min klasse, men har ikke inntrykket av at det er så mange nordmenn her.

    Men det gir jeg egentlig litt faen i :p

    Er det stor forskjell på programvaren? Nokon som har prøvd båe typar og gjort seg opp ein meining om det? Jo, du seier vel noko der, har vel fint lite å seia kvar folk er ifrå når ein spelar poker :!:

  2. Godag godtfolk, har etter mange år drege fram att den flottaste konsollen nokonsinne laga, super nintendoen. Men etter mange år og fleire hus er det diverre mange spel som har forsvunne. Er det nokre heltar her inne som har spel liggande som dei vil verta kvitt, gjerne mot ein grei sum? Stort sett er alt av interrese.

     

    Merk! eg er ikkje på utkikk etter samleobjekt, det lyt nok nokre andre ta seg av :p Eg er interresert i spel som skal brukast, og som då òg fortsatt fungerar sjølvsagt.

  3. At snus er godt er det ikkje tvil i, men om det i bunn og grunn er verdt det med tanke på prisane er vel ein heilt annan sak. Det beste vil vel utan tvil vera å halda seg vekke frå det. Det er absolutt ikkje noko lett sak å slutta med det i alle fall, det manglar alltid noko etter måltida.

  4. Reknar med at du går på elektrofag på vidaregåande sidan du kjem med dette spørsmålet. Har du ikkje lærebøker? Fins vel strengt tatt grenser for kor mykje ein skal spørja seg til på eit forum. Om du får nokre fine svar her, så har du allikevel like dårleg peiling etterpå. Spørsmålet vert òg litt vèl generelt til at ein kan svara på det utan ei større utgreiing.

  5. flott tråd! Har ikkje spelt så lenge, men var ikkje vanskeleg å verta bitt av basillen. Foreløpig har eg berre eit spel, eit Hering 1923(vintage harp) i C-dur, eit spel eg kan anbefala. Har òg eit tips for dei som skal byrja å spela, prøv dykk på "oh susanna", lettspelt song du fort kan få dreisen på.

  6. Bedre inntrykk kan det nok gi, man er så forskjellige, men det jeg prøver å si er at det ikke bør få noen som helst innvirkning på karakteren.

     

    Eigentleg er det ikkje bra å skrive skole. Du bør skrive skule. Om eg f.eks skriver det på ein test, blir det feil på det, siden det er bokmål.

    Har du lest gjennom alt? "skole" er tillatt å skriva, det er ingenting gramatisk feil med det. Men skal ein skriva ein nynorsk-tekst er det betre å halda seg konservativ, for heilheita si skuld, då passar det betre med "skule"

  7. Det var litt for mange feil til at det er mogleg å ramsa opp alle. Men eg kan jo nemna at det var litt for mange spørsmål i teksten i forhold til kor godt du begrunna dine eigne meiningar. Eg har vanskeleg for å tru du har jobba så alt for mykje med denne teksten, dei fleste er vel til dømes klar over at namnet på nynorskens far var Ivar Aasen. ;)

  8. Viss du er litt stødig på handa er det artigaste å teikna ei tatovering sjølv. Eg har eit anker på armen som vart tatovert i rotterdam. Sjølvsagt fins det jo då begrensingar med kor kreativ ein er med eit anker, men det gjeld dei fleste ting. Finn noko du likar, og teikn det, eventuelt gjer endringar på noko du finn på nettet.

  9. Eg jobbar no som lærlig i odfjell(kjemikalie-tankarar), og syns det er toppers. Men eg tok då elektro -> maritime fag -> læretid. Eg er rimeleg sikker på at det er høgskule med nautikk-line i bergen òg, men det skal eg ikkje seia for sikkert. Men eg vil i alle fall anbefala deg å ta utdanninga di i Noreg, då sjølvsagt om planane er å arbeida for norsk rederi etter endt skulegang. Noreg er vel eit av landa med høgast kompetanse i når det gjeld sjøfart, og når du skal søka jobb er det mykje enklare når du går på norsk skule. Så er det òg det at viss du kun skal offshore å er det berre 4 vekers seglingsperiodar, men skal du lengre ut i verda vert det fort lengre periodar. No har du vel kanskje allereie gjort ditt val, då skulane snart byrjar. Lykke til!

×
×
  • Opprett ny...