Gå til innhold

Norsk skrekkspill er i mål på Kickstarter


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Gratulerar! Eg er ikkje so veldig interessert i skrekkspel sjølv, men har fått med meg at der er mangel på dei som er verkeleg gode, og som bygg spenning på ein annan måte enn å hoppe opp i fjeset ditt og rope "bø". Dette ser lovande nok ut til at eg vil ta ein titt. :)

 

Det er ikkje so lett å få merksemd for Kickstarter-kampanjer i det heile teke i dag, med mindre det er eit stort prosjekt frå ein velkjent utviklar. Som nokon kanskje har fått med seg, har eg sjølv engasjert meg litt i kampanja for Hero-U, frå skaparane av Quest for Glory-serien. Når dei køyrte den første kampanja si, for 3 år sidan, var det fortsatt mogleg å få merksemd, på grunn av bakgrunnen deira som utviklarar på Sierra Entertainment. Men det hadde vel allereie då byrja å bli vanskelegare. Eit år seinare prøvde Police Quest-skaparen Jim Walls å samle pengar til ein andeleg arvtakar til sin serie, og fekk berre $85 000 av dei $500 000 han trengte.

 

Hero-U ser ut til å nå målet sitt, men det er utan å ha fått noko særleg mediedekning. Det er fortsatt mogleg å nå fram, men ein bør helst ha gjort eit ganske omfattande utviklingsarbeid i forkant. For ein ny utviklar er det endå vanskelegare. Det ser ut til at Antagonist hadde gjort eit godt forarbeid, og hadde eit interessant og populært konsept. I tillegg hadde dei komt so langt i utviklinga at dei kunne tilby ein demo. Likevel klarte dei berre sovidt å krype forbi målet. Det seier litt om kor krevande det er å lukkast på Kickstarter i dag.

 

For dei som måtte vere interesserte i Hero-U, har eg skrive eit ganske omfattande innlegg om det her på forumet.

 

Kay

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...