Gå til innhold

Ekstremt ustabilt nett (D-link DIR-655)


Anbefalte innlegg

Kjøpte meg ein D-link DIR-655 ruter for ca. 1,5 år sidan. Litt småproblemer har det vore sidan, men ikkje noko alvorleg eller gjentakande. Heilt til nyleg. For ca. 1 månad sidan starta problemet; nettet byrja å dette ut på min stasjonære PC mens eg surfa på vanleg vis. Sidan den gong har problemet vedvart; kvar gong eg brukar PC-en - anten til streaming av video eller vanleg surfing - dett nettet ut. Etter at nettet dett ut, kan eg kople frå nettverket, og så kople til igjen, og då kjem det som oftast tilbake igjen. Men av og til vil det ikkje kople til igjen, og då må eg ofte restarte ruteren. Slik ser det ut: bilde 1, bilde 2.

 

Eg har søkt litt rundt på nettet, og fleire DIR-655-brukarar har liknande problem. Ein komplett.no-anmeldelse skildra akkurat det same problemet som meg, og meinte at løysinga var å skru av "DNS-relay" i konfigurasjonssida til ruteren. Det har eg gjort, men det gav ingen endring. Forumpostane eg har funne tyder på at problemet er "for mange tilkoplingar" eller noko lignande (eg har ikkje mykje peiling på nettverk). Eg surfar ofte med mange faner oppe, musikk frå spotify i bakgrunnen og µ-torrent køyrande (som oftast utan aktivitet, av og til litt opplasting, men sjeldan maks opp-hastighet). Det merkelege er at slik aktivitet har eg hatt heile perioden med DIR-655, men først den siste månaden har dette irriterande problemet oppstått.

 

Problemet ser ikkje ut til å inntreffe på min bærbare PC, på mobil/nettbrett eller på min Xbox 360 når eg speler online, og det kan jo tyde på at "overbelastning" er orsaka (på desse einingane driv eg jo ikkje med like mykje på éin gong, som med min stasjonære).

 

Ettersom DIR-655 har vore ein svært populær ruter, som mange nordmenn sikkert benyttar seg av framleis, tenkte eg at nokon her på forumet kanskje har litt peiling, og veit om nokre innstillingar/endringar eg kan gjere for å få orden på problemet? Dersom eg ikkje får ordne det, er problemet orsak nok for å returnere produktet (kjøpt frå DustinHome)? I så fall, vil eg få ein ny DIR-655, eller pengar tilbake, så eg kan kjøpe meg ein fungerande ruter?

 

Edit: Frå konfigurasjonssida til ruteren: Hardware Version: B1 Firmware Version: 2.00

Endret av PUCH
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

dir-655 er en dritt router ,bruk garantien til å få deg en ny router,asus buffalo og netgear er bra routere..

 

655 er faktisk en meget god ruter. At enkelte brukere ikke klarer å konfigurere produktet riktig er ikke en mangel med produktet, men mangel på kunskap hos brukeren.

Endret av rillto
Lenke til kommentar

Den kan være bra viss du har riktig type client kort og ikke er for mange clienter,det er ikke uten grunn at det ikke finnes 3party software til denne sjøl om kildekodene for denne er lagt ut ,og har du en rå fiberlinje så tviler jeg på at du vil få full utnyttelse av denne via wifi tror det vil begrense seg til ca 40mbit/s..

 

http://forums.dlink.com/index.php?board=175.0

http://forums.dlink.com/index.php?PHPSESSID=242f758e08cfd2990b32035dfea8b9e5&board=129.0

Lenke til kommentar

655 er faktisk en meget god ruter. At enkelte brukere ikke klarer å konfigurere produktet riktig er ikke en mangel med produktet, men mangel på kunskap hos brukeren.

 

Enig her, jeg kjøpte min i 2008 og den har fungert glimrende fra dag 1.

En liten disclaimer; Den tar seg ikke av NAT/DHCP osv. selv, men mer som en "trådløs switch"

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...