Gå til innhold

Korleis få decoder, heimekinoanlegg og tv til å fungere i surround?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei!

 

Far min har nettopp seg ein ny tv med dette:

2xHDMI

2xSCART

Lyd ut (raud, kvit og digital lyd, kva no enn det måtte vere...)

Kompositt (eller var det komponent?)

 

Det er ein Sony flatskjerm.

 

 

Vi har og ein Grundig Rikstv-dekodar. Denne dekodaren har lyd ut (raud og kvit), scart og hdmi.

 

Når pappa kjøpte seg tv, kjøpte han og ein Thomson DPL914VD, eit mini-heimekino-anlegg med fire høgtalarar og ein subwoofer og ein center-speaker. Med andre ord fem høgtalarar og ein sub.

 

Ut frå denne forsterkaren går det:

Scart (kanskje det er til dvd-spelaren?)

Innganger til høgalarane

Fire lydinngangar (to kvite og to raude)

 

Korleis skal vi kople alt dette saman slik at det fungerar? Gi gjerne informasjonen inn med teskje, sidan eg ikkje er fullt så sjølvhjulpen innan HIFI som eg er innan IT... :blush:

 

Håpar på raske svar,

 

Arne

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Er det nokon som kan vere så snille og svare her?

 

Far min er mildt sagt fortvila for at det ikkje funkar som det skal!

Skrevet

Hva er det som ikke fungerer ?

Koble scarten fra forsterkern og inn i TV ,for og få lyd kobler du rød+hvit fra evt paraboltuner og inn rød+hvit inn i forsterkern.

 

-Hvilket annlegg er dette snakk om ?

Skrevet

Som sagt, så har var det eit Thomson DPL914VD.

 

Er det det ok om eg koplar raud/kvit frå tven til forsterkaren?

 

Uansett, må eg ha digitalt signal frå tuneren for å få surround? Vi får nemlig HDMI-kabelen vår i dag, har bestilt han på internett.

 

Høgtalarane virkte forsåvidt, men det var to eller tre høgtalarar det ikkje var lyd i. Eller, det var berre lav hvisking.

Skrevet
Som sagt, så har var det eit Thomson DPL914VD.

 

Er det det ok om eg koplar raud/kvit frå tven til forsterkaren?

 

Uansett, må eg ha digitalt signal frå tuneren for å få surround? Vi får nemlig HDMI-kabelen vår i dag, har bestilt han på internett.

 

Høgtalarane virkte forsåvidt, men det var to eller tre høgtalarar det ikkje var lyd i. Eller, det var berre lav hvisking.

 

-Det er ok om du tar rød /hvit fra tv eller tuner inn til forsterker.

-Med mindre du kan kjøre simulering av bakkanaler eller har mulighet for digital lyd vil du ikke få lyd i surround høyttalerne (hvis jeg forstår deg rett er det nok bare lyd i høyre og venstre front?.)

Skrevet
Kva er då poenget med surround, viss ein ikkje får surround-lyd? :)

 

Trur du må forklare litt for meg her.

 

Det annlegget din far har kjøpt er mest sannsynlig beregnet for bruk av kilder med fks DD (dolby digital) hvor sporet ligger kodet i eksempelvis 5.1 ,om du tar et stereo signal å vil ha surround blir det dermed bare virtuell simulering og ikke "ekte".

Skrevet

Okey, no syns du sikkert eg spør dumt her, men er ikkje lyden frå dekodaren i DD? Dermed burde vel lyden bli simulert ut i dei andre høgtalarane?

 

Det er jo ein dvd-spelar integrert i forsterkaren, vil det seie at eg vil få lyd i alle høgtalarane dersom eg speler av ein DVD?

 

Eg vil gjerne ha lyd i alle høgtalarane, uansett om det er simulert lyd eller ekte surround. Dei fleste tv-sendingar blir vel ikkje send som surround, det forstår eg. Men han ville i alle fall få lyd i alle høgtalarane, det var det som var poenget når han kjøpte dette. :)

Skrevet

Hvis du spiller av fra materiale med 5.1 surround som fks en dvd spiller vil du få "ekte" surround.

 

-For og få DD fks fra tv tunern din må du enten kjøre via optisk eller coax kabel inn i forsterkern din. Om du ikke har inngang på forsterker, eller mulighet for det på tunern din må du skaffe forsterker som legger til di øvrige kanalene som danner et virtuellt lydbilde.

 

-Problemet er at mange av disse "allt i ett anleggene" skjeldent har mulighet for andre tilkoblinger en foreksempel analog audio ( rød og hvit )

Skrevet

Ja, det er faktisk berre raud og kvit det er mobleg å bruke. Men det er to raude og to kvite ved sidan av kvarandre.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...